Kong Charles har bestemt at den yngre broren hans, prins Andrew, skal miste sine titlar og æresutmerkingar, melder Reuters.
I eit fråsegn skriv Buckingham Palace at prins Andrew frå no av vil bli omtalt som Andrew Mountbatten Windsor.
Ifølge Buckingham Palace har det no blitt sendt eit formelt varsel om at prinsen må overlevere leigekontrakten for bustaden Royal Lodge.
Gav frå seg titlar
– Desse sanksjonane blir vurderte som nødvendige, sjølv om han held fram med å nekte for skuldingane mot seg, skriv slottet.
– Avgjerda kan bidra til å ta noko av presset av kongehuset, seier ein Storbritannia-ekspert.
Les meir om det lenger ned.
Ifølge BBC har ikkje Andrew motset seg til avgjerda.
Avgjerda kjem etter fleire år med kritikk for tilknytinga hans til den avdøde finansmannen og sexforbrytaren Jeffrey Epstein.
Virginia Giuffre skulda Andrew for seksuelt overgrep då ho var 17 år.
Andrew har nekta for skuldingane, men inngjekk eit rettsleg forlik med Giuffre.
Virginia Roberts Giuffre, her på ein pressekonferanse utanfor ein domstol i New York. Der fekk ofra for Epstein seie si meining i retten etter at han tok livet sitt i fengselet.
Foto: Bebeto Matthews / AP / NTBHo hevda at Epstein og medhjelparen Ghislaine Maxwell utnytta ho seksuelt, og at Andrew var ein av mennene ho blei sendt til.
Epstein tok livet sitt i fengsel i 2019.
Publiserte bok etter sin død
Også Guiffre tok livet sitt tidlegare i år. Ho blei 41 år gammal.
I ein memoarbok som blei publisert etter hennar død, gjentok ho skuldingane om at ho som tenåring hadde sex med prins Andrew ved tre ulike høve.
Andrew har alltid nekta for påstandane.
Tidlegare i oktober i år dukka det opp igjen e-postar frå 2011 som viser at Andrew var i kontakt med Epstein fleire månader etter at han hevda at vennskapet deira var avslutta.
Ekspert meiner avgjerda låg i korta
– Det låg vel litt i korta, slik denne historia har utvikla seg, så var det kanskje ikkje så overraskande, seier Erik Mustad, dosent ved Universitetet i Agder.
Og legg til:
– Han har jo blitt fråtatt fleire arbeidsoppgåver og titlar undervegs. Dette var vel den vegen det måtte gå.
At prins Andrew no må flytte ut av bustaden Royal Lodge, meiner Mustad heller ikkje er uventa.
Kongefamilien på veg til julegudsteneste ved St. Mary’s kyrkje på Sandringham-eigedomen i England 25. desember 2011.
Foto: Lefteris Pitarakis / AP / NTB– Det har vore eit formidabelt press på broren, kong Charles, etter at Epstein-saka blei rulla opp. Andrew har budd på eigedomen ved Windsor Castle lenge utan å betale leige, seier han.
Mustad meiner kong Charles no har tatt eit nødvendig steg for å lette presset på kongehuset.
– Dette er ei smertefull utvikling av ei sak som har rulla og gått lenge.
Han meiner det var rett å ta frå prins Andrew prinsetittelen, dei andre titlane og dei kongelege fordelane han har hatt, inkludert bustaden ved Windsor Castle.
Erik Mustad, dosent ved Universitetet i Agder og Storbritannia-ekspert.
Foto: Geir Ingar Egeland / NRK– Vi veit framleis ikkje kor djupt Andrew var involvert i Epstein-nettverket, men det verste presset mot kongehuset er truleg letta med dette, seier han.
Virginia Roberts Giuffre i 2019, som klaga Jeffrey Epstein og Prince Andrew for overgrep.
Foto: Bebeto Matthews / AP / NTBEit eldre bilde av Virginia Giuffre og Prince Andrew saman, Ghislaine Maxwell i bakgrunnen.
Foto: HANDOUT / AFP / NTBPrince Andrew i september da han framleis hadde prinsetittel, nå heiter han offisielt Andrew Mountbatten Windsor.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTBVirginia Roberts Giuffres bok som kom ut i oktober i år etter hennar død i april. Hun skal ha tatt sitt eige liv.
Foto: NIKLAS HALLE'N / AFP / NTBHer får ikkje lenger den tidlegare prinsen lov til å bu.
Foto: Stringer / Reuters / NTB
Publisert 30.10.2025, kl. 20.11 Oppdatert 30.10.2025, kl. 20.57









English (US) ·