Kristen skule nektar tilsette tariffavtale - skuldar på forbundet sitt verdigrunnlag

17 hours ago 2


Det seier lærar ved Bergen Kristne Grunnskole (BKG), May Britt Bu, som har jobba på den kristne friskulen i 26 år.

Saman med tretten andre lærarar streikar ho no for ein tariffavtale.

– Vi ønsker ein god avtale som liknar det andre lærarar rundt oss har. Det blir òg lettare å rekruttere nye lærarar dersom det er gode ordningar, seier ho.

Streikande lærar May Britt Bu står i sentrum av biletet. Ho har på seg ein refleksvest og ei t-skjorte der det står "i streik for tariffavtale".

– Streikeviljen framover er god, og vi står i det, seier May Britt Bu.

Foto: Ingeborg Børve Skjold / NRK

Går inn i sjette streikeveke

Den 14. april tok Utdanningsforbundet medlemmane sine ved Bergen Kristne Grunnskole (BKG) ut i streik.

Dei streikande lærarane utgjer 14 av dei totalt 33 tilsette ved skulen.

Bakgrunnen for streiken er at skuleleiinga har avvist lærarane sine krav om ein standard tariffavtale.

I staden jobbar dei med å utvikle ein lokal avtale, som dei meiner er i tråd med skulen sine verdiar.

Streiken blei først omtalt i dei kristne avisene Vårt Land og Dagen.

Har sendt bekymringsmelding til Statsforvaltaren

Fylkesleiar for Utdanningsforbundet Vestland, Steinar Vegsund Strømsli, reagerer på det han meiner er ei uvilje til å forhandle frå skuleleiinga si side.

Han trekker fram at Utdanningsforbundet har kome med eit forslag om at skulen kan melde seg inn i arbeidsgivarorganisasjonen Virke, og at Virke dermed kan føre dialogen.

Styreleiar i Utdanningsforbundet Vestland, Steinar Vegsund Strømsli, står i sentrum av biletet. Han har på seg ei t-skjorte der det står "i streik for tariffavtale". I bakgrunnen ser vi eit brunt bygg med logoen til Credokirken og Bergen Kristne Grunnskole.

Fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Steinar Vegsund Stømsli, seier dei vil stå i streik til tariffavtalen er på plass. – Eg ser ikkje bort ifrå at vi må starte opp streiken etter sommarferien.

Foto: Ingeborg Børve Skjold / NRK

Dette forslaget har skuleleiinga avvist.

Det har fått Strømsli til å stille spørsmålet om verdiar tilbake til skuleleiinga.

– Kva verdigrunnlag legg skulen til grunn, når dei med våre initiativ likevel vel at streiken skal halde fram, og utset elevane for ytterlegare manglande undervisning?

Måndag 18. mai sende Utdanningsforbundet ei bekymringsmelding til Statsforvaltaren om elevane ved BKG får det opplæringstilbodet dei har krav på.

Biletet viser ryggen til ein streikande ved BKG. Ho har på seg ein refleksvest med logoen til Utdanningsforbundet.

Dei streikande lærarane fortel at dei saknar å undervise.

Foto: Ingeborg Børve Skjold / NRK

Vil framleis ha lokal avtale

NRK har ringt styreleiar ved BKG, Olav Sollid, for eit intervju. Han svarer på e-post.

Sollid trekker fram at skuleleiinga framleis meiner at ein lokal avtale vil vere det beste for dei tilsette og skulen.

– Det er ikkje alle lærarar som ønsker ein standard tariffavtale med Utdanningsforbundet. Ein viktig verdi er at alle dei tilsette blir behandla likt, og vi ønsker ikkje å gi medlemmane i Utdanningsforbundet større innverknad enn andre tilsette på skulen, skriv han.

– Vi er ein verdibasert skule

Utdanningsforbundet meiner dei ikkje har fått innsikt i kva ved ein tariffavtale skulen ser som ei dårleg løysing. Strømsli meiner det handlar om Utdanningsforbundet som motpart.

I eit intervju på Bedehuskanalen 14. april, uttalte styreleiar Sollid at han «opplever at nokon av desse verdiane Utdanningsforbundet står for er annleis» enn skulen sitt verdigrunnlag.

På spørsmål frå NRK om kva verdiar hos Utdanningsforbundet som BKG ser på som uforlikelege, refererer Sollid til eit lesarinnlegg i avisa Dagen, kor rektor ved den kristne vidaregåande skulen Tryggheim hevdar Utdanningsforbundet ikkje støttar oppstart og utviding av friskular.

Rektoren peikar òg på forbundet si haldning til pride i skule og barnehage.

Få kristne skular har tariffavtale

Ifølgje Utdanningsforbundet hadde berre 21 av dei 131 kristne friskulane tariffavtaler i 2023.

Forskar i Fafo, Kristine Nergaard, har tariffavtaler, fagorganisering og streik som spesialområde.

Ho peikar på mindre arbeidsgivarar som ikkje er med i arbeidsgivarorganisasjonar, som dei som oftast ikkje imøtekjem krav om tariffavtale.

Forskar i Fafo, Kristine Nergaard. Ho har kort hår, briller og ser på kamera med eit seriøst uttrykk.

Kristine Nergaard er forskar i Fafo, med arbeidsliv som spesialfelt.

Foto: Alf Tore Bergsli / Fafo

– Det kan vere at arbeidsgivar anten er skeptisk til fagrørsla eller tariffavtalar, eller at vedkommande er oppteken av at ein slik avtale vil bli for kostbar, eller avgrense styringsretten, seier ho.

– Kor vanleg er det at arbeidsgivar ikkje imøtekjem krav om tariffavtale?

– Det er ganske sjeldan. Vi ser kanskje to-tre slike streikar kvart år i Noreg. Ofte kjem dei i små bedrifter, gjerne innan servicesektoren, men det har òg vore streikar i skular og barnehagar tidlegare.

Publisert 21.05.2026, kl. 16.59

Read Entire Article