Etter valnederlaget i 2017 konkluderte «havarikommisjonen» med at distriktsprofilen til Arbeidarpartiet blei vanskjøtta.
No spør fleire om Ap kan vere i ferd med å gjenta feilen.
NRK har snakka med fleire lokale Ap-toppar som spør seg om «Oslo-dominansen» i leiinga gjer at partiet har mista fingerspisskjensla med kva som bevegar seg på andre sida av vasskiljet.
Bakgrunnen er ein serie vonbrot dei siste to vekene:
– Som ein togkrasj i sakte film
– Regjeringa sparkar beina under oss, seier Vik-ordførar Roy-Egil Stadheim (Ap).
Bakgrunnen er at regjeringa «heilt ut av det blå» strammar inn på kommunen sin moglegheit til å bruke konsesjonskraft slik dei sjølv vil.
Allereie før jul gjorde same ordførar eit poeng av at «ferje-tabben» kunne vore unngått om regjeringa hadde hatt fleire vestlendingar på dekk.
Resonnementet er som følger: Utan den kroppslege erfaringa med kva det vil seie å vere avhengig av ferje, blir prioriteringane deretter.
I eit intervju med Firda seier stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, Torbjørn Vereide (Ap), at han er «overraska og forbanna» over kva som skjer på vakta til partikameratane.
Han samanliknar det siste fly-kuttet med ein «togkrasj i sakte film».
Han legg til at han har prøvd å ta opp kampen med lokomotivførarane rundt Kongens bord, men utan å nå fram.
Torbjørn Vereide (Ap) samanliknar det siste fly-kutta med eit «togkrasj i sakte film». Her saman med partikameratane Kamzy Gunaratnam og Jonas Gahr Støre.
Foto: Terje Pedersen / NTBOpe brev til regjeringa om å justere kursen
– Det kan sjå ut som om regjeringa i avgrensa grad tek inn over seg samanhengen mellom verdiskaping, kompetanse og tryggleik langs kysten, seier Judith Kvåle (Ap), som er ordførar i Stad kommune.
Ho er «svært skuffa» over den siste tunnel-omdreiinga og viser til at Stadhavet er arbeidsplassen til om lag 30.000 sjøfolk.
– Risikoen dei tek er godt dokumentert.
I Sunnfjord har dei lokale Ap-toppane sendt ope brev til regjeringa med «sterk oppmoding» om å justere kursen:
«I ein region utan jernbane, med krevjande vegstandard og avgrensa kollektivtilbod, er flyruta til Oslo ikkje eit luksustilbod, men ein heilt nødvendig del av infrastrukturen», skriv dei.
Alarmen om at partiet har utvikla ei geografisk blindsone har gått i fleire lokallag. På biletet: Judith Kvåle (Ap), som er ordførar i Stad kommune.
Foto: Stad kommune– Bruker ein formue på å subsidiere togpendlarar på Austlandet
Ideen om at vestlendingane kjem til kort har røter i ein sterk skepsis til sentralmakt og embetsverk som har definert kyst- og fjordkulturen i fleire hundre år, og kom sist til overflata da eit «Vestlandsopprør» spreidde seg langs kysten for tre år sidan.
Sentralt i forteljinga om den geografiske blindsona er at økonomiske formlar for «samfunnsnytte» gir for høg skår til små reisetidsgevinstar, og at dei ikkje fangar opp at pengar til rassikring, fly og bruer er av eksistensiell betydning langs kysten.
Andre ironiserer over at «Oslo-tunnelen» – til 67 milliardar kroner – er døypt om til «Rikstunnelen», som for å dekke over kor i landet pengane faktisk blir brukt.
– Vi bruker ein formue på å subsidiere relativt få togpendlarar på Austlandet. På motsett side av fjellet ber dei berre om at det skal vere mogleg å komme seg til eit møte i Bergen eller Oslo, skriv Mathias Fischer i tankesmia Initiativ Vest.
Han legg til:
– Ikkje fire avgangar i timen, ikkje to eingong. Berre akkurat nok avgangar til at ein kan fly inn til hovudstaden for å forklare politikarane korleis liva blir levde her ute.
Fleire langs kysten ironiserer over at samferdselsminister og østfolding Jon-Ivar Nygård vil bruke 20 milliardar på å kutte reisetida mellom Råde-Fredrikstad med tre minutt – til prisen av tre skipstunnelar.
Foto: Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta / NTBBerre 4 av 69 er frå Vestland
Ei oppteljing i Bergensavisen viser at berre fire av 69 statsrådar og statssekretærar i Støre-regjeringa er frå Vestland fylke.
Vik-ordførar Roy Egil Stadheim (Ap) er likevel fast i trua, og lever etter mottoet: «Den ein elskar, tuktar ein».
– Det er ikkje første gong at du er sinna på Ap-leiinga i Oslo. Har du vurdert partimedlemskapen din?
– Å nei, dei gjer utruleg mykje bra òg. Men eg er typen som seier frå når det er nødvendig. Og det er denne gongen òg, dessverre.
– Dette ikkje er bra.
Sigurd Hamre / NRK
Roy-Egil Stadheim (Ap), ordførar i Vik
Vi har brukt mykje ressursar på arealplanar for å bruke krafta der ho blir produsert, men no sparkar regjeringa beina under oss. Det er ein arrogant politikk som tvingar krafta bort frå distrikta til sentrale strøk med store tap i linjenettet som følge.
NRK Hordaland
Torgeir Næss (Ap), ordførar i Kvam herad
Eg er ikkje samd i at regjeringa prioriterer ned Vestlandet, trass i vanskelege prioriteringar grunna auka forsvarsutgifter. Me er kraftig usamde i saker som Stad skipstunnel, kutt i FOT-rutene og innstramming på konsesjonskraft, og her har me sagt tydeleg frå. Men Vestland Ap blir òg høyrde. Eit døme er landbruksoppgjeret, som gav eit godt resultat for vestlandsbonden.
Tale Hauso
Roald Aga Haug (Ap), ordførar i Ullensvang kommune
Det er høgt under taket i Ap, og eg gjev klare tilbakemeldingar når det trengst – som at konsesjonskraftsaka om datasenter må vere ei misforståing. Men vi må ikkje gløyme alt det positive. Vi har langt meir å hente hjå dei raudgrøne enn hjå dei blåblå. Vi kan kritisere, men som partifolk bør vi ikkje gå amok for kvart einaste enkelttiltak vi er misnøgde med i revidert statsbudsjett.
privat
Petter Sortland (Ap), ordførar i Høyanger
Dette var mildt sagt overraskande. Her har departementet jobba i rekordtempo utan å invitere dei aktuelle partane til dialog. Det er ei stor mistyding at kommunane gir vekk krafta gratis; vi har lang røynsle med å optimalisere desse verdiane. Det er jo faktisk større betalingsvilje og evne i datasenterbransjen enn i tradisjonell kraftforedlande industri som Hydro og Elkem.
Ingeborg Grindheim Slinde
Kjell Bøe Bjørgum (Ap), ordførar i Aurland
Dette er nok eit angrep på vertskommunane for kraftproduksjon. Det er eit direkte brot på den samfunnskontakten me inngjekk då me slutta vi til utbygging av krafta. Fylkeskommunane blir allereie finansierte med store overføringar frå vertskommunane, og dette blir ei rein direkteoverføring frå oss til fylkeskommunen. Slikt skaper ikkje ro rundt vidare vasskraftutbygging.
Stad kommune
Judith Kvåle (Ap), ordførar Stad kommune
Tunnel-vrakinga er skuffande, men ikkje uventa ut frå signala frå regjeringa. Dei tek i lita grad inn over seg samanhengen mellom verdiskaping, kompetanse og tryggleik langs kysten. Trygge rammer er ein føresetnad for eit konkurransedyktig næringsliv, og skipstunnelen må sjåast som ei HMS-investering.
Tom Balgaard / NRK
Trygve Slagsvold Vedum, Sp-leiar
Diverre har ei rein Ap-regjering systematisk nedprioritert distrikta. Det var Sp som sikra billegare ferjer, sletta studielån, ro rundt sjukehusa og betre flytilbod i Sogn og Fjordane. No ser vi ei klar dreiing mot sentralisering og Oslo-styring som liknar Høgre og Frp sin politikk. Vi gir oss ikkje. Svikter dei distrikta vidare, vil Ap møte fleire nederlag. Noreg er meir enn Oslo sentrum.
Dag Ulvedal
Alfred Bjørlo, Stiftelsen Drivkraft
Staten bruker enorme summar på halvfulle Intercity-tog rundt Oslo, utan at samferdselsministeren problematiserer belegget på Dagsrevyen. Fordi alle forstår at det handlar om å halde eit samfunn i gang. Akkurat det same gjeld flyrutene på Vestlandet. Kortbanenettet er ikkje luksus, det er vår InterCity. Det handlar om kva slags land Noreg skal vere.
Bård Bøe
Mathias Fischer, leiar i Initiativ Vest
For å forstå flyengasjementet må ein forstå avstandane i Noreg. Store delar av landet ville vore isolerte utan statlege kroner til infrastruktur. Dei små, grøne flya på kortbanenettet er bruene som fortel innbyggjarane at dei også er ein del av dette landet. Når regjeringa svekkjer dette tilbodet, kommuniserer dei samtidig at distrikta ikkje er så viktige lenger.
Publisert 22.05.2026, kl. 11.47












English (US)