– Vi kan jo ingenting om å drive hotell, men vi er glad i naturen og er motiverte.
Paret frå Nesodden ser rundt seg frå Hindsæter høgfjellshotell ved foten av Jotunheimen i Vågå kommune.
Som eit nasjonalromantisk måleri ser dei innover i Sjodalen og opp mot Nautgardstinden som ruvar i bakgrunnen.
Snart er hotellet deira og eit heilt nytt kapittel i livet startar for dei.
– Vi kjenner absolutt på sommarfuglane, og vi gler oss til å skape eit nytt liv, seier Mari-Ann.
Mari-Ann Greiner Green (40) gler seg til å ta fatt på det nye livet. I februar opnar dei dørene.
Foto: Even Lusæter / NRKVertskap gjennom 21 år
På den andre sida er ei epoke over for det tidlegare vertskapet, André Sundero og Karola Wenzel.
Dei har vore vertskap på høgfjellshotellet og delt både opp- og nedturar gjennom 21 år – mest oppturar.
– Vi er glad for at det er ein ung småbarnsfamilie som har kjøpt staden og vil drive det vidare. Det er ein livsstil å drive eit høgfjellshotell, og no er vi klare for å sleppe nye krefter til, seier Wentzel.
Karola Wenzel tykkjer det er både fint og vemodig å gje frå seg hotellet etter 21 år.
Foto: Even Lusæter / NRKI ei overgangsfase vil dei hjelpe det nye vertskapet med å sette seg inn i alle dei små og store oppgåvene som skal til for å drive eit hotell på fjellet.
– Utviklinga har vore rivande for hotellbransjen. I dag er det nesten meir relevant å ha bakgrunn frå IT-bransjen enn hotellbransjen, seier Wenzel.
Fekk nok av bylivet
Det er Mari-Ann Greiner Green (40) og Øivind Linge Utvik (37) frå Nesodden som er dei nye drivarane frå 1. desember i år.
Etter sju år på Nesodden fekk dei til slutt nok av bylivet og fekk lyst på nye utfordringar.
– Eg jobba på Oslo lufthamn og fekk nok av å stå i kø. Det var ikkje verdt det. Det var kø kvar dag, mykje folk og støy, seier Øivind.
Han tenker tilbake på den daglege pendlinga frå Nesodden til Oslo lufthamn.
Minst ein time kvar veg – oftast lengre tid på grunn av kø.
No har dei sagt opp jobbane sine, seld huset på Nesodden og skal flytte til fjells.
– Vi er klare for eit nytt liv. På mange måtar kan vi seie at vi har bytta ut eit 147 kvadratmeter stort hus på Nesodden med eit heilt høgfjellshotell, seier Øivind.
Familien er klar for eit nytt liv på fjellet der dei vil vere heilt tett på naturen.
Foto: Even Lusæter / NRKSåg etter småbruk
Han jobba tidlegare i Norsk Luftambulanse som prosjektleiar mens kona har bakgrunn innanfor IT-bransjen.
At dei hamna i Jotunheimen med eit høgfjellshotell er som andre ting i livet ofte er; heilt tilfeldig.
– Vi såg eigentleg etter eit småbruk over store deler av Noreg. Dette hotellet dukka tilfeldigvis opp hjå oss på ei mailingliste som vi sto på, seier Mari-Ann.
Bestemte seg etter visning
Da dei fyrst såg annonsen starta tankane å kverne og dei bestemte seg for å dra på visning.
– Da vi kom opp hit og fekk sjå staden så vart vi sikker. Til slutt så berre bestemte vi oss for å satse – iallfall når vi såg det gjekk økonomisk.
Hindsæter ligg idyllisk til rett ved Jotunheimen.
Foto: Even Lusæter / NRKGjennom denne sommaren har det gått opp for dei at dei snart skal drive eit høgfjellshotell og at eit anna liv ventar for dei.
Med på lasset til fjells har dei med seg dei to tvillingane Emma og Nora (7).
I tillegg har Mari-Ann ungane Anna (24) og August (20) frå før.
Hindsæter ligg rett ved Jotunheimen.
Den fyrste tida skal den eldste dottera vere med og jobbe litt.
Emma og Nora har allereie etablert sin eigen kafe.
– Det er litt med tanke på ungane at vi og tok valet om å flytte hit. Her får dei ein heilt anna oppvekst enn på Nesodden. Vi håper det blir veldig bra.
Eit hotell har mange små detaljar – som blant anna blomster ved inngangspartiet.
Foto: Even Lusæter / NRKGlad for nye krefter til fjells
Familien har fått ein forsmak på livet i Vågå gjennom sommaren og hausten.
– Vi fekk med oss Traktorrock i Vågå og har fått gått nokre fjellturar. Og så er det sjølvsagt veldig mykje å sette seg inn i her, seier Mari-Ann.
Det tidlegare vertskapet André Sundero og Karola Wenzel er glad for at nye krefter kjem til fjells.
– Eg er utruleg glad i hotellet og området her. Det er noko av det aller finaste. Samtidig vil det bli fint å få noko fri på sommaren når alle andre har fri.
I ei overgangsfase vil Karola Wenzel hjelpe til litt. Her viser ho fram vaskeriet i kjellaren til det nye vertskapet.
Foto: Even Lusæter / NRK– Det er ein livsstil
Karola går rundt i gammelstugu på høgfjellshotellet og viser det fram til det nye vertskapet.
Gjennom 21 år har ho og mannen André bygd det opp til å bli noko annleis enn dei andre reiselivsaktørane i nærleiken.
Med spaavdeling, nye freshe setersuiter, og lokal mat har hotellet bygd opp og satsa mot fjellfolket som vil ha noko ekstra.
– Vi har lagt ned mykje arbeid og føler at dei nye som tek over har eit godt grunnlag. Det er jo ein livsstil å drive hotell, og det krevst mykje arbeid.
Det er fleire fine turar med utgangspunktet frå Hindsæter.
Foto: Even Lusæter / NRKHo viser fram vaskeriet i kjellaren, korleis serviettane skal bli bretta og kor viktig det er å køyre skiløyper om vinteren med skuteren.
– I ein overgangsfase skal vi hjelpe til og gje så mange gode råd og tips som vi kan. Så får det vere opp til dei etter det kva dei vil med staden. Men det er klart vi har mykje kjensle til staden og vi håper jo at det blir drive godt vidare også.
Prisen? Hotellet låg ute for 9,5 millionar kroner.
– Vi er begge nøgd med prisen, ler Karola.
Publisert 08.10.2025, kl. 20.12