Aldri før har så mange førehandsstemt så tidleg, viser heilt ferske tal frå Valdirektoratet.
– Samanlikna med same tidspunkt ved førre stortingsval, er det ein auke på 43 prosent.
Det seier seniorrådgjevar Anders Skaalgaard.
Når han snakkar med NRK laurdag føremiddag er det nøyaktig 455.308 som har førehandsstemt.
Anders Skaalgaard
- Seniorrådgjevar i Valdirektoratet
Av dei som stemte ved førre stortingsval, stemte 57,9 prosent av dei på førehand.
Skaalgaard ventar spent på å sjå om årets tal kan overgå det.
– Men om dei gjer det, er eigentleg ikkje så viktig. Me vonar på ei god valdeltaking, at det er mange som går og stemmer – uavhengig av om det er på førehand eller på sjølve valdagen, seier han.
Kan ha ei bakside
Men er det berre positivt at mange førehandsstemmer?
Fleire veljarar NRK har snakka med laurdag, meiner det er både praktisk og enkelt å stemma på førehand.
Det er forskar Jo Saglie einig i. Han jobbar ved Institutt for samfunnsforsking, der han mellom anna forskar på val.
Men han peiker på at det òg kan ha ei bakside.
– Me mister noko av ritualet rundt valdagen, der kanskje heile familien går saman for å stemma.
Jo Saglie
- Jobbar som forskar ved Institutt for samfunnsforskning
- Utdanna statsvitar
- Forskar mellom anna på lokalval og lokaldemokrati
I staden for går kvar familiemedlem kanskje og stemmer på førehand – åleine.
– Då er det lett at nokon fell ut, fryktar Saglie.
Han får støtte frå institutt-kollega Johannes Bergh, som òg forskar på val.
– Så dei som er minst interesserte i politikk, som kanskje treng at valdagen er ei stor hending og difor vert med familien for å stemma, dei vert sittande heime, trur han.
Det som òg høyrer med til historia, er dette:
Sjølv om mengda førehandsstemmer har auka kraftig dei siste åra, har valdeltakinga halde seg veldig stabil.
Synest førehandsstemming er praktisk
Laurdag er det ein jamn straum av folk som kjem for å førehandsstemma på Torgallmenningen i Bergen.
Joakim Kolle har ikkje tvilt på kva han skulle stemma i år, og då var det like greitt å gjera det tidleg.
– Det er litt enklare enn å stemma på valdagen. Du kan gjera det når du har tid, når du uansett er i byen, seier han.
Joakim Kolle synest det er praktisk å kunna stemma på førehand, og gjer det stort sett ved kvart einaste val.
Foto: Sigurd Hamre / NRKDei fleste NRK snakkar med utanfor vallokala laurdag, seier at dei førehandsstemmer fordi det er praktisk.
– Eg syntest demokratiet funkar best når folk får lov til å ha kontroll på når dei kjem for å stemma, seier Gard Thomassen.
Oslobuaren seier at fyrste gong han fekk stemma, kjentest det høgtideleg å gjera det på sjølve valdagen.
Gard Thomassen tok med hunden for å stemma på Sagene laurdag. Hunden fekk ikkje stemma.
Foto: Truls Skram Lerø / NRK– No er det litt meir rutine. No utfører eg min ... kanskje ikkje mi borgarplikt, men mitt privilegium, oppsummerer han.
Jobbar for fleire førehandsstemmer
Av fylka er det Oslo som har høgast andel førehandsstemmer hittil, med 15,5 prosent.
Ser ein på kommunane, peiker Ringerike i Buskerud seg ut. Der har 18 prosent av veljarane førehandsstemt allereie.
Det er nest høgast blant kommunane i landet, berre slått av Kristiansund med 21 prosent førehandsstemmer.
– Kommunen har bevisst satsa på å gjera stemmegivinga tilgjengeleg for folk, seier Runar Johansen, leiar av valstyret.
Det same gjer dei i Narvik kommune, kor ein kan førehandsstemma fleire stader – mellom anna på institusjonar.
Men valansvarleg Bertil Birkeland har ikkje noko klart svar på kvifor det er stadig fleire som førehandsstemmer både der og elles i landet.
Valansvarleg i Narvik kommune, Bertil A. Birkeland.
Foto: Kristoffer Klem Bergersen / Narvik kommune– Men det er klart, det er nye generasjonar som kjem til. Det er ikkje som då eg var ung og vart med besteforeldra som dressa seg opp. Dei fleste no ønsker kanskje å bruke valdagen eller -helga til andre ting, spekulerer han.
Siste dagen du kan førehandsstemme er fredag 5. september.
Publisert 23.08.2025, kl. 19.20