Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_f06771d76fc1391e3a2cfc045b9a575c, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Mann dømt for aktlaust drap av Aud (60): – Ikkje noko som kan erstatte henne - NorwayToday

Mann dømt for aktlaust drap av Aud (60): – Ikkje noko som kan erstatte henne

2 weeks ago 10


– Uavhengig av utfallet av dommen så er det jo ikkje noko som kan erstatte henne, seier Emil Andersen.

Mora hans, Aud Andersen Sandodden, mista livet i ei trafikkulykke i Stjørdal i 2024.

No er ein mann i 50-åra dømt til 45 dagar i fengsel for aktlaust drap.

Andersen er nettopp blitt gjort kjent med dommen.

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie.

Men det å bli trudd. Det betyr jo mykje.

– Ho kom så fort

Mannen køyrde bilen som trefte Sandodden. Sandodden kom køyrande på elsparkesykkel.

Sandodden fekk store hovudskadar og døydde på staden.

– Ho kom så fort. Ho kom som ei kule, forklarte mannen i Trøndelag tingrett.

Han erkjente ikkje straffskuld for å ha handla aktlaust eller for å ha køyrd for fort.

I retten forklarte han at det var klar bane både til høgre og til venstre før han køyrde inn i fotgjengarfeltet der ulykka skjedde.

GPS-data frå sparkesykkelselskapet viser at Sandodden truleg hadde ein hastigheit på mellom 15 og 19 kilometer i timen like før samanstøyten.

Rundkjøring i Stjørdal der Aud Andersen Sandodden mistet livet

Sandodden kom langs sykkelstien til venstre (3). Bilen (1) trefte sparkesykkelen (2) i fotgjengarfeltet.

Foto: Politiet

I dommen peiker tingretten på at elsparkesyklistar er vanlege i trafikken.

Sandodden gjekk ikkje av elsparkesykkelen da ho skulle krysse fotgjengarfeltet. Derfor blei ikkje vikeplikta for mannen utløyst.

Likevel meiner retten det ikkje var noko ekstraordinært ved hennar åtferd eller forhalda på staden.

Var påverka av amfetamin

Ifølge tiltalen var mannen også påverka av amfetamin da han trefte Sandodden.

Han skal ha hatt ein konsentrasjon i blodet som tilsvara 0,5 i promille.

For dette erkjente mannen straffskuld. Amfetaminet tok han dagen før og han var ikkje klar over at det ville vere så lenge i blodet, forklarte han.

Rundkjøringa der Aud Andersen Sandodden døde

Etter ulykka tente mange lys ved rundkøyringa i Stjørdal.

Foto: Privat

Han fortalde i retten at han følte seg edru.

– Eg følte meg fin eg. Normal.

Retten meiner derimot ruspåverknaden bidrog til ulykka.

På staden er fartsgrensa 40 kilometer i timen. Den tiltalte mannen anslo at han heldt ein hastigheit på mellom 20 og 30 kilometer i timen.

– Eg veit at eg ikkje køyrde over 40, forklarte han i retten.

Eit sakkunnig vitne frå Statens vegvesen fortalde at estimat viste at bilen truleg maksimalt hadde ei hastigheit på 41,7 kilometer i timen.

Trafikkulukke mellom elsparkesykkel og bil i Stjørdal.

Fartsgrensa på staden er 40 kilometer i timen. Mannen forklarte i retten at han var sikker på at han ikkje køyrde fortare enn det.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

Retten finn det likevel bevist at mannen hadde for høg fart inn i rundkøyringa.

I dommen peiker dei på at det var ein trafikal situasjon der han måtte vere særleg merksam for mjuke trafikantar.

Kan ha hamna i blindsona

Under rettssaka viste teoretiske simuleringar gjort av Statens vegvesen at det var mogleg at Sandodden på sparkesykkelen kan ha hamne i bilen sin blindsone.

Simuleringa viste at det var mogleg at Sandodden kan ha blitt skjult bak den såkalla A-stolpen i bilen.

Dommen slår fast at dette ikkje fritar mannen frå ansvaret for å sørge for at han hadde tilstrekkeleg oversikt.

Tingretten er ikkje i tvil om at mannen er skuldig i aktlaust drap.

Dei dømmer han til 45 dagar i fengsel. Det er same straff som statsadvokat Eli Nessimo bad om under rettssaka.

Statsadvokat Eli Reberg Nessimo, innsatsleder Karl Småland og kriminaltekniker Martin Røvik Jakobsen.

Under rettssaka blei det gjennomført synfaring på staden ulykka skjedde.

Foto: Henning Levold / NRK

I tillegg dømmast mannen til å betale til saman 800.000 i oppreisningserstatning til dei etterlatne etter Sandodden.

Han må også betale ein bot på 60.000 kronar og mistar førarkortet i fire år.

Dommen frå tingretten er einstemmig.

– Kjem til å bli anka

Mannen sin forsvarar, Ole Petter Drevland, fortel til Adresseavisen at dommen vil bli anka.

– Vi er akkurat blitt gjort kjent med dommen og er sterkt ueinige i bevisvurderinga, seier Drevland til avisa.

– Dommen kjem til å bli anka.

Ole Petter Drevland i Trøndelag tingrett

Ole Petter Drevland fortel at dommen vil bli anka.

Foto: Henning Levold / NRK

– Det er ein rett som domfelte har, så er det opp til ankeutvalet om den skal bli behandla eller ikkje, seier statsadvokat Eli Nessimo.

Ho fortel at ho er kjent med dommen.

– Påtalemakta er fornøgd med at retten har følgt vårt syn på både bevisvurdering, lovanvending og straff.

Publisert 26.03.2026, kl. 12.41 Oppdatert 26.03.2026, kl. 13.19

Read Entire Article