Klæbo får gullmedaljen på heimebane: – Utan tvil den kulaste dagen i mitt liv

2 months ago 17


– Eg må få seie tusen hjarteleg takk til alle som både har vore i Granåsen og som har tatt turen hit.

Det seier ein rørt Klæbo framfor folkehavet i Trondheim sentrum.

– Dette er utan tvil den kulaste dagen i mitt liv. Dette er noko eg har venta på i fleire år og det å få lov til å stå her no saman med alle dykk – eg kunne ikkje bedd om meir.

Torvet i Trondheim under medaljesermoni under VM 2025

Mange har møtt opp for å få med seg medaljeseremonien torsdag kveld.

Foto: Morten Andersen / NRK

Blant dei som har møtt opp er Hulda Marie Overvik, Nora Overvik Balstad og tusenvis av trønderar.

– Me feirar eitt gull og to sølv, legg dei to til som også var i Granåsen for å heie fram nordmennene.

  • Hulda Marie Overvik og Nora Overvik Balstad på Trondheim torv under ski-VM

    Hulda Marie Overvik og Nora Overvik Balstad har heia fram dei norske utøvarane i Granåsen og skal tilbake neste helg.

  • Ronja Myhr på Torvet i Trondheim under ski-VM 2025

    Ronja Myhr har pynta seg med norske flagg for kveldens medaljesermoni

  • Sofie (10) Markus (10) og Mathias (11) på torvet i Trondheim under ski-VM 2025

    Sofie (10) Markus (10) og Mathias (11) gler seg aller mest til å sjå Matoma spele under medaljeseremonien.

Ronja Myhr har også møtt opp og seier ho gler seg mest til å sjå Klæbo ta imot gullmedaljen på heimebane.

– Eg har lyst til å kjenne på stemninga og gler meg til å sjå utøvarane som får medaljar.

Johannes Høsflot Klæbo tok gull på sprinten, Kristine Stavås Skistad tok sølv på sprinten og Gyda Westvold Hansen tok sølv i fellesstart kombinert.

Gull på heimebane

– Ein blir stolt av å vere trønder på dagar som dette, seier Klæbo og ser utover folkehavet som har møtt opp på medaljeutdelinga.

Johannes Høsflot Klæbo på scenen under medaljeseremonien torsdag.

Johannes Høsflot Klæbo blei hylla for sitt førebels første gull under ski-VM i Trondheim.

Foto: Maxim Thore / Bildbyrån

Trønderen sette eit vanvettig tempo opp den siste bakken og gjekk i mål til vill jubel frå publikum.

Også mamma Klæbo har møtt opp for å sjå sonen ta imot gullmedaljen i heimbyen.

Heile familien er her og me skal vere med på kvart stavtak, seier Elisabeth Høsflot Klæbo.

Syngande ordførar opna VM

Under opningsseremonien var det ordførar Kent Ranum som stal merksemda til publikum då han overraska alle med ein song.

Trondheims ordførar Kent Ranum song på opningsseremonien til ski-VM i Trondheim onsdag kveld.

– For det første tenkte eg at eg er så heldig som bor i Trondheim og er trønder, sa Ranum etter framføringa.

Også han blei hylla av både trondheimspublikummet og kronprinsparet.

– Det var helt ubeskriveleg, rett og slett. Folk møter opp og heier, hyllar og klappar.

Publisert 27.02.2025, kl. 19.50 Oppdatert 27.02.2025, kl. 20.34

Read Entire Article