– Konkurs i Morrow kunne vore unngått

3 hours ago 1


MDG-leiar Aril Hermstad meiner regjeringa si batterisatsing har vore for halvhjarta og at konkursen i Morrow kunne vore unngått.

–I dag virkar regjeringa meir bekymra for å bli skjelt ut i kommentarfelt enn for at framtida sin industri forsvinn ut av landet, seier Hermstad til NRK.

Hermstad meiner at ein i staden for statlege lån kunne ha gjeve skattefordelar til grøn industri.

Batterifabrikken Morrow gjekk konkurs med ei gjeld på over to milliardar. Å Energi har investert 1,3 milliardar i Morrow.

Satsinga har blitt kritisert for å vere sløsing med offentlege pengar. Frp-leiar Sylvi Listhaug har kalla satsinga eit luftslott.

Arild Hermstad svarer:

– Det er lett å vere mot å bruke pengar på klimatiltak og grøn industri når ein ikkje vil ha klimapolitikk i utgangspunktet, seier han.

Nokre titals aktørar har vist interesse for å kjøpe selskapet Morrow og batterifabrikken i Arendal.

Read Entire Article