Måndag offentleggjorde Kystverket lista over interessentar til den komande skipstunnelen ved Stad, som blir 1,7 kilometer lang, 50 meter høg og 36 meter brei.
Kinesiske, statlege selskap står bak to av dei seks grupperingane.
Desse skal vurderast opp mot dei andre selskapa, før den endelege anbodslista blir presentert på eit seinare tidspunkt.
– Kina har forsøkt å få eit fotfeste i hamner i Noreg, og no prøvar dei seg på eit større infrastrukturprosjekt.
Det seier Kåre Dahl Martinsen som er professor i tryggingspolitikk ved Forsvarets høgskule.
Kåre Dahl Martinsen seier den kinesiske interessa rundt Stad skipstunnel går inn i eit større mønster, og at etterretningstrugselen frå Kina er aukande.
Foto: Gunnar Sætra / NRKHan seier det er påfallande at selskapa blir presenterte om lag samstundes som PST legg fram si årlege trugselvurdering.
Her blir det peika på at etterretningstrugselen frå Kina er aukande.
I presentasjonen frå Kystverket er det heilt andre forhold som blir framheva.
– Vi er nøgde med at såpass mange og solide entreprenørar ønsker å vere med å konkurrere for å få bygge Stad skipstunnel, skriv prosjektsjef Harald Inge Johnsen.
Tunnelen er venta å bli 50 meter høg og 36 meter brei.
Set foten ned
Ettersom det storstilte prosjektet blir ei viktig lei for skipstrafikken langs kysten, nølar ikkje Dahl Martinsen med å kalle det «sensitiv infrastruktur».
– I andre europeiske land så hadde det vore utelukka at Kina skulle delta i dette.
Han viser til at Kina tidlegare har klart å kjøpe europeiske hamner, som til dømes Pireus i Hellas.
Seinare har EU lagt seg på ei langt meir restriktiv linje med tanke på kinesisk deltaking.
Kinesiske selskap kan ofte kan legge inn «uslåelege tilbod», men då skjer det med statlege subsidiar, ifølge Dahl Martinsen.
Tryggleiksekspertar er særleg uroa for at Kina skal få kunnskap om tekniske installasjonar inne i tunnelen.
Illustrasjon: Kystverket– Dette skjer fordi det har tryggingspolitisk betydning for Kina. Dermed er det uavgrensa kor mykje dei statlege selskapa kan få i subsidiar.
Å få kontroll over sentral infrastruktur i andre land kan vere avgjerande, dersom den politiske situasjonen skulle endre seg.
– Det kan vere ein måte for Kina å få kontroll, blokkere, eller sette infrastrukturen ut av spel.
Viser stor interesse
Dei siste åra har kinesiske selskap forsøkt å få bygge ut fleire samferdsleprosjekt i Noreg, så langt utan å lukkast.
- Då Oslo skulle bygge ny vassforsyning, vart krava sett slik at eit kinesisk selskap ikkje skulle vinne anbodet.
- I ein auksjon for havvind i Sørlege Nordsjø ll vart eit kinesisk selskap utelukka i den vidare prosessen. Næringsministeren ville ikkje svare på om tryggleiksmessige forhold spelte inn.
- Fleire kinesiske verksemder ønskte å etablere seg i Kirkenes, mellom anna i samband med utbygging av hamna. Til slutt gjekk dåverande justisminister ut og sa at dei kinesiske etableringane kunne bli stansa.
I PST-rapporten er nettopp Kirkenes trekt fram som eit eksempel på korleis Kina opererer.
«Sjølv om Kina vil nytte sin betydelege etterretningskapasitet i Noreg, forblir Kinas viktigaste verkemiddel økonomiske – som investeringar og oppkjøp. Den kinesiske interessa for Kirkenes havn er eit eksempel på dette.»
– Kinas interesse for nordområda er sterkt veksande. Vi har sett det i Nord-Noreg, på Svalbard, på Island, på Grønland. Og no også skipstunnelen på Stad, seier Dahl Martinsen.
Åtvarar
Olve Grotle (H) sit i næringskomiteen på Stortinget frå Sogn og Fjordane og ber om varsemd.
– Eg er skeptisk til at kinesiske selskap skal gjere jobben. Det må gjerast ei grundig vurdering rundt om dette er kritisk infrastruktur. Saka har blitt meir aktuell etter den siste PST-rapporten, som viser at det er grunn til å vere skeptisk til Russland først og fremst, men også Kina.
Stortingsrepresentant Olve Grotle (H) er skeptisk til at kinesiske selskap skal få bygge ut Stad skipstunnel.
Foto: Kjetil Ree / WikipediaOrlogskaptein og forskar ved Sjøkrigsskulen, Tor Ivar Strømmen, ber særleg om stor merksemd rundt dei tekniske installasjonane i tunnelen. Det er her han meiner det kan vere ein tryggleiksrisiko.
– Alle tekniske installasjonar må Noreg ha fullstendig kontroll på, slik at det ikkje er utanlandske aktørar som har bakdører for å manipulere, stenge ned eller hente ut data.
Orlogskaptein Tor Ivar Strømmen meiner styremaktene særleg bør ha kontroll på tekniske innretningar i tunnelen.
Foto: Valentina Baisotti / NRKDen kinesiske ambassaden skriv i eit svar til NRK: «Kina ser på Noreg som ein partnar for gjensidig fordelaktig samarbeid, og utgjer absolutt ingen «etterretningstrugsel»».
Har søkt råd
Kystverket svarar at dei framleis er «tidleg i prosessen» og at ingen konkrete tilbod er leverte så langt.
Av den førebelse lista på seks interessentar, vil det truleg bli vald tre til fire som får høve til å gi eit konkret anbod.
– Vi held oss til gjeldande anbodsregelverk, og har solid erfaring og kompetanse i prosjektorganisasjonen, ifølge kystdirektør Einar Vik Arset.
Kystdirektør Einar Vik Arset seier dei har hatt kontakt med relevante tryggleiksmakter.
Foto: Tore Ellingseter / NRKHan stadfestar at det er henta inn råd frå relevante tryggleiksstyremakter, men svarar ikkje på kor mykje det blir vektlagt i den vidare anbodsprosessen.
– Tunnelen i seg sjølv er så langt ikkje vurdert som kritisk infrastruktur – det finst til dømes alternative vegar rundt. Men det vil vere navigasjonsteknologi i tunnelen som vi ønsker god kontroll over, og vi gjer, og skal gjere, grundige vurderingar av tryggleiken.
Han viser til at anbodsdokumenta er formulerte slik at byggherre, altså Kystverket, kan skilje ut delar av prosjektet og gi det til andre.
Men det er førebels ikkje teke stilling til om dette er naudsynt eller ikkje.
Publisert 10.02.2025, kl. 05.09