Søndag hadde det norske Eurovision-bidraget med Kyle Alessandro i spissen sine første prøver i Basel.
Men det var berre så vidt Kyle klarte å gjennomføre dei, ifølgje leiar for den norske delegasjonen Mads Tørklep.
– Han klarte så vidt å opne munnen i dag tidleg og tok sterke smertestillande for å klare å gjennomføre prøvane.
Rett etter at prøvane var ferdig blei Kyle hasta til tannlegevakta, og der var beskjeden klar.
Tannlegen kunne konstatere at det hadde gått ein kraftig infeksjon i tannkjøtet. Tannlegen vurderte det dit hen at tanna måtte bli trekt med ein gong.
Droppar alt program dei neste dagane
Kyle Alessandro har fått beskjed frå tannlegen om å halde seg i ro og unngå fysisk aktivitet dei neste dagane. Han kan heller ikkje synge.
Dermed har alt program dei neste dagane blitt lagt på is.
Ifølgje Tørklep var det mykje som sto på programmet dei neste dagane. Måndag skulle han hatt full prøvedag, som dei nå er nøydde til å droppe. Og både måndag og tysdag skulle han hatt tre timar med intervju med internasjonal presse.
–Vi må sjå an kva vi gjer. Ein blir ofte i dårleg form når ein trekk ei visdomstann, så det blir vanskeleg for oss å gjennomføre dei planlagde aktivitetane.
– Vi må berre sjå det an nå han er i form igjen og klar for å synge, seier Tørklep.
Resten av teamet kjem til å øve på det dei får til åleine.
Søndag hadde Kyle Alessandro sine første sceneprøver i Basel som første land ut. Det er første gong Kyle står på det som er verdas største musikkscene.
Kyle Allessandro og teamet hans rakk tre gjennomgangar av nummeret.
– Den aller første gjennomgangen pleier å vere litt rufsete. Men Mona Berntsen og gjort ein veldig god jobb med å
Publisert 04.05.2025, kl. 16.55 Oppdatert 04.05.2025, kl. 17.23