Ein mann som er busett i Noreg har vore fengsla sidan september 2024. Han er frå før av sikta for å ha ei sentral rolle i ein pågåande konflikt i den engelskspråklege delen av Kamerun. No er siktinga betydeleg utvida.
I det sørvestlege Kamerun er fleire væpna grupper aktive i eit opprør mot Kameruns regjering. Det sentralafrikanske landet har lenge opplevd konfliktar mellom dei engelsktalande og fransktalande delane.
Konfliktane eskalerte i 2018, då Kamerun ville gjere fransk som førstespråk i skule og rettsvesen over heile Kamerun.
Mange engelsktalande kamerunarar opplevde dette som det siste i ei rekke diskriminerande grep frå den kamerunske stat. Protestane som oppstod vart slått hardt ned på, og Kameruns hær har fått kritikk for unødvendig maktbruk.
Uroa førte til væpna motstand, og etableringa av fleire væpna grupper. Fleire av gruppene vert styrt via internett og finansiert frå utlandet. Dei væpna gruppene er fleire gonger skulda for angrep på sivile, og spesielt folk som støttar Kameruns regjering.
Mannen som bur i Noreg er sikta for å spele ei sentral rolle i opprøret mot Kamerun. Mannen nektar for at han har gjort noko straffbart.
Via mannens advokat har NRK i dag fått tilsendt eit handskrive brev der mannen går hardt ut mot Kripos.
Meiner saka er politisk motivert
«Som venta har ikkje Kripos skuffa nokon», skriv mannen ironisk.
Han meiner saka mot han er politisk motivert, og at tiltalen mot han er «selektiv og hemngjerrig».
Mannen meiner det heile er eit «angrep på integriteten til menneske som kjempar mot eit tyranni».
NRK har spurt Kripos om ein kommentar på skuldingane frå den sikta mannen.
– Grov kriminalitet som har ramma sivile
Brevet vert sendt til NRK samtidig som Kripos utvidar siktinga mot mannen betydeleg.
Tidlegare var han skulda for å ha oppmoda til brotsverk mot menneskeslekta, no er han også sikta for krigsbrotsverk.
Ifølge Kripos er mannen sikta for drapsforsøk og for å ha frårøva nokon fridomen deira.
– Dette er ei alvorleg sikting. Kripos meiner at den sikta har utført grov kriminalitet som har ramma sivile i Kamerun, seier Anette Berger i Kripos.
Anette Berger er ansvarleg for saka i Kripos, og seier at den utvida siktinga er alvorleg.
Foto: Lokman Ghorbani / NRKDet har vore kjent at Kripos har etterforska saka sidan mannen vart fengsla i september 2024, og politiet varslar at det er naudsynt med fleire etterforskingsskritt.
– Noreg har eit internasjonalt ansvar
Mannen i 50-åra vart arrestert med bakgrunn i skuldingar om at han har ei sentral rolle i ein pågåande konflikt i Kamerun. Den gong sa Berger i Kripos at dei meinte mannen systematisk hadde oppmoda til lovbrot mot sivile personar i Kamerun.
– Noreg har eit internasjonal ansvar for å sørge for at me ikkje er frihamn for personar som gjer krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta, seier Berger i ei pressemelding som Kripos sender ut i dag.
NRK besøkte i 2024 dei konfliktramma områda i Kamerun, der også landets hær er skulda for angrep på sivile. Hæren er i væpna konflikt med fleire motstandsgrupper som ønsker at den engelskspråklege delen av Kamerun skal lausrive seg og bli eit eige land.
Hæren i Kamerun er også skulda for angre på sivile, og er blitt kritisert av fleire uavhengige partar, slik som Amnesty, Human Rights Watch og International Crisis Group.
Mannen nektar skuld - og kritiserer Kripos
NRK møtte også mannen som no er fengsla, men han vart arrestert før publisering av NRK si sak. Difor har ikkje NRK publisert innhald frå vårt intervju med han.
Heilt sidan han vart pågripen har han nekta for skuld, og via sin advokat har han sagt at Kripos har misforstått saka.
I det handskrivne brevet kritiserer han Kripos sitt arbeid, og meiner det er ei mangelfull etterforsking så langt. Han viser til at dei har reist til Yaounde, der hovudkvarteret til hans fiendar - Kameruns regjering og hær - ligg.
Han kritiserer Kripos for at dei ikkje har reist til namngitte landsbyar som han påstår har blitt utsette for dødelege angrep frå Kameruns hær.
I brevet gjev han detaljar om korleis arrestasjonen skjedde i september 2024, før han gjev informasjon om innhald i avhøyra, der han har måtte svare på skuldingar om at han har spelt ei rolle i drap på personar i ulike byar i Kamerun.
«Denne saka handlar ikkje om kva eg har sagt eller gjort. Den handlar om kva eg representerer: Ei framtid utan bundne hender, eit folk som ikkje bøyer nakken og eit leiarskap som ikkje bøyer av og slår seg til ro med noko mindre enn full frigjering av Ambazonias folk og territorium»
Ambazonia er namnet som mannen bruker på dei to sørvestlege regionane av Kamerun. Sidan 2018 har det gått føre seg ein væpna konflikt mellom separatistgrupper og Kameruns hær.
I brevet skriv mannen at han er stolt av dei væpna styrkane som han er skulda for å ha tette band til.
Publisert 09.02.2026, kl. 12.29 Oppdatert 09.02.2026, kl. 12.44












English (US)