Lagkamerat tar Lindvik i forsvar: – Hatmeldingar høyrer aldri heime nokon stad

2 hours ago 4


Marius Lindvik har fått mange kraftige reaksjonar i sosiale medium som følge av hoppskandalen i vinter.

Det fortalde den norske hopparen til NRK dagen etter at han stod øvst på podiet under Sommer Grand Prix i franske Courchevel.

Måndag fekk han vite at disiplinærsaka mot han skal opp i høyring hos den etiske komiteen i FIS.

– Har du fått reaksjonar frå folk som har stussa på at dei norske er tilbake og hoppar før den saka dykk har hengjande over dykk er avklart?

– Eg har fått mykje hatmeldingar på diverse sosiale medium. Så eg trur ikkje alle syns det var like bra, men vi har jo alt vårt på det tørre, vi, sa 27-åringen til NRK.

– Kva legg du i hatmeldingar?

– Mange stygge meldingar og kommentarar. Sånn er det, sa han utan å vilje utdjupe innhaldet nærare.

Hoppskandalen

  • Hva er hoppskandalen?

    Under ski-VM i Trondheim i mars ble det norske støtteapparatet i hopp snikfilmet da skidresser ble sydd om.

    Norge innrømmet etter hvert juks. En stivere tråd ble sydd inn for at det skulle bli lengre hopp.

    I ettertid ble alle hopperne utestengt av FIS ut forrige sesong, også de utøverne som i dag er frikjent.

    De suspenderte landslagstrenerne Magnus Brevig og Thomas Lobben, samt skredderen Adrian Livelten, kom til enighet med Norges Skiforbund om sluttavtaler og var ferdige i jobbene sine i mai.

  • Hva er nytt?

    Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet (FIS) ønsker å suspendere hopperne Marius Lindvik og Johann André Forfang.

    Det bekrefter LOs juridiske avdeling til NRK. De har bistått Lindvik og Forfang.

    FIS ønsker tre måneder suspensjon (fratrukket tiden de har vært suspendert) og 25.000 norske kroner i bot per utøver.

    FIS ønsker også å suspendere Lobben (trenerapparatet) og Livelten (skredder) i 18 måneder. Det bekrefter advokat Sven Ivar Sandstøl.

    Hopperne Robin Pedersen, Kristoffer Eriksen Sundal og Robert Johansson er frikjent. Johansson la opp etter sesongslutt.

  • Hva skjer videre?

    Nå skal FIS sin etiske komité gjennomføre en høring med Lindvik og Forfang.

    Komiteen skal så fastsette en eventuell straff.

    Verdenscupen i skihopping starter 22. november.

– Høyrer aldri heime nokon stad

På fransk jord brukte han i staden meldingane som motivasjon til å vinne hopprennet laurdag. Dei norske leiarane og utøvarane feira vilt på sletta etterpå.

Onsdag nytta Fredrik Villumstad høvet til å ta romkameraten frå opphaldet i Courchevel i forsvar. Han bekrefta samtidig at han hadde fått sjå fleire av dei stygge meldingane.

– Hatmeldingar høyrer aldri heime nokon stad, seier Villumstad til NRK.

Fredrik Willumstad Midtstubakken

GLER SEG TIL Å HOPPE I POLEN: Fredrik Villumstad ser ingen grunn til å frykte den polske hoppfansen. Han set kursen mot Wisła alt grytidleg, torsdag morgon.

Foto: Mark Tonkin / NRK

Han meiner rivalisering mellom ulike fangrupperingar er vanleg innanfor idretten, men at det samtidig finst ei grense for alt.

– Det er fint med fans som er for og imot når det dreier seg om lagidrettar. Slik rivalisering er ein glad for, men ein ønsker ikkje at det skal vere hat, sinne eller rasisme retta mot idrettsfolk. Det skal alltid vere respekt og glede for idretten i botn og grunn, seier han.

– Korleis trur du han blir prega av dette?

– Marius er flink til å legge ting frå seg. Da eg budde på rommet hans, og han fortalde meg litt om det, lo han litt av det òg. Det blir jo litt uverkeleg. Det er alltids nokon som er kjipe. Det er ikkje noko hyggeleg, men ein kan jo svare at det var ein «idiotisk melding», seier han.

Hoppskandalen: Dette har skjedd

Mindre populære i Polen

Villumstad er saman med Robin Pedersen dei einaste norske hopparane som stiller til start i helgas hopprenn. Paradoksalt nok i polske Wisła.

Den polske hoppfansen er lidenskapeleg. Journalist Arkadiusz Dudziak frå avisa WP SportoweFakty fortel at hoppskandalen som eksploderte inn mot den avsluttande helga under Ski-VM i Trondheim, har endra fansens syn på nordmennene.

– Ja, i Polen er dei norske utøvarane mindre populære no, sjølvsagt. Dei er ikkje like mykje beundra som dei var før.

Han har følgt hoppsporten dei siste åra i heimlandet, og seier følgande om kva slags mottaking dei norske kan vente seg i Wisła:

– Eg trur ikkje det vil vere så mykje fiendskap mot dei, fordi det er ikkje berre hopparane sjølv som er skuld i denne skandalen. Samtidig er det sjølvsagt nokre høglydte stemmer som meiner heile det norske laget burde blitt straffa som nasjon. Dei tilhøyrer ikkje majoriteten, og eg trur ikkje dei har noko å frykte, seier han.

to menn med hatter

MIDT I KRISA: Frå venstre: Den tidlegare trenaren til hopplandslaget Magnus Brevig og sportssjef Jan-Erik Aalbu møtte pressa i Granåsen etter at Marius Lindvik og Johann André Forfang blei diska og skulda for juks under ski-VM i Trondheim.

Foto: Terje Pedersen / NRK

Aalbu: – Vi må bygge tillit

Hoppsjef Jan-Erik Aalbu er ikkje altfor bekymra over det som ventar frå tribuneplass i Polen.

– Eg forventar ingenting. Gutane drar ned dit og er fokusert på å hoppe best mogleg på ski, så får vi ta det vi får. Vi er i ferd med å bygge opp tilliten som kanskje blei brote ned etter VM. Det må vi berre gjere oss fortent til. Vi gleder oss til å stå på ski og får ikkje gjort noko med polakkar som eventuelt er misfornøgd med noko, seier han.

Jakub Kot er tilknytt polsk Eurosport som ekspert og er tidlegare skihoppar. Han meiner det er på tide å sette ein strek over heile skandalen, og maner til at det øvste organet til sporten – det internasjonale skiforbundet – skaper ro i rekkene så snart som mogleg.

– Dette er ei sak FIS må avgjere. Dei må trekke konklusjonane sine og avslutte ho. Det er ikkje bra at ho trekker ut lenger. Det har gått for lang tid utan at det har komme ei avgjerd, seier Kot til NRK.

– Kva slags mottaking trur du dei norske hopparane får i Wisła?

– Eg trur ikkje det blir verken tilrop eller buing mot det norske laget i Wisła, men det kan nok komme den typen reaksjonar i Zakopane til vinteren, med 20 000 på tribunen. Det kan vere det er nokre fanatikarar som ikkje er glade for at nordmennene kjem dit, men i sommar trur eg ikkje det vil vere noko problem.

Villumstad påpeikar at han berre gleder seg til helgas konkurranse, og har ingen motførestillingar mot å reise ned til «løvehòla»:

– Hoppsporten har stor popularitet der, og det pleier å vere bra med folk. Så eg trur eigentleg berre det blir bra, seier Skimt-hopparen smilande.

Publisert 13.08.2025, kl. 18.25 Oppdatert 13.08.2025, kl. 18.36

Read Entire Article