Den svenske prins Carl Philip og prinsesse Sofia har nyleg fått sitt fjerde barn.
Måndag blei namnet hennar offentleggjort under regjeringsmøtet med Kong Carl Gustav.
– Vi er samla for ei lystig hending. Eit barn har kome til verda, annonserte kongen.
Den svenske kongen sa då at namnet på prinsessa var Inse Marie Lilian Silvia. Det førte til at fleire svenske medium meldte dette.
Like etterpå kom ei pressemelding frå det svenske hoffet, som presiserte at namnet er Ines Marie Lilian Silvia.
Det svenske hoffet presiserer at fornamnet er Ines ikkje Inse.
Faksimile: Det svenske hoffet– Kongen er veldig lei seg, seier Margareta Thorgren, hoffets informasjonssjef til Aftonbladet.
Ho seier at det var like før møtet at kongen fekk vite om namnet.
– Det er lett å lese feil, seier Thorgren.
Dei opplyser også at prinsessa blir hertuginne av Västerbotten.
– Sjå på håpet
Den svenske kongen skulle måndag formelt informere regjeringa om den nye medlemmen av kongefamilien.
– La oss sjå på håpet saman i denne mørke tida, starta Kong Carl Gustav og sikta til masseskytinga i Örebro førre veke der ti personar blei drepne.
Fredag tok Carl Philip (45) og prinsesse Sofia (40) i mot dottera Ines på Danderyd sjukehus. Ho blei fødd klokka 13.30 og vog 3645 gram og var 49 cm lang.
Publisert 10.02.2025, kl. 11.37 Oppdatert 10.02.2025, kl. 11.55