– Det er litt skamlaust når Støre frir til veljarar eg meiner han har svikta med politikken regjeringa har ført.
Det seier Joel Ystebø, listetopp for Kristeleg Folkeparti i Hordaland.
Joel Ystebø meiner Ap ikkje er staden å gå for «verdibevisste veljarar». I handa held han eit berenett kona har laga med påskrifta «Gift of God».
Foto: Silje Rognsvåg / NRKHan er ein av dei konservative profilane til Kristeleg Folkeparti, og ligg an til sikker stortingsplass dersom august-målinga for NRK slår til:
Partiet ligg no på 4,8 prosent oppslutning, etter lenge å slite nede på 2-3-talet på meiningsmålingar. Fleire målingar har vist same trenden den siste veka.
KrF er såpass i vinden at Arbeidarparti-toppar frir til venstreside-fløya av veljarane deira.
Det vil Ystebø ha slutt på.
Han klistrar like godt opp plakatar i Bergen med bilde av Støre og overskrifta «Støre-regjeringas verdirasering» mellom Gabrielle og Kaizers Orchestra.
– Dette er ei smørbrødliste som viser Støre-regjeringas verdirasering dei siste fire åra, seier Ystebø.
KrF lister opp ein rekke vedtak frå Støre-regjeringa som skal ha bidrege til «verdiraseringa».
Foto: Silje Rognsvåg / NRKPunkta på plakaten meiner han burde skremme KrF-veljarar frå å gå til Støre og Arbeidarpartiet.
Særleg punkta om utvida abortgrense og rammene for ideell rusomsorg og friskular.
– Eg veit mange verdibevisste veljarar er veldig imot desse grepa. Utvida abortgrense er ei stor og dramatisk lovendring. Rasering av ideell rusomsorg har konsekvensar for samfunnets mest sårbare, seier KrF-listetoppen.
Irritert på Støres frieri
Plakatstuntet kjem etter at statsminister Jonas Gahr Støre nyleg gjekk ut med eit frieri i Klassekampen til KrF-veljarar.
Særleg retta mot dei som er lunkne til partiets nyoppussa og meir konservative profil.
– Eg har møtt mange menneske som har KrF-bakgrunn og som seier dei ikkje kjenner seg igjen. Då fortel eg dei kva Arbeidarpartiet står for, uttala Støre til avisa.
Støre peikar på «det er nære band mellom sosialdemokratiets tradisjon for solidaritet og nestekjærleiken til kristendommen».
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og statsminister Jonas Gahr Støre går begge etter kristne veljarar.
Foto: Fredrik Varfjell / NRKUttalane irriterer Ystebø, som meiner det derimot er lite for tvilande KrF-veljarar å hente hos Ap.
– Støre undervurderer hukommelsen til verdibevisste veljarar. Han frir til dei samtidig som han har denne «track recorden». Eg vil minne folk på politikken til regjeringa dei siste åra.
NRK har forsøkt å få svar av Ap til denne saka i fleire dagar. Sjå det knappe svaret frå Støre nedst i saka.
Kunnskapsministeren er sjokkert
Også kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun er i ein Fædrelandsvennen-podkast tydeleg på at ho går etter KrF-veljarar for å halde på statsrådposten.
– Det sjokkerer meg eigentleg, den enorme høgredreiinga som eg ser hos KrF no, seier Nordtun i podkasten.
Statsråden fortel at ho sjølv er kristen og møter mange tidlegare KrF-veljarar som no er kritisk til partiets nye linje.
– Dei har stemt KrF heile livet, men kjem ikkje til å gjere det no. Dei grunngjev det med den manglande rausleiken KrF no viser, uttalar ho.
Vidar Udjus i Fædrelandsvennen.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRKPolitisk redaktør i Fædrelandsvennen, Vidar Udjus, trur Ap kan fiske blant kristne som er medlem av Den norske kyrkja, mens KrF truleg hentar frå frikyrkjelege, konservative kyrkjelydar.
Ikkje minst når det gjeld kor tydeleg ein er i kritikk av Israel i samband med Gazakrigen.
– Kampen om kristne veljarar er veldig interessant, ikkje minst at Nessa Nordtun brukar så sterke ord om KrF som ho gjer, seier Udjus til NRK.
Blør til Ap, hentar frå Høgre
Ap-toppane rettar skytset mot eit parti som for tida har vind i segla. Og det er truleg ein del å hente der: August-målinga for NRK viser at KrF mister flest veljarar til Arbeidarpartiet.
Samtidig hentar KrF veljarar frå Høgre og frå gruppa som droppa å stemme i 2021, såkalla sofaveljarar.
– Eg trur fleire ser eit frimodig og tydeleg parti, og opplever KrF som attraktivt, seier Ystebø.
Valekspert Yngve Flo er samd i analysen.
– Det handlar nok om at dei har fått ein tydelegare blå profil. Pride-flagg er faktisk ei sak fleire veljarar er oppteken av, seier Flo, som er professor i moderne politisk historie ved UiB.
– KrF har i mange år prøvd å gjere både den raude og den blå sida til lags, og så har det ikkje fungert. No er dei veldig tydeleg på det dei ønsker etter eit regjeringsskifte, og til og med kan tenke seg ein statsminister frå Frp, seier Flo.
Yngve Flo er professor i moderne politisk historie ved UiB.
Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK– Immaterielle verdiar
Men kva er eigentleg «verdibevisste» veljarar, og kven har monopol på det?
– Det er eit forsøk på å definere politikken som ikkje handlar om kroner og øre i utgangspunktet, men om immaterielle verdiar som solidaritet, menneskeverd, etikk og moral, seier Flo.
– Har KrF monopol på verdiar?
– Nei, verdiar er mykje forskjellig og kan stå imot kvarandre. Det såg vi ikkje minst under pride-feiringa. Mange ser den som uttrykk for solidaritet, mens KrF meiner det er ein unødig politisering av barns liv, seier valeksperten.
– Joel Ystebø, er du ikkje moralistisk når du seier kva kristne og «verdibevisste» veljarar burde vere opptatt av?
– Eg veit ikkje kva veljarane skal vere opptatt av, men eg er opptatt av å få fram ein del av grepa denne regjeringa har gjort som eg veit at mange av veljarane er urolege for, seier Ystebø.
KrF-aren kritiserer også Aps linje overfor krigen på Gaza, som han meiner svekker dei diplomatiske forbindelsane til Israel.
– Å vere mot pride og for Israel, meiner du det er gode kristne verdiar?
– At KrF er kritisk til pride-flagging i skulen og oppteken av å ta på alvor Hamas' rolle i krigen på Gaza, er fullt ut i tråd med vårt verdigrunnlag, seier Ystebø.
Publisert 22.08.2025, kl. 15.57