Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?
På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Jouska grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen.
Meir nedtona, meir angst
Jouska er aliaset og soloprosjektet til Marit Othilie Thorvik.
Med seg på alle låtane har ho og Hans Olav Settem, som ho også spelar med i bandet Benedikt og som var med å starte opp Jouska før det vart Thorvik sitt soloprosjekt.
I tillegg er fleire andre musikarar med på å gi albumet fleire instrument og meir kompleksitet.
For sjølv om musikken til Jouska har dei inneslutta og sjenerte vibbane til heimelaga soveromspop, så ligg det langt meir i han enn kva det nedtona uttrykket først røper.
Jouska vant Spellemannprisen 2023 i kategorien elektronika med albumet «Suddenly My Mind Is Blank»
Foto: Terje Bendiksby / NTBPå tidlegare album, som det Spelemann-vinnande «Suddenly My Mind Is Blank» frå 2023, har lydbildet til Jouska vore meir elektronisk og meir lystig, om enno roleg og sjenert.
No strippar ho musikken ned, og byter ut relasjonsfortellingar om kjærleik, håp og redsle med meir isolerte og kalde kjensler.
Musikken fortel
Tekstane på albumet er ofte utydelege, mumla lågt eller tilsløra av melodi og støy. Så sjølv om Jouska har skrive poetisk sterke tekstar til albumet, er det musikken og kjenslene i han som får fortelje mest.
Ho skriv om å vere aleine, einsam og redd, lamma og full av anger. Og det tilbaketrekte lydbildet gir ofte akkurat den same følelsen, av redsle og handlingslausheit.
Gitarar og elektroniske effektar blir dregne langt ut, og melodiane blir seige og fulle av pustepausar som kjennest meir som å halde pusten.
I mellomspel-sporet «Why Won’t You Talk To Me?» er det som om verda stoppar opp.
Sterk lyrikk
At lyrikken tek andre rekke, tener albumet sin svevande og sjenerte stil. I tillegg er det også litt vanskeleg å konsentrere seg om teksten nettopp fordi musikken er nesten hypnotiserande i korleis den svøper inn lyttaren.
Likevel er det verdt å både la seg rive inn i meditasjon og så seinare lytte igjen og høyre etter. På til dømes «Season of dread», som byr på enkle, men vakre linjer som «dreaming of a daughter», «someone who grows», «winter shed its grief on», «all that I know», «I’m so tired of my ways», «spineless men with sour taste».
Albumcover for «How Did I Wind Up Here?»
Foto: Ruth Emilie Rustad MartinsenTil teksten står eit lett, akustisk gitararrangement med hint av folk og etter kvart også meir summande effektar.
Kjensla ho syng om, lengsel og sorg og energilausheit, er perfekt reflektert. Og likevel er låta så fin at ein vil høyre han igjen og igjen.
Sterke assosiasjonar
Sjølv om albumet ikkje akkurat er eit energisk, lystig stykkje popmusikk, er både musikken, tekstane, formidlinga og handverket sterkt og vakkert gjennom heile albumet. Og det finst også lyspunkt.
Varme «California» målar eit musikalsk bilde av den solrike staten som det er forbausande lett å leve seg inn i. Den er endå eit eksempel på at sjølv om musikken til Jouska er lågmælt og roleg, så er det mange lag med sirleg samansett lyddesign.
Sjå også: Jouska covrer Bendiks «Kjenner Ingenting» i anledning Urørt 20-årsjubileum.
Som arkitekt i sitt eige soniske univers har Jouska ein formidabel evne til å skape assosiasjonar gjennom lyd. Ho veit kor ho vil ta lyttaren, og det er berre å lene seg bak og la seg transportere.
Publisert 16.10.2025, kl. 17.45