Manet-flaks redda oppdrettslaks

2 months ago 16


Tapstala i lakseoppdrett er framleis stabilt høg, og nedgangen i talet på oppdrettslaks som døydde i fjor, kan delvis skuldast flaks.

Det seier forskar Lars Helge Stien ved Havforskingsinstituttet.

I dag legg instituttet fram den årlege risikorapporten sin, om blant anna lakselus, rømming og dødelegheit i norsk fiskeoppdrett.

Stien seier at redusert mengde perlesnor-manet langs norskekysten kan ha bidratt til at dødelegheita i oppdrettsanlegga gjekk ned i 2024.

Det mest tydelege signalet vi finn i datamaterialet, er at dei områda som hadde mindre problem med angrep frå perlesnor-manet i fjor, fekk lågare dødelegheit enn året før.

Perlesnormanet

Områda der innrapporteringane om manetangrep gjekk tydeleg ned frå 2023 til 2024, hadde også ein tydeleg nedgang i fiskedødelegheit.

Foto: Mattilsynet

Manet-invasjon

I 2023 vart mange oppdrettsanlegg langs norskekysten råka av ein «invasjon» av perlesnor-manet. Neslegifta i maneta tok livet av mykje fisk i merdane.

Totalt døydde 65 millionar norsk oppdrettslaks av infeksjonar, lakselus, sår eller annan sjukdom.

Det tilsvarte kvar sjette laks. Aller verst var det på Vestlandet, der kvar fjerde fisk døydde før slakting.

Perlesnor-maneta stod for mykje av dette. Berre i desember 2023 vart det anslått at den vakre, men giftige maneta stod for nesten 20 prosent av dødelegheita i oppdrettsanlegga.

Tidlegare i år viste statistikken frå Fiskeridirektoratet at talet på laks som døydde før slakting i fjor, gjekk ned til 60 millionar. Veterinærinstituttet fortalde nyleg at det svarar til ei dødelegheit på 15,4 prosent – ein nedgang frå 16,7 prosent i 2023.

– Fiskehelsetiltak verkar

Særleg «verstingområda» på Sør-Vestlandet hadde stor nedgang i fiskedødelegheit.

– Ein gledeleg nedgang, sa konstituert avdelingsdirektør Ingunn Sommerset ved Veterinærinstituttet.

Både ho og bransjeorganisasjonen Sjømat Norge meinte næringsaktørane hadde bidratt med ulike tiltak som fekk dødelegheita ned.

– Det verkar som at oppdrettarar har tatt dette på alvor og jobbar målretta med å få betre fiskehelse og fiskevelferd, sa Sommerset.

Vi trur og håpar at det er resultat av mange ulike tiltak, sa regiondirektør Krister Hoaas i Havbruk Vest, Sjømat Norge.

Dødsfall av oppdrettsfisk ved Grieg Seafoods anlegg Vinnalandet i Vest-Finnmark

Oppdrettsfisk døydde ved Grieg Seafoods anlegg Vinnalandet i Vest-Finnmark, etter innsig av perlesnor-manet.

Foto: Mattilsynet

Eller er det litt flaks, òg?

Det har vore såpass mykje uflaks i dette området at eg vel å tru at det er tiltak som er årsaka.

– Element av flaks

Men ved Havforskingsinstituttet er ikkje forskar Stien heilt overtydd.

For er det næringa sjølv eller perlesnor-maneta og vindretninga som skal ha mest ære når færre oppdrettslaks døydde i fjor?

Det kan også vere eit element av flaks. For det har jo blitt rapportert at oppdrettarar har sett perlesnor-maneten komme mot anlegget. Og så har det vore ei endring i vêret, slik at maneta har flote ein annan veg. Det kan ein kalle flaks, seier Stien.

Men samtidig seier han oppdrettarane kan ha gjort tiltak mot maneta.

– For eksempel kan ein prøve å unngå å fôre fisken, slik at han står djupare i sjøen og dermed unngår maneta. Nokon prøver også å ta «skjørt» rundt merdane for å hindre at maneta kjem inn til fisken.

Lars Helge Stien, forskingssjef for dyrevelferd, Havforskingsinstituttet

– Dødelegheita i lakseoppdrett er framleis stabilt høg, seier forskar Lars Helge Stien ved Havforskingsinstituttet.

Foto: Christine C. Fagerbakke / HI

Framleis høg dødelegheit

Flaks – som følge av mindre manetangrep kan altså ha bidratt til at færre fiskar vart rapporterte som døde i 2024. Men Havforskingsinstituttet slår fast at laksedøden i norske oppdrettsanlegg eigentleg er stabilt høg over tid, men hadde ein ekstra topp i fjor.

– I fjor såg vi lågare dødelegheit på Vestlandet, og høgare i nord. I sum ganske uendra, seier Stien.

Havforskingsinstituttet konkluderer at det framleis er høg risiko for høg dødelegheit og dårleg fiskevelferd for oppdrettslaks i 7 av 13 produksjonsområde langs norskekysten. Det gjeld frå svenskegrensa til Sør-Trøndelag, pluss i Vest-Finnmark.

Generelt jobbar oppdrettsselskapa med mange ulike fiskehelsetiltak mot lakselus og andre sjukdommar. Men Stien seier også at forsøk med nye metodar kan slå ut feil veg.

Næringa jobbar heile tida for å gjere avlusingsmetodane betre og meir skånsame. Samtidig prøver dei ut nye oppdrettsteknologiar som også kan medføre nye risikoar. Alt dette påverkar dødelegheitstala. Så det er vanskeleg seie sikkert kva som gjer at dødelegheita går opp eller ned.

Ei perlesnormanet ligg som ein hårete tråd tvers over biletet.

Mange oppdrettsselskap har hatt store tap fordi neslegift frå denne maneta tar livet av fisken.

Foto: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet

Oppheva av andre tap

Dessutan skjedde det noko påfallande i statistikken i fjor:

Talet på laks som vart registrert som død gjekk altså ned med fem millionar. Men sekkeposten «andre årsaker til tap» gjekk opp akkurat like mykje. Den auken inkluderer blant anna avliving og destruksjon av sjuk fisk.

I sum blei altså nedgangen i død laks ganske nøyaktig oppheva av auken i andre grunnar til at laks gjekk tapt.

Når vi ser på dei totale tapstala for 2024 og samanliknar dei med 2023, så er dei så å seie identiske, seier Stien.

Nettavisen iLaks.no skriver at en ansamling av perlesnormanet samlet seg utenfor en av merdene ved Grieg Seafoods lokalitet Vinnalandet.

Perlesnor-manet flyt på overflata og kan ta livet av fisk i oppdrettsmerdane.

Foto: Mattilsynet

Kan destruksjon og tidleg slakting «kamuflere» dårleg dyrevelferd, òg?

Ja, det kan det. Fisk som må bli avliva på grunn av sjukdom eller dårleg velferd, kan hamne i ulike statistikkategoriar. Det påverkar dødelegheitstala. Men hovudfunna våre er at tapstala på nasjonalt plan er nokså like som i fjor.

Heile risikorapporten frå instituttet blir offentleggjort 26. februar klokka 8.

Publisert 26.02.2025, kl. 06.04

Read Entire Article