Kritiserer tilsetjing: Ny sjukehusdirektør får pendlarbustad og årskort på fly

1 hour ago 2


Marit Lieng vart 8. april tilsett som ny administrerande direktør i Helse Bergen (Haukeland universitetssjukehus).

  • Ho fekk vera hemmeleg søkar,
  • var på same tid styremedlem i Helse Stavanger,
  • får 2,5 millionar kroner i løn og eitt år etterløn,
  • ho skal pendla frå Oslo, og får dekka pendlarbustad og flyreiser til og frå jobb.

 Haukeland universitetssjukehus planlegger for en økning i antall krefttilfeller.

Lieng kjem frå ein direktørjobb på Oslo universitetssjukehus, og blir sjef for Helse Bergen Haukeland universitetssjukehus 1. august.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Makt og frynsegode

Leiaren for helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe (Sp), er kritisk.

– Dette er historia som gjentar seg. Her er ei ny tilsetting med ein del frynsegode som andre ikkje har, meiner ho.

– Me ser det same i heile Helse-Noreg: ein kultur der få personar får veldig mykje makt og rekrutterer kvarandre. Dette er ikkje greitt.

– Men dersom det er dei beste som blir rekrutterte?

– Eg kjøper ikkje det argumentet, for me er ikkje få kompetente folk i dette landet.

Kjersti Toppe

Kjersti Toppe kritiserer maktkonsentrasjon og frynsegode i helse-Noreg. – Det er ikkje bra for tilliten til korleis norske sjukehus blir styrt, meiner ho.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

Tener meir enn statsministeren

Også helsepolitisk talsperson i Raudt, Seher Aydar, reagerer på fleire sider ved tilsetjinga av Lieng.

– Det er eit problem at så mange leiarar i helseføretaka har dobbeltroller, skyhøge lønningar og shoppar styreverv.

Aydar er kritisk til årsløna, pendlarvilkåra og etterløna Lieng får som helsetopp i Bergen.

– Ho skal tena langt meir enn statsministeren, og får ei etterløn på 2,5 millionar kroner frå det offentlege utan å jobba.

Sykehuset Innlandet, Gjøvik, Haukeland universitetssjukehus, St. Olavs hospital, Nordlandssykehuset

– Same person sit i styret i eitt helseføretak, er leiar i eit anna, og kjem frå eit tredje, hevdar Raudt-politikar Seher Aydar.

Foto: NRK / Scanpix / St. Olavs hospital

Kritiserer pendling

Raudt-politikaren meiner det burde vera eit minimumskrav at direktøren bur nær jobben ho skal ha ansvar for.

– At ho skal bu langt unna sjukehuset og helseføretaket ho skal ta avgjerder om, har skyhøg løn og får årskort på fly, er ekstra provoserande. Alt dette skaper eit enormt gap mellom leiinga og dei som jobbar på sjukehusa.

Også Toppe reagerer på at Helse Bergen-direktøren skal bu i Oslo.

– Senterpartiet meiner leiarar i helseføretak bør bli rekrutterte frå den regionen dei er i.

Seher Aydar

– Det er provoserande når det er så raust for dei på toppen, spesielt fordi sjukehusa må spara på kvar einaste krone, seier Seher Aydar.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

Kva kostar pendlande sjefar?

Tips meg gjerne om liknande eksempel, eller andre sider ved offentleg pengebruk.

Standardvilkår for direktørar

Marit Lieng sjølv vil ikkje kommentera kritikken. Ho viser til styreleiar Rune Haugsdal i Helse Bergen.

Han seier både sluttavtalen og resten av avtalevilkåra er «heilt standard» for dei administrerande direktørane i det regionale helseføretaket.

– Lieng var ein veldig kompetent kandidat. Ho gav uttrykk for at ho var ikkje interessert i å gå ned i lønn når ho går inn i ei såpass stor og ansvarsfull stilling.

Haugsdal seier administrerande direktørar i dei norske helseføretaka får dekka årskort med fly, fordi dei reiser så mykje rundt.

– Også Lieng får årskort og kan pendla frå heimen i Oslo, og i samband med møteverksemd.

– Du sa «heim i Oslo», så ho har ikkje fått «bu- og driveplikt» i Bergen?

– Nei, ho skal ha pendlarbustad i Bergen.

Lieng presisierer at Helse Bergen vil vurdera om årskort eller å dekka enkeltreiser er billigast. Eit årskort skal uansett berre brukast til pendling og jobbreiser.

Rune Haugsdal

– Marit Lieng startar opp med akkurat den same grunnlønna som ho har i Oslo i dag. Så kjem pendling og opphald her i tillegg, seier styreleiar Rune Haugsdal.

Foto: Ukjent fotograf / NRK

Hemmeleg søkar

Då søkarlista vart offentleggjort, var Lieng anonymisert.

Aydar kallar det «ganske spesielt».

– Eg forstår ikkje kvifor det er gjort unntak for hennar del.

– Alt mogleg hemmeleghald og alle moglege unntak frå offentlegheita er med å skapa endå meir mistillit for eit system som allereie slit med tillit, meiner ho.

– Alt her verkar som ho har fått spesialbehandling. Det er med å skapa spørsmålsteikn ved tilsettingar i det offentlege.

Toppe er einig i at dette ser ut som særbehandling.

– Det bør vera full offentlegheit om søkarlista til ei slik stilling. Dette er ein del av velferdsstaten og den offentlege helsetenesta vår.

Haukeland universitetssjukehus

Helse Bergen har rundt 12.000 tilsette og årleg rundt 700.000 polikliniske kontaktar, 72.000 døgnopphald og 32.000 operasjonar, dei fleste her ved Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Ho bad om det

Styreleiar Haugsdal forklarer hemmeleghaldet slik:

– Ho bad om det, og ho sat i ei veldig sentral stilling ved Oslo universitetssjukehus.

Han meiner anonymiseringa er i tråd med offentleglova (sjå faktaboks), også når dette var eit leiarjobbskifte i det offentlege helsevesenet.

– Me vurderte at anonymisering var innanfor regelverket. Me må sjå hen til stillinga som vedkommande sit i.

Både lova og Sivilombodet slår fast at terskelen generelt skal vera høg for å hemmeleghalda søkarar til høgare offentlege leiarstillingar.

Då «skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga».

Dobbeltrolle

Dagen før tilsettinga av Lieng vart offentleggjort 8. april, hadde NRK publisert si kartlegging av dobbelroller i helseføretaka.

At Lieng skulle leia Helse Bergen HF og samtidig sat i styret til Helse Stavanger, var ei potensielt utfordrande dobbeltrolle.

For i fleire saker «kranglar» Helse Bergen og Helse Stavanger om ansvar- og oppgåvefordeling.

Til dømes etter bemanningskrisa innan gynekologisk kreftbehandling i Bergen har Stavanger argumentert for å overta hovudansvaret for denne behandlinga.

Styreleiar Agnes Landstad i Helse Vest skriv til NRK at Marit Lieng gjekk ut av styret i Helse Stavanger 11. april.

Agnes Landstad (og Arve Varden)

Agnes Landstad i Helse Vest skriv at administrerande direktørar i regionens sjukehusføretak i utgangspunktet ikkje skal vera del av styret til andre sjukehusføretak i regionen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes

– Folk omrokerer kvarandre

Haugsdal seier at Lieng si rolle som styremedlem i Stavanger ikkje var tema under tilsettinga av henne.

– Det er nokre diskusjonar mellom Stavanger og Bergen som me skal handtera. Men eg legg til grunn at når ho byrjar her som administrerande direktør, ligg all lojalitet her i Helse Bergen.

Aydar fastheld kritikken.

– Det er dei same folka som omrokerer kvarandre frå sjukehus til sjukehus, frå helseføretak til helseføretak.

Kva kostar pendlande sjefar?

Tips meg gjerne om liknande eksempel, eller andre sider ved offentleg pengebruk.

Publisert 05.05.2026, kl. 20.27

Read Entire Article