Kan Sand gjere Surnadal stolt?

11 hours ago 6


Aune og Vebjørn Sand har dei siste 20–30 åra budd og selt kunst i New York, ein by med rundt 8,5 millionar innbyggarar.

No flyttar dei Galleri Sand frå New York til Todalen på Nordmøre, ei bygd med rundt 300 innbyggjarar.

– Bygdene i Noreg er framtida. Me er forut vår tid, seier Aune Sand.

Han ville feire 60-årsdag med tvillingbroren og deira største utstilling på Todalen skule, kjøpt for deira siste krone etter gigaprosjektet Roseslottet ved Holmenkollen.

– Eg blir glad om det kjem meir enn to personar på galleriopninga, seier Aune Sand.

Men han hadde gløymt å fortelje broren om skulekjøpet.

  • en person som står foran en bygning med armene oppe (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    – Velkommen til nye Galleri Sand! (om alt går etter planen.)

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • En person står i et rom med en tavle og et kart på veggen. Personen bærer en fargerik sjal og en genser. Rundt vedkommende er det skoleutstyr og en benk. Rommet har en uformell atmosfære med tre- og kremfargede vegger. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Galleriet skil seg ganske mykje frå Roseslottet i Oslo, men Aune Sand meiner dei har fått mykje bygg (1260 kvm) for ei krone.

    Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK
  • To personer står i et rom med en stor kartvegg i bakgrunnen. Den ene personen holder et glass, mens den andre står med en flaske vin på bordet foran seg. Rommet har klassiske skolemøbler og beige gulv. Omgivelsene gir en følelse av et utdanningsmiljø. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Første skål: Fjerde generasjon urmakar Arve Evensen (t.h.) har vore med på å spleise på bygget, altså spytta inn 50 øre.

    Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK
  • En person peker mot gardiner med fargerike flymotiver i et rom med vinduer som slipper inn naturlig lys. Personen er kledd i en strikkegenser og har en fargerik sjal. I bakgrunnen er det synlige vinduer og lysere vegger, som gir en lys og åpen atmosfære. Det er snø utenfor vinduene, noe som indikerer vinterforhold.

    Skal dei klovnete gardinene få henge?

    Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK
  • En person står på en scene i et rom med skjermer og rekvisitter. Personen holder deler av en dekorasjon og ser ut til å forberede seg til en forestilling. I bakgrunnen er det en reol med fargerike materialer og annet utstyr. Gulvet er dekket av plater og stoler som er stablet oppå hverandre. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Har dei bruk for scena?

    Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK
  • Dårleg start: Store utfordringar då den første sjampanjeflaska skulle poppast, trass mange år med erfaring.

Urkrafta i bygdene

– I bygda her er det alltid mat, her renn elva med villaks i, og her ventar hjort og elg på å rulle frå liene ned i steikepanna.

Aune Sand snakkar som ein nyfrelst.

– Lufta her er rein, vatnet her er ... ja, nesten betre enn sjampanje!

Han snakkar som om han skulle ha vore innelåst med Trygve Slagsvold Vedum eitt år på Farmen kjendis.

Kunstnarfamilien Sand opnar eit kunstsenter i Todalen.
Aune Sand klemmer tre.

Aune Sand vaks opp landleg i Bærum og Hvaler. Etter fleire tiår på Manhattan verkar han nyforelska i norsk natur.

Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Men fakta er at han har turnert Bygde-Noreg i fleire år etter at han flytta heim frå Manhattan.

– Eg har no reist 200 stader i Noreg med pop-up-utstillingar. Og sett at det er for mykje fokus på dei store byane i dette landet. No vil eg vise urkrafta som bur i bygda, seier Aune.

– Kva tenker verdskunstnaren Vebjørn Sand om å halde sitt livs største utstilling på ein stad det knapt bur folk?

Eg er spent. Men eg trur Vebjørn vil elske denne gløymde dalen.

Broren er venta til den nedlagde skulen dagen før opninga.

Ingen av brørne hadde høyrt om Todalen og kommunen Surnadal før inntil nyleg.

Kappa hovud

Mange andre i Noreg har i det siste høyrt om Surnadal, som har hatt eit særs røft år.

Den avdøde diktaren Hans Hyldbakk blei hausten 2025 skulda for grove overgrep (tilbake i tid).

Det heile toppa seg da ein ung mann kappa hovudet av Hyldbakk-monumentet ved kommunehuset.

Bildet viser en statue av Hans Hyldbakk plassert på en granittbase med inskripsjon i snødekket gate. I bakgrunnen er det moderne bygninger med vinduer. Det er klart vær, og snøen dekker bakken. Statuer står som en del av byens offentlig rom og kan representere kultur eller historie. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Sokkelen til bysten av Hans Hyldbakk foran kommunehuset Skei i Surnadal. Bysten som pleide stå der er borte.

Statuen var allereie vedtatt fjerna av kommunestyret, da ein ung kar på nattetid tok vinkelsliparen i eigne hender.

Foto: Eirik Haukenes / NRK og Mari Vattøy / Driva

I bygda stod enda ein statue av Hyldbakk, kommunehuset og kulturhuset var smykka med måleri av han, medan festival og hotell var kalla opp etter hans mest kjente dikt, Vårsøg.

Identiteten og stoltheita til bygda var pulverisert.

Så, samstundes og heilt tilfeldig, kjøpte Aune Sand nedlagde Todalen skule.

Var det mannen bak den erotiske romanen Jordbærmus, han som var kjent for å sprette sjampanje på TV, som skulle gje sindige Surnadal ny stoltheit?

  • en rød bygning med gjerde rundt (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Skulen har store og vakre vindauge frå 1921.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • en rød bygning med svart tak og Anfield i bakgrunnen (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Heile skulen skal pussast opp innvendig, og så bli fylt med måleri.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • en mann som står utenfor en bygning (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Aune Sand & co. må stresse på for å fylle alle rom og tilbygg på den 1260 kvm store skulen.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • Todalen-skule-annonse

    Skulen låg ute for sal for berre 1,- krone.

    Faksimile: Surndadal kommune
  • en eng med trær og fjell i bakgrunnen (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Skulen er omgitt av jorde på alle kantar, og har ei tomt på over seks mål.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • En vei med snødekte fjell (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Det er også relativt landleg i Todalen sentrum.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK

Danse med svaner

Aune snakkar mykje om det ekte og reine ved bygda. Om samhald og nøysam bondekultur. Ein viss kontrast til hans vidgjetne merksemd på sjampanje.

Han snakkar om maten frå jorda, buskar og tre, frå elg, hjort og fisk.

Til opninga har han fått tak i ekte elggryte – heilt frå Steinkjer.

Aune Sand er i gang med nok ein passasje om elgane i liene, når han brått forsvinn ut på jordet ved skulen.

Han har oppdaga svaner.

Dei store fuglane kikkar vaktsamt på den bandanakledde mannen som nærmar seg. Aune strekk armane mot himmelen. Den største svana baksar eller dansar på liknande måte.

Tilbake igjen spør Aune Sand:

– Går det an å ete dei, eller er svaner freda?

  • en person som går på en åker (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    På svanetur.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • en person som står på en åker (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Aune møter svaner: Majestetiske og monogame, men litt kunstnarsky.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • To menn lukter på ei gryte bak i ein bil. Han eine er kjendis.

    Eit par frå Steinkjer har køyrt med 50 liter elggryte i baksetet. Dei har køyrt sakte, i nær fem timar, for å ikkje skvulpe ut gryta. Dei unngjekk å krasje med elg.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • En person på en tilhenger (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Det er mykje som må bort når ein skule skal blir verdsgalleri.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • Aune på butikken.

    Sondre på nærbutikken (navet i bygda) seier han har forventningar til at det no skal bli liv på skulen igjen, og auka trafikk med turistar. Aune må også snakke om hjort og elg med kjøpmannen.

    Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK
  • Kunstnarfamilien Sand opnar eit kunstsenter i Todalen.

    I kaffikroken på nærbutikken blir det også prat om... hjort og elg som kan i steikepanna.

    Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK
  • Kunstnarfamilien Sand opnar eit kunstsenter i Todalen.

    59-åringen tar seg også tid til å klatre litt, før det ber tilbake til skulen.

    Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK
  • En person med en gul genser og hodeplagg henger opp et maleri av et hus i et rom med blå vegger. Maleriet viser en landskapsvisning med en bygning og trær. I bakgrunnen er det stoler stablet opp langs veggen. Lyset i rommet er klart, og det er åpen dør til et annet rom. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    For klokka tikkar mot utstillingsopning, og bileta må på plass.

    Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Las det i avisa

Det er 18 timar til galleriet skal opne. Overalt på den 105 år gamle skulen hastar handverkarar. Vebjørn Sand har komme til Todalen for første gong.

– Første reaksjonen her var at denne vakre dalen var veldig målande, med møte mellom fjord og fjell og gardane, seier han.

 Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX Todalen i Surnadal, M&R. Kårvatn turisthytte.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX

Ei viss sjarme kan Todalen framby.

Foto: Bjørn Sigursøn / Scanpix

Medan Aune heile tida har snakka om me og «vårt prosjekt», har Vebjørn ein litt anna versjon.

– Altså, eg las i avisa at bror min hadde kjøpt ein skule på ein stad eg ikkje hadde høyrt om, ler han.

– Men slik er Aune. Eg har aldri klart å halde styr på han, og han er ikkje alltid like god på å dele relevant informasjon med oss andre. Men det har eg blitt vant til etter 60 år saman.

Vebjørn Sand ristar blidt på hovudet.

en person med skjegg og en person med gult bandana på hodet (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
en mann som holder en flaske (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Kunstnaren har kome til Todalen, og Aune har fylt kjøleskapet med anna enn mjølk og frukt – nemleg det viktigaste på ei utstillingsopning, ifølge han.

Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK

– Korleis blir det å halde ditt livs største utstilling på ein stad med færre folk enn det blir bilete på veggane?

– Du veit at i dei mest fjerntliggande norske dalar finn ein dei største skattane i Noreg, stavkyrkjene. Så eg håpar også dette blir ein stad ein må reise til. For å møte natur og kunst, seier Vebjørn Sand.

Da Klanen kom til Surnadal

Surnadal har nokre andre kulturelle høgdepunkt enn den no avskilta Vårsøg-diktaren Hyldbakk.

Bestefar-favoritten «Vangsgutane» kjem frå nettopp Todalen.

Her var det også ein Stage Dolls-konsert på slutten av 80-talet, som drog mange hundre tilskodarar.

Frå kommunen kjem musikaren Henning Sommerro, og i 1991 møtte fotballaget til Surnadal sjølvaste Vålerenga – etter overraskande å ha rykka opp til 1. divisjon.

Mange var bekymra for supporterane i Klanen (da kalt «Apeberget»), som alltid har ropt ut mot bønder.

Men i staden for bråk, blei det bygdefest og forbrødring.

 På fest med "Apeberget". Skremte VIFs "aper".

Over 1800 tilskodarar møtte opp på Syltøran stadion, der Vålerenga med Henning Berg i forsvaret vann 3 – 2.

Faksimile: Tidens Krav 22.7.1991 / NRK

Frå krønika til Klanen:
«Heldigvis var bønda der oppe såpass oppegående at de hadde leid folkets hus. Banner med «Velkommen, brødre» og bønder som tok oss i mot som om de hadde vært kompiser hele livet.

Det blei tidenes bygdefest, og på gøy på landet er det slettes ingen ting som heter stengetid og skjenkekontroll.

Siden har Surnadal vært eneste norske fotballklubben – med unntak av Vålerenga – med skjerfet sitt hengende på supporterpuben Bohemen.»

No i 2026 skulle byfolk igjen lage folkefest i bygda.

Ville du kjøpt ein gamal skule for ei krone?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Null kamera

Det byrjar å mørkne rundt den store, raude skulen. I gymsalen har lecablokker og furu blitt glatte, mørkeblå veggar, og ribbeveggane er bytte ut med Vebjørn Sand-måleri. Det ser ut som eit ekte galleri.

– Dette er faktisk det finaste galleriet eg nokon gong har vore i, seier Vebjørn Sand.

Han sit i lotus på golvet og svarar på e-postar på mobilen. Snikkar Frikk Talgø (26) er litt oppgitt.

– No må me henge i, Vebjørn! Det er hundre bilete att som skal hengast opp.

  • en person som sitter ved et skrivebord i et rom med innrammede bilder på veggen (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Det nærmar seg, og Vebjørn Sand må svare ut e-postar.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • En gruppe mennesker i et museum (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Men også henge opp nokre hundre bilete.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • En person som står i et rom med kunst på veggen (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Frikk Talgø må bore og feste, bore og feste, bore og feste.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • en person som sitter i en stol med hånden på hodet (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Medan kunstnaren også må kurere, peike og sikte.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK

Kunstnaren sprett opp og kjem snart joggande med nye bilete.

– Du veit, mesteparten av kunstnarjobben er bering, oppheng og sveitting.

Europa-kart og mjølkereklame er bytta med bilete til mange, mange millionar, men ingen overvakingskamera er å sjå.

– Her er det Vårherre som passar på. Det har aldri vore eit problem, seier Aune Sand.

– Me tenker at folk har respekt for kunst. Stavkyrkjene og Vigelandsparken får stå i fred.

– Sinnataggen har vel blitt saga ned eit par gonger?

– Ja, men han kom tilbake.

Aune Sand fortel at ein tjuv i 2009 tok eit Antarktis-måleri med motiv av isbjørnar. Brørne lova sjampanje, østers og kaviar om tjuven leverte biletet tilbake.

– Det gjorde han, og slafsa i seg. Det gav jo berre måleriet ei ekstra historie. Me donerte det til barneavdelinga på Rikshospitalet.

Dessutan er Todalen ein vid og open dal, med innbyggjarar med god oversikt.

en vei med et skilt på og fjell i bakgrunnen (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Det er dagen for opning og bursdag.

Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK

Festdag

Det er festdag i Surnadal. Sanitetskvinner frå grenda strøymer til med kaker. Ei fortel at ho ein gong var i bryllaup i Oslo, der det berre var ei einaste kake. Slik blir det ikkje her.

I dag er 50-åra over for tvillingane Sand.

– Det er brutalt å bli 60 år. Det er så mykje ein vil oppleve, seier Aune.

– Me blir femti-ti år, det høyrest betre ut, seier Vebjørn, og legg til:

– Me går inn i ei ny og spennande verd. Eg er takksam for å få leve vidare.

Det er berre ein time til opning da Vebjørn Sand oppdagar at målarpaletten og penselen hans er borte. Dei er visst livsviktige i innspurten, og over alt flyg folk rundt og leitar. Snart dukkar dei opp, ein handverkar hadde rydda dei bort.

Sand sett i gang med siste finpuss på rammer og måleri.

  • En gruppe mennesker samles rundt et bord fullt av kaker (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Sanitetskvinner strøymer til frå heile Todalen med kaker i rosemåla tiner.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • en person som står ved en stige og løper

    – Dette er første gong me har hatt raud løpar på ei opning, seier Aune.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • En mann som maler på et bilde

    Paletten har dukka opp og rammene får ein siste puss.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • en person som står ved siden av en krukke (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Elggryta må få eit siste oppkok på skulekjøkkenet/Marianne Aulie-galleriet.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • En person med filmrullar av Dis og ein ikkje publisert film frå blant anna Grip.

    Under kaffikoppar frå handverkarane finn Aune Sand heile filmarkivet sitt, med rullar av Dis og aldri utgitte filmar, frå blant anna øya Grip: – Det er draumen som ligg igjen, eit minne over alt eg ikkje fekk til. Men det symboliserer jo at ein tok ein annan veg. Hadde eg blitt superstjerne i Hollywood, ville eg jo aldri stått her og kunne fiske i elva der nede.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK

Ordføraren

Ordførar Hugo Pedersen kjem med kjede og saks.

Han har ikkje hatt ein enkel haust. Det var han som mottok skuldingar om overgrep frå den avdøde diktarhøvdingen Hyldbakk, og valde å gå offentleg med dette.

Det splitta bygda, og Pedersen måtte stå i mediestorm og tole kritikk på heimebane.

– Det har vore tøft, og nesten blåst av meg alt håret.

en gruppe mennesker som står i en døråpning (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK

I dag er det hans beste veke som ordførar, seier han.

– Kommunen selde dette praktbygget for berre ei krone?

– Det har jo lege ute for sal i lengre tid. Da eg fekk vite at Aune Sand var interessert tenkte eg at dette kan bli noko bra. Og det har det blitt.

– Du fryktar ikkje at desse nye Vangsgutane reiser når blesten har lagt seg om 14 dagar?

– Eg håpar dei slår skikkelege røter her, det håpar eg verkeleg.

en gruppe mennesker i et rom (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Ordføraren har klipt snor og kjem med gode ord.

Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK

Ordføraren kjem så med eit godt poeng:

– Brørne Sand ser oss litt utafrå og viser oss at Surnadal har så mykje å by på, ting som me kanskje tar for gitt sjølve. Slikt som rein luft, vatn, natur, skog og dyr.

Han meiner at om Sand-brørne no formidlar det poenget vidare, vil det vere bra for Surnadal.

Ny giv for bygdeliv

Og det kan nok trengast i den vesle kommunen.

Telemarksforsking kom nyss med ein rapport som viste dramatisk fall i arbeidsføre på bygda dei neste 25 åra – samtidig som talet på eldre skyt i vêret.

SSB, Telemarksforskning

Prognosar for utvikling i folketal i Noreg 2020–2040. Mørk raud er sterk nedgang i folketal, blå er vekst. Kjelde: Telemarksforsking.

Illustrasjon: Telemarksforskning

Aune Sand håpar at deira prosjekt vil hjelpe bygda dei har hamna i:

– Mormor sa ofte til meg: «Om du har ein sterk rygg, skal du hjelpe dei som ikkje har ein så sterk rygg.»

Han har lenge hatt lyst til å drive med eigedom, og ser no på seg sjølv som ein kremmar, som ein Bør Børson med kulturell twist.

– Eg skal vise korleis ein gjer det i New York. Når kunstnarane flyttar inn i eit nabolag, blomstrar det opp. Blomar i vindauga, kreativitet, liv – og så ein liten kaffibar. Å satse på kultur er mykje meir viktig enn mange trur.

Sand-tvillingane har fått med seg næringslivet i Todalen, som består av trehandlar Talgø – bedrifta bak den populære planken Møre Royal.

Opninga

Aune Sand hadde håpa på minst to gjestar på opninga. Det kjem langt fleire.

– Det er kolonne gjennom tunnelen frå Surnadal sentrum, og på ferja frå andre kanten er der kaos! fortel ei sanitetskvinne entusiastisk.

Mange måtte stå igjen på kaia og vente. Det er bilar parkert langs kvart einaste jorde.

  • en mann som holder en gitar og en mann som holder en mikrofon (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Aune Sand hadde lova den 20 minutt eldre broren å ikkje bruke meir penger på sjampanje. Men ikkje overraskande sprakk han og løftet.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • en gruppe mennesker i et rom (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Hundrevis fekk foreviga den største hendinga i Todalen sidan Vangsgutane.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • en gruppe mennesker som står utenfor en bygning (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Anslaget på 2000 menneske i bygda med 300 fastbuande er ikkje verifisert frå offisielle folketeljarar.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • en gruppe mennesker i et rom (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Jubilantane blei overrausa med lokale gåver, som elgepølser og heimestrikk.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK
  • En gruppe menn som står foran et stort maleri (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Vebjørn Sand opna galleriet med ein flammande tale om kunst mot fascisme.

    Foto: NRK

Ifølge lokalavisa var over 2000 menneske innom gamleskulen dei to første timane. Ikkje verst i ei bygd med rundt 300 innbyggjarar, klokka 12 på ein onsdag.

I opningstala hyllar Aune Sand naturen, medan bror Vebjørn hyllar kulturen som reisverk mot fascismen.

Folk som går på en vei (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK

Seinare på dagen yrer det av surnadøler med måleri under armane. Aune Sand anslår at dei selde for rundt ein million kroner dei første dagane.

– Da har du tent inn krona du brukte på skulen?

– Ho er tent inn og tomta her er jo mykje meir magisk enn eg trudde.

  • ein mann med briller (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Webjørn Svendsen Espeland / NRK

    Tre på opning:

    Gårdkall Trygve Halle frå Todalen

    – Eg har skote hjort her og gjekk på denne skulen frå 1954. Eg har aldri sett så mykje folk i Todalen før, det er heilt fenomenalt!

  • Jenny Klinge smiler til kameraet (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Webjørn Svendsen Espeland / NRK

    Jenny Klinge, eks-stortingskvinne (Sp) frå Surnadal

    – Eg tykte dette var ein aldeles vill idé da eg høyrte om det, og å sjå alle folka stadfestar at ville idéar kan slå til.

    – Gymsalen har blitt betrakteleg finare enn han var!

    – Eg har sansen for å trekke folk ut av byane, og Sand-karane gjer meg varm i sjela når dei snakkar om hjorten i liene og fisken i elvene.

  • ein person som står foran et maleri (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Webjørn Svendsen Espeland / NRK

    Linda Halset, miljøterapeut frå Sunndalen

    – Noreg i seg sjølv er fint, men dette er kanskje den finaste staden. Det er mange bygder som døyr ut, og det er sentrumisering av ting. Så eg håpar dei finn seg til rette her og at det blir ny giv.

    – Kva er største forskjellen på New York og Todalen?
    – Armrommet du kan få. Utsikta, den reine lufta og det å finne ro til eigne tankar og inspirasjon. Du får fridom her, og det er gratis.

Naturmålar

Tvillingane Sand håpar på ny giv for bygdeliv, men vil dei verkeleg bu her sjølve?

– Det må eg gjere no som Aune har kjøpt oss denne eigedomen. Eg har jo ikkje eigen familie, dette er hjarteborna mine, seier Vebjørn Sand og peikar på kunsten sin.

Han set sjølv 1880-talsmålarane høgst, som Erik Werenskiold, Eilif Petterssen og Harriet Backer, kjende for måleri med folkesjel, lys – og natur.

– Kva gjer det med kunsten din når du går rundt her, blir du meir nasjonalromantikar?

– Det blir meir naturbilete framover, ja. I New York blei det lite av det. Mine naturbilete har særleg vore frå Antarktis, som også er eit slags indre landskap. Men eg er veldig glad i å måle natur, seier Vebjørn Sand.

Dikt ved ein frosen foss i Todalen.

Aune er hakket mindre fri til å bu kor han vil, blant anna med to døtrer som har vakse opp på Manhattan.

Han ser for seg å pendle. Veka etter opninga melde lokalavisene at brørne leita etter ein stad å byggje Vebjørn Sand-teikna glashytter – og at dei såg etter eit billeg småbruk. Helst i Surnadal, fortel kremmaren Aune.

– Da eg såg dette fantastiske landskapet, tenkte eg kvifor snakkar alle om Lofoten? Det er jo sønderbygd og gamle sjøbuer er sprengde i pinneved av vind og vêr. Men i området rundt her ser du eldgamle gardstun, som å reise inn i ei tid for 150 år sidan.

– Da eg kom hit første gong tenkte eg: Kvifor har ingen fortalt meg om dette før?

en innsjø med trær og fjell i bakgrunnen (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK

Publisert 03.04.2026, kl. 07.32

Read Entire Article