Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_2c9cdcba0e6219ee07f1120f956e8800, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Karen måtte nedprioritere døyande pasientar - NorwayToday

Karen måtte nedprioritere døyande pasientar

2 hours ago 2


Eg opplevde å vere på jobb og måtte velje mellom å hjelpe den som ligg for døden, eller å gjere andre heilt nødvendige helseoppgåver i avdelinga.

Det seier Karen Bjørk. No er ho tillitsvald, men jobba i Trondheim kommune som sjukepleiar i 16 år.

Det er ein veldig pressa situasjon. Du vil gjerne hjelpe alle som treng hjelpa di når dei treng det, men du blir jo nøydd til å velje.

Bjørk har sjølv opplevd at pasientar har døydd aleine mellom tilsyn.

– Det er tragisk at ingen sit der og held deg i handa, eller legg ei hand på armen din, så du kjenner at det er nokon der saman med deg i ein så sårbar augneblink i livet.

Men med mange pasientar og få på vakt, må sjukepleiarane stundom springe vidare.

Det er veldig trist. Eg meiner det ikkje er etisk forsvarleg og det er ikkje noko me i vår teneste burde måtte forsvare at skjer.

Det er ikkje berre Bjørk som har stått i denne situasjonen.

Pasientar døyr aleine

Fire av ti sjukepleiarar svarer at dei i løpet av dei siste tre åra har opplevd at pasientar har døydd aleine.

Årsaka?

At det ikkje var tilgjengeleg personale på vakt.

Det viser ei undersøking Norsk Sykepleierforbund har gjennomført blant medlemmane sine som jobbar i kommunal sektor.

– Det er veldig slitsamt og psykisk krevjande over tid. Du har mykje dårleg samvit overfor mange: Overfor kollegaane dine, overfor den stakkar personen som ligg i senga og skal døy, og du har dårleg samvit overfor dei pårørande, forklarar Bjørk.

– Eigentleg så har du dårleg samvit overfor alle som forventar noko av deg. Og overfor deg sjølv, seier Bjørk.

En nøkkelbånd hvor det står "sykepleier" ligger på et bord. I bakgrunnen sitter Espen Lysø og Karen Bjørk

Bjørk er tillitsvald i Norsk Sykepleierforbund. Her er ho saman med kollega Espen Lysø.

Foto: Henning Levold / NRK

– Økonomien er styrande for alt

Bjørk opplev at ein som sjukepleiar blir sett i stand til å gjere den jobben som er intensjonen at sjukepleiarar skal gjere, fordi rammene er for tronge.

– Og det er pasientane som er aller mest skadelidande, legg ho til.

Kva må til for at ein skal kunne gjere den jobben?

– Eg tenker at ein må auke kompetansen og ha meir tid med pasientane. Og å auke bemanninga, men det får me beskjed om at det ikkje er vits i å seie.

Økonomien er styrande for alt, forklarar Bjørk.

Trondheim kommune er einig i at økonomien set rammer for alle offentlege tenester, også i helsesektoren.

– Det må alltid gjerast prioriteringar når det gjeld bemanning og kompetanseheving. Samstundes har kreftomsorg og lindrande behandling lenge vore eit prioritert satsingsområde i Trondheim kommune.

Det seier helsebyråd Merethe Baustad Ranum (H).

– Det er heilt nødvendig å arbeide systematisk med oppgåvedeling, slik at sjukepleiarane sin kompetanse kan brukast der han er mest nødvendig.

– Me forstår at mange sjukepleiarar opplever kvardagen som krevjande. Samstundes er dette eit nasjonalt og langsiktig problem: Me står overfor stor mangel på arbeidskraft i åra som kjem, særleg innan helsesektoren, seier byråden.

Men Bjørk meiner det allereie er ei utfordring.

Som sjukepleiar har du tatt ei utdanning der du lærer om korleis du skal utøve sjukepleie. Og det er ikkje sånn ein praktiserer det i Kommune-Noreg i dag.

– Eit system som ikkje har fungert

Som pårørande har Marianne Danielsen også opplevd at det er for få sjukepleiarar på vakt for å vere til stades og hjelpe alle pasientane.

– Eg har erfart eit system som ikkje har fungert. Det handlar ikkje om menneska i systemet, for eg har møtt så mange flinke folk. Så mange flinke folk, men som jobbar under forferdelege omstende.

– Det erfarte eg også på dødsleiet til mamma, legg Danielsen til.

Danielsen var nærmaste pårørande til mor si med Alzheimer i 15 år.

Då mor hennar døydde natt til 8. august, meiner Danielsen at det berre var ei nattevakt på 24 bebuarar.

Eg fattar ikkje at det går an at eit menneske skal ha det ansvaret aleine på natta. Viss det skulle skje noko er det jo uansvarleg.

Dette meiner helsebyråden i Trondheim at ikkje stemmer.

– På ei avdeling kan det vere ei nattevakt, men det er ingen institusjonar i Trondheim har berre éi nattevakt. Dermed vil det alltid vere fleire på jobb på same bygg, men på kvar si avdeling, seier Ranum.

Byråden fortel at kommunen har ei ordning kalla «sjukepleiar på hjul» som skal hjelpe sjukeheimane i kommunen på natta.

– På den måten sikrar me at me har kompetente tilsette på jobb heile døgnet, og at pårørande kan vere trygge på at deira kjære får god omsorg.

Bjørk seier dette teamet skal hjelpe alle sjukeheimane i kommunen og må derfor prioritere oppdraga sine ut frå alvorsgrad.

Er ein døyande og treng hjelp til smertelindring, blir ikkje det sett på som ein så akutt situasjon som om nokon til dømes har eit fall eller endring i helsetilstand.

Tilsette seier dei bryt lova på jobb og pårørande fryktar grove forsømingar i dokumentaren frå 2023. Korleis er det på norske sjukeheimar?

– Ansvaret vårt er å sikre ein verdig, skånsam og trygg død

Norsk Sykepleierforbund påpeiker at dei også får tilbakemelding frå sjukepleiarar om at pasientar ikkje døyr aleine.

Det betyr at det også finst stader der dette ikkje er ei problemstilling og som dermed klarar å sikre at pasientar får ei verdig avslutning på livet.

Det seier fylkesleiar i sjukepleiarforbundet i Trøndelag, Kenneth Sandmo Grip.

Kenneth Sandmo Grip

Kenneth Sandmo Grip er fylkesleiar i Trøndelag for Norsk Sykepleierforbund.

Foto: Rune Bendiksen / Norsk sykepleierforbund

Ansvaret vårt å sikre ein verdig, skånsam og trygg død. Det kan vere at pasient og pårørande meiner dette skal gå fint utan helsepersonell til stades. Men dette må avklarast.

– Det er min jobb som sjukepleiar å sørge for at utgangen frå verda blir best mogeleg for den døyande og pårørande. At alle føler seg ivaretatt i situasjonen, seier Bjørk.

– Du er villig til å strekke deg langt for det, legg ho til.

Publisert 28.09.2025, kl. 22.29

Read Entire Article