Kyrkjeklokker ringer for Gaza

2 days ago 4


Klokka 15 torsdag vil det ringe i over 300 kyrkjer over heile landet.

Biskopane har gått saman om ei kollektiv markering i solidaritet med angrepet på Gaza.

Kyrkjeklokkene skal ringje i sju minutt i ettermiddag.

– Vi ringer i solidaritet med dei, vi ber for dei, og vi ringer for å si at dette må stoppe. Og de som kan gjere noko med det, må bidra til at det stoppar, seier preses i Bispedømet Olav Fykse Tveit.

Eit varsel om fare

Konflikten mellom Israel og Hamas eskalerte etter angrepet frå Hamas 7. oktober 2023. Sidan har Israel ført krig mot Gaza, der over 60.000 personar drepne.

Ifølgje Al Jazeera er 197 drepne av svolt. Israel blir skulda for folkemord i Gaza av FN-rapportørar, folkerettsekspertar og menneskerettsorganisasjonar.

Det er sjeldan at kyrkjeklokkene blir brukt på denne måte. Men det er ei gammal historie om at kyrkjeklokkene blir brukt for å varsle fare.

– Når vi bruker dei symbolsk på denne måten, er det for å seie at vi må reagere på det vi ser. Vi må vakne opp og reagere, seier Tveit.

Olav Fykse Tveit

Preses i Bispemøtet i Den norske kyrkje, Olav Fykse Tveit.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Israel har hindra mat, straum, internett, medisinar og presse å kome inn på Gazastripa, ifølgje hjelpeorganisasjonar.

Målet med aksjonen er å skape ei felles markering frå det norske samfunnet, for å skape merksemd om lidingane på Gaza, og å legge press på dei med makt til å gjere noko med det, seier Tveit.

Fleire hundre kyrkje

Kyrkjeklokker er lyd. I Bjørgvin bispedøme skal opp mot 100 kyrkjer ringe. I Møre og Romsdal skal 40 kyrkjer ringer for situasjonen i Gaza.

– Overalt samtidig. I ein by som Bergen eller Oslo, der det er mange kyrkjer, så vil det bli veldig høyrbart, seier Tveit.

en mann med skjegg og briller som står under kirkeklokkene i Molde

I Molde står kyrkjetenar Jan Lundstrøm klar til å ringe.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I Molde har fleire møtt opp til markering i domkyrkja. Astrid Aarønes Skarsbø går ikkje vanlegvis i kyrkja, men ho går i dag.

– Eg støttar alt som kan gagne Palestina. Eg er både sint og fortvila. Sjølv om eg aldri går i kyrkja anna enn til konsert eller gravferd, går eg i dag, seier Skarsbø.

en gruppe mennesker som sitter i en kirke

Fleire stader blir det haldt lystenning og gudsteneste for Gaza i dag. Her frå Molde domkyrkje.

Foto: Roar Strøm / NRK

Vil ikkje ringe

Ikkje alle i kyrkja støttar initiativet frå bispedøma. I ein leiar kritiserer Vårt Land biskopane for å ikkje også nemne dei israelske gislane.

I Agder vil fleire kyrkjer vere stille når klokka slår 15. Sokneprest i Lyngdal, Sverre Lied, seier markeringa blir for einsidig.

– Eg synest det er trist at det ikkje blir gjort på ein måte som gjer at alle kan slutte seg til, seier Lied.

Sogneprest Sverre Elgvin Lied

Sokneprest Sverre Lied i Lyngdal.

Foto: Kjetil Samuelsen / NRK

Preses Tveit svarer at dei jobbar for fred i Israel og Palestina kvar dag.

– Akkurat no er det ein ekstremt prekær situasjon i Gaza, faktisk det ein kallar folkemord. Eg forstår at nokon meiner vi skulle gjort det på ein annan måte. Men i dag må vi markere spesielt for folk i Gaza, svarer Tveit.

Ringer i Palestina

Lyden av kyrkjeklokkene har også nådd Palestina. Bispemøtet har blitt kontakta av biskopen i den lutherske kyrkja i Palestina, som takka for initiativet.

Som eit svar vil kyrkjeklokkene også ringe i Palestina, samstundes som i norske kyrkjer.

Moldelegen Kjell Erik Strømskag var på Gaza på for ein månad sidan, der han jobba på ein av sjukehusa. Han seier han har fått melding frå fleire av dei han jobba med på Gaza.

– Dei takkar for at Noreg viser dei medkjensle og at vi bryr oss om dei, seier Strømskag

Keith Weber et al. sitter i stoler

Biskop i Møre og Romsdal, Ingeborg Midttømme, fekk ein kroppsleg reaksjon under gudstenesta.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Også i Finland og Island har erkebiskopane oppmoda kyrkjene til å ringe klokka 15 i dag. I Sverige vil dei ha eit liknande arrangement på søndag.

Biskop i Møre og Romsdal, Ingeborg Midttømme, seier det var ekstra sterkt å halde gudsteneste med helsing frå biskopen i Palestina.

– Eg blei mykje meir rørt enn eg var budd på. Då eg stod for alteret og bad tok det tak i heile kroppen. Då eg sette meg byrja eg faktisk å hulkegråte, for situasjonen er så uforståeleg, seier Midttømme.

Publisert 07.08.2025, kl. 13.59 Oppdatert 07.08.2025, kl. 14.54

Read Entire Article