Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_6bf640b9df5aeeff0d78076fc2babaa9, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Korrupsjonsskandale: – Eit jordskjelv i det kinesiske militæret - NorwayToday

Korrupsjonsskandale: – Eit jordskjelv i det kinesiske militæret

1 hour ago 3


Éin etter éin har høgtståande generalar i den øvste leiinga fått sparken.

Då militærkommisjonen avla eid i 2022 blei dei seks medlemmane rekna som nokre av Xi Jinping sine aller mest trufaste. Etter halvanna år fekk den første sparken.

Det blei starten på ein oppvask.

No har forsvarsdepartementet starta etterforsking av nestleiar i kommisjonen, Zhang Youxia og stabssjef Liu Zhenli.

En mann i militæruniform sitter ved et bord, med flere medaljer og insignier synlige på uniformen. Han har hånden sin mot ansiktet og ser alvorlig ut. Omgivelsene består av en rød bakgrunn og en dekorativ vegg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Zhang Youxia var ein av Xi Jinping sine aller næraste allierte og var rangert like under presidenten i militæret. No har han fått sparken.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

No står det berre éin i militærkommisjonen att, Zhang Shengmin, i tillegg til leiaren av militæret: president Xi Jinping sjølv.

– Dette er eit jordskjelv i det kinesiske makteliten, seier NUPI-forskar Hans Jørgen Gåsemyr.

Ein maktkamp?

Makteliten i det kinesiske kommunistpartiet er svært lukka og det er sjeldan at uro i partiet kjem fram i lyset.

NUPI-forskar Hans Jørgen Gåsemyr og professor i Forsvaret Øystein Tunsjø må difor gjere nokre kvalifiserte gjett for å forstå kvifor Xi Jinping har valt å kaste nesten heile militærkommisjonen på dør.

– Den einaste måten eg forstår det på er at dette viser at korrupsjonskulturen øvst i det kinesiske militæret er reell. Kostaden, i form av omdømme og uro, er så stor at ein hadde ikkje teke så harde grep om det ikkje låg alvorlege påstandar bak, seier Gåsemyr.

  • Øystein Tunsjø, professor, Forsvarets høgskole

    Øystein Tunsjø

    • Professor ved Institutt for forsvarsstudium

Xi Jinping har flagga arbeidet mot korrupsjon som ei av fanesakene hans, også før han blei president i 2012. Men mange spekulerer i om han brukar korrupsjonsskuldingar for å gå etter dei politiske motstandarane sine. Det er vanskeleg å stadfeste, eller avkrefte.

Både Gåsemyr og Tunsjø trur likevel at dette er ein del av biletet.

  • Hans Jørgen Gåsemyr, seniorforsker Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI)

    Hans Jørgen Gåsemyr

    • Seniorforskar ved Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI)
    • Forskar på kinesisk nasjonal og internasjonal politikk

Neste år startar Kina på ein ny femårsperiode. Alt peikar på at dette også blir starten på Xi Jinping sin fjerde presidentperiode.

– Sparkinga av militærgeneralar kan vere ein del av Xi sine førebuingar til ein ny femårsperiode. Då kan denne sparkinga vere ein del av ein maktkamp, seier Tunsjø.

Trufast, men ikkje trygg

På under tre år har også fleire titals militæroffiserar nedover i systemet fått sparken.

Nokre gonger finn Xi folk som kan erstatte dei han sparkar. Ofte let han posisjonane forbli opne. Mange forsvinn frå kinesisk offentlegheit, som sokne i jorda.

Den kinesiske presidenten Xi jinping sitter ved et bord under en offisiell sammenkomst i et auditorium. På bordet er det flere kanner med drikke, et dokument og et notatpapir når, samt en rød lapp med namnet hans. Bakgrunnen er dominert av rød-fargede tepper og dekorasjoner som gir en formell atmosfære. Xi er kledd i en mørk dress og har påført en plastikkort med bilde og navn. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Xi Jinping førebur seg til sin fjerde presidentperiode. Her er han avbilda under folkekongressen i 2022.

Foto: NOEL CELIS / AFP / NTB

– Nestleiar Zhang Youxia var reikna for å vere ein nær alliert av Xi Jinping, men det betyr ikkje at dei har ein uproblematisk relasjon. At Zhang fekk sparken viser at Xi Jinping er såpass nådelaus at det hjelp ikkje at dei er venner, forklarer Gåsemyr.

Med over 2 millionar soldatar i aktiv teneste og eit forsvarsbudsjett på 235 milliardar amerikanske dollar, er det kinesiske militæret det største i verda. Det viser ei oversikt laga av internasjonalt institutt for strategiske studium.

Heidra jobben mot korrupsjon

Nokre dagar før forsvarsdepartementet kunngjorde at Zhang og Liu skulle bli etterforska, heidra Zhang Shengmin president Xi sitt arbeid for å kjempe mot korrupsjon i militæret, skriv det kinesiske militæret si offisielle avis.

No er han den einaste gjenståande medlemmen av militærkommisjonen.

Den sentrale militærkommisjonen sverga i ed i framfor meldemmar av det kinesiske politbyrået. Dei har på seg militæruniform og held høgrehanda si oppe som ein del av ein formell seanse.

Dette biletet er det einaste biletet som NRK har tilgang på i databasane sine som viser noverande nestleiar i militærkommisjonen, Zhang Shengmin. Han står heilt til venstre på første rad.

Foto: GREG BAKER / AFP / NTB

Tidlegare har Zhang Shengmin for det meste jobba med Kina sine atomvåpen- og missilprogram. Han sit som leiar i militæret sin eigen kommisjon for disiplin og inspeksjon, som jobbar mellom anna mot korrupsjon innanfor militæret.

Eit ope spørsmål

For Gåsemyr opnar dette eit spørsmål. Det står framleis heilt ope:

– Har kommunistpartiet vist at dei har rydda opp i korrupsjonskulturen, eller har dei vist at korrupsjonen i militæret er ute av kontroll?

Forsvarsprofessor Tunsjø trur ikkje at korrupsjonen forsvinn saman med toppleiarane, men det sender eit signal til resten av militæret.

Sjølv om nesten heile militærkommisjonen har fått sparken, verkar det ikkje til å påverke militæret si evne til å utføre oppgåvene sine, peikar Gåsemyr på.

Bilde viser en stor folkemengde som står foran Den himmelske freds plass, hvor militære kjøretøy passerer. Menneskene, iført lyse capser, filmer hendelsen med mobiltelefoner. I bakgrunnen sees den ikoniske bygningen med røde flagg. Arrangementet er militærparaden i Beijing i 2025. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Då Kina viste fram arsenalet sitt av våpen, stod ein skandale på trappene i militæreliten i landet.

Foto: Go Nakamura / Reuters / NTB

Han viser til at Kina har det siste året vist fram militærkapasiteten i ein stor våpenparade og halde fram med fleire militærøvingar utanfor Taiwan.

Likar du å vere oppdatert på det som skjer i varda? Då kan du høyre utanriksredaksjonen sin podkast:

Publisert 06.02.2026, kl. 18.47

Read Entire Article