Hedvig Wessel er verdsmeister i frikøyring og var tidlegare på landslaget i kulekøyring. Ho har vore med på både OL, VM og verdscup.
Ho har tidlegare vore mykje i høgder på 3.000–4.000 meter, både på treningsopphald og i konkurransar, noko som har gått heilt fint.
Denne gongen blei det annleis.
Opp mot toppen av Denali blei ho svært dårleg. Dette skjedde medan ho var deltakar i TV-serien «Ekspedisjonen» som går på NRK TV.
Utmattinga kom raskt da ho gjekk oppover. Det blei fort tungt å puste. Etter kvart blei ho uvel, kvalm og svimmel. Det prikka i fingrane, synet skurra og ho fekk lyst til å spy.
Bratte motbakkar gjorde det berre verre.
– Eg må ha pause. Eg held på å svime av, seier ho til taulaget sitt.






Hedvig Wessel trekkjer ein pulk oppover fjellet mot toppen av Denali.
Strix, NRK– Eg tenkte at det kom til å gå over, fortel Wessel.
Medan taulaget hadde pause forsvann symptoma, og dei kunne gå vidare.
Høgdesjuke kan vere dødeleg
Høgdesjuke er noko alle som flyttar seg opp i høgda kan få, men det er sjeldan å bli høgdesjuk om du er under 2500 meter over havet. Det betyr at det godt skal gjerast å bli høgdesjuk i Noreg, da vårt høgaste fjell, Galdhøpiggen, «berre» er 2468,8 meter høgt.
Høgdesjuke er eit samleomgrep på symptom og plager som oppstår som følge av oppstigning til høgare høgde, men kven som får høgdesjuke er det ingen som kan føresei.
– Men det å vere ung og sprek gir ikkje vern mot høgdesjuke, seier lege Stian Hallén.
Stian Hallén
Ekspedisjonslege til Denali. Han har gått opp fjellet fleire gonger. Til vanleg er han anestesilege.
– Den største risikofaktoren for å bli høgdesjuk, er å stige raskt opp i høgda, fortel han.
Omtrent halvparten av oss vil kjenne på lette høgdesjukesymptom i løpet av det første døgnet ved rask oppstigning til over 3000 meter over havet. Dei vanlegaste å kjenne på er milde plager som hovudverk, kvalme, svimmelheit og nedsett matlyst.
– Viss høgdesjuken ikkje blir tatt omsyn til, kan han bli alvorleg. I verste fall dødeleg, seier ekspedisjonslegen.
Noko av det skumle som kan skje er at hjernen hovnar opp.
Den som får det kan bli forvirra, få problem med å finne ord eller få lammingar. Om hjernen ikkje får nok blod, svimar vi av.
– I verste fall kan ein få nedsett bevisstheit og døy, seier legen.
Ein annan alvorleg effekt av høgdesjuke kan vere lungeødem. Det er når det samlar seg vatn i lungene som gjer det vanskeleg å flytte oksygen frå lungene og over i blodet.
– Vi kjenner det som tungpust. Då er det vanleg med våt hoste og av og til skumma, blodig oppspytt, fortel Stian.
– Eg blei redd for å kaste opp, fordi det har skjedd før at eg har svima av når eg har kasta opp. Eg hadde ikkje lyst til å ligge svima av oppe i fjellet, seier Hedvig Wessel.
Inga Strümke og Hedvig gjekk saman oppover Denali.
Foto: Øyvind Nordahl Næss / NRK, StrixHo var usikker på kor mykje ho kunne presse kroppen. Ho veit at høgdesjuke potensielt kan gi varige skadar i hjernen.
Mindre oksygen
Prosessen med at kroppen tilpassar seg høgde blir kalla akklimatisering, og det skjer hos alle, men i ulikt tempo.
– Vi tilpassar oss blant anna ved at vi pustar raskare. Dette gjer vi for å kompensere for at det er mindre oksygen i lufta.
Ein tommelfingerregel er at du ikkje skal auke høgda du søv på med meir enn 300 meter per døgn frå 3.000 meter og oppover.
Hedvig hadde med seg Tete Lidbom, Espen Nakstad, Harald Rønneberg, Anne Lindmo, Inga Strümke som turkameratar.
Foto: Øyvind Nordahl Næss / Strix / NRKEkspedisjonslegen meiner at alle deltakarane i «Ekspedisjonen» tilpassa seg på den måten at dei produserte meir blod.
Oppgåva til dei raude blodcellene er å frakte oksygen ut i kroppen, og kroppen produserer fleire av dei for å kompensere for at det er mindre oksygen i lufta.
- Her kan du lese kuriøse fakta om høgdesjuke:
Tuva Tagseth / NRK
Kvifor får vi ikkje høgdesjuke når vi flyr?
Trykket i flykabinen er tilpassa oss og svarer til ei høgd på 1.500–2.400 meter. Hadde det ikkje vore slik, ville vi ha svima av når flyet nådde vanleg flyhøgd.
NRK Strix
Kor lite oksygen?
På Denali er det berre halvparten så mykje oksygen som på havnivå. På Mount Everest er det berre ein tredjedel.
Jo kaldare det er, jo mindre oksygen vert tilgjengeleg på dei høge fjelltoppane.
Colourbox
Er innbyggjarane i La Paz konstant høgdesjuke?
Sentrum av storbyen ligg på 3640 meters høgd. Dei som reiser til byen får tilbod om oksygen på flyplassen mot høgdesjuke.
Dei som bur der er tilpassa høgda og utviklar ikkje høgdesjuke så lenge dei ikkje reiser vidare oppover i fjella.
Colourbox
Mykje tissing
Nyrene er avgjerande for tilpassinga vår til høgde. Dei sørger både for at vi tissar ut overskot av base i blodet og for å lage EPO, som stimulerer produksjonen av raude blodceller.
Fleire raude blodceller er det idrettsutøvarar ønskjer å oppnå ved å trene i høgder.
Kunstig EPO er doping.
Javier Auris
Hjelper kokablader mot høgdesjuke?
Kokablader er tradisjonelt brukt mot høgdesjuke, særleg i Andesfjella.
Effekten av kokablader mot høgdesjuke er tvilsam, og det er mange skadelege effektar.
Fredrik Varfjell / NTB
Problem med fotball-VM i Mexico?
Det kan bli utfordrande for spelarane å tilpasse seg baner på svært varierande høgd over havet.
Nokre er bekymra for at lag som får spele fleire kampar på lågare høgd eller i meir behageleg klima, får ein stor fordel.
Tuva Tagseth / NRK
Korleis er det å ha astma i høgder?
Folk med astma kan nokre gonger få mindre plager i høgden, fordi lufta er tynnare og lettare å puste ut og inn.
Ikkje berre fryd og gammen
Symptoma til Hedvig kom og gjekk frå ein dag til den neste.
Etter ein time i bratte motbakkar blei ho svimmel og fekk høg puls. Ho måtte ha pause.
– Som ekspedisjonslege blei det ein del vanskelege avgjerder å ta, seier Stian.
For å ta dei vanskelege avgjerdene, måtte Stian Hallén høyre korleis det stod til i den andre gruppa som begynte å gå nokre dagar før. SKJERMDUMP FRÅ TV-SERIEN «EKSPEDISJONEN»
Ingen fekk gå høgare utan at symptoma på høgdesjuke hadde gitt seg. Samtidig innebar slike avgjerder at heile gruppa måtte stanse.
– Eg kjende meg fin igjen etter pausen, og tenkte at det kom til å gå over.
I «Ekspedisjonen» var rask oppstigning med full oppakning taktikken til gruppa som Hedvig Wessel gjekk i.
– Dette kan ha vore med på å gi Hedvig ein mild høgdesjuke på turen. Men kjensla av å måtte kaste opp og å svime av, som kom og gjekk, var nok ikkje det vi kallar høgdesjuke, seier legen som gjekk i same gruppe som Hedvig.
Til slutt fekk Hedvig beskjed om at ho ikkje fekk fortsette oppover mot toppen av Denali.
– Det var kjipt.
Wessel fortel om ein ubehageleg kveld da ho hadde så sjukt vondt i hovudet at det dunket berre ho bevega seg.
Foto: Øyvind Nordahl Næss / NRK, StrixHo er vand til å bestemme over seg sjølv og sin eigen kropp, og no var det nokre andre som bestemte over henne. Det kjentest ikkje bra å bli hindra i å nå toppen av Denali.
– Symptoma eg kjente på Denali gjekk over så snart eg kom ned, og eg fekk ingen varige skadar, seier den erfarne frikøyraren.
Publisert 05.12.2025, kl. 21.05















English (US)