Masseskytinga i Örebro: Slik var dei dramatiske minutta

3 months ago 20


Det har vorte kalla den verste masseskytinga i svensk historie.

35-åringen Rickard Andersson er mistenkt for å ha drepe ti menneske, i tillegg til seg sjølv.

Fleire svenske medium har spekulert i motivet for drapa. Politiet har førebels ikkje ville seia noko konkret om det anna enn at dei har informasjon som knyter han til vaksenopplæringa, kor skytinga skjedde.

Torsdag formiddag heldt politiet ei pressekonferanse der dei fortalde detaljert om dei dramatiske minuttane og timane.

12.33: Fyrste melding

Klokka 12.33 tysdag kom dei fyrste meldingane inn til politiet.

Fleire melde frå om pågåande skyting på vaksenopplæringa ved Campus Risbergska.

Ifølge Lars Wirén, områdesjef for politiet i Örebro, vart fleire patruljar sende til området med ein gong.

Cirka 12.38: Politiet på plass

Dei var på staden omtrent 5 minutt etter at den fyrste meldinga kom inn, altså cirka 12.38. Ifølge Wirén går politiet inn på skulen med ein gong.

Tre bevæpnede politifolk utenfor et bygg

Væpna politi utanfor skulen, kort tid etter den fyrste meldinga om skyting.

Foto: Kicki Nilsson / Reuters

Totalt var det rundt 130 politifolk til stades etter kort tid.

– Dei politifolka som kom dit, fortel om noko ein kan skildra som eit inferno. Døde personar, skadde personar, skrik og røykutvikling, seier Wirén.

Lars Wirén

Områdesjef Lars Wirén i Örebro-politiet.

Foto: AFP

Og nettopp kraftig røykutvikling gjorde det vanskeleg e å gå inn i bygget utan spesialutstyr, ifølge politiet.

Politifolka vert òg skotne mot, og ser ein person med geværliknande våpen.

Dei skyt ikkje tilbake, ifølge Wirén.

Cirka 12.43: Innsatsstyrken framme

Om lag 10 minutt etter at politiet fekk den fyrste meldinga om skyting, er den nasjonale innsatsstyrken framme på staden.

Nødetater og utrykningsbiler utenfor Campus Risbergska i Örebro

Den nasjonale innsatsstyrken bidrog òg i aksjonen.

Foto: KICKI NILSSON / AFP

På same måte som beredskapstroppen i Noreg, bidrar dei i særs alvorlege og risikable situasjonar.

Ifølge politiet går dei inn i bygget med ein gong, og hjelper til med å søka gjennom bygget – for å finna gjerningspersonen, men òg for å redda liv og hjelpa skadde personar.

Cirka 13.33: Aksjonen vert avslutta

Politiet avslutta aksjonen omtrent ein time etter at dei fekk den fyrste meldinga.

Då hadde dei funne den mistenkte gjerningspersonen død, med fleire våpen ved sidan av seg.

Mennesker står rundt en flaggstang med et blomsterhav rundt seg, til minne om de som ble drept i masseskytinga i Örebro

Utanfor Campus Risbergska har det vakse fram eit blomsterhav for å minnast dei som vart drepne i åtaket.

Foto: Andreas Lekang / NRK

Mykje ammunisjon

Rundt på skulen fann politiet fleire tital tomme magasin, ifølge områdesjef Wirén.

– Ved sidan av den døde gjerningspersonen fann me òg ei stor mengde ubrukt ammunisjon, seier han.

Den mistenkte 35-åringen hadde lisens for fire jaktvåpen. Tre av dei vart funne inne på skulen.

– Men eg kan ikkje svara på om alle vart brukte. Våpena omtalar me som langvåpen eller gevær, ikkje eitthandsvåpen, seier viseregionsjef Niclas Hallgren i politiet, ifølge Expressen.

Publisert 06.02.2025, kl. 13.39

Read Entire Article