Medan representantar for USA med utanriksminister Marco Rubio i spissen har reist til Saudi-Arabia for å møte russiske representantar tysdag, samlar europeiske statsleiarar seg til eit hastemøte i Paris.
Frankrikes president Emmanuel Macron er vertsskap for møtet. Han har snakka med USAs president Donald Trump før møtet, opplyser kontoret til den franske presidenten.
Danmarks statsminister Mette Frederiksen skal representere dei nordiske og baltiske landa på møtet.
I tillegg skal statsleiarar frå Storbritannia, Tyskland, Italia, Polen, Spania og Det europeiske råd delta på møtet.
Soldatar til Ukraina
Blant tema på møtet blir truleg om ein skal sende soldatar til Ukraina for å trygge freden om partane skulle bli einige om ein våpenkvile.
Søndag opna Storbritannias statsminister Keir Starmer for dette, medan statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) sa måndag at det er for tidleg å konkludere om dette no.
– Det er ikkje tid for å diskutere det. Det at det er møter mellom russarar og amerikanarar, det får vi forhalde oss til. I løpet av gårsdagen kom det fleire signal frå USA at Europa skal med i desse forhandlingane, sa han.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) meiner det er for tidleg å seie noko om korleis Noreg skal hjelpe Ukraina etter ei våpenkvile.
Foto: Alf Simensen / NRKLeiaren for EU-kommisjonen Ursula von der Leyen skal også delta på krisemøtet. Før møtestart seier ho det er viktig å tenke nytt, og auke løyvingane til forsvaret.
– Europas sikkerheit står ved eit vendepunkt. Ja, det handlar om Ukraina, men det handlar også om oss, skreiv ho på X.
Publisert 17.02.2025, kl. 16.10 Oppdatert 17.02.2025, kl. 16.14