Meiner det blir for mykje kjærastar og kjendisar: – Det går litt over styr

18 hours ago 4


– Det går litt over styr med å vise kjendisar og kjærastar.

Formel 1-førar Carlos Sainz var svært misfornøgd over prioriteringane til TV-produksjonen under Singapore Grand Prix, i starten av oktober.

Sainz, som køyrer for Williams, starta bakarst og leverte ein sterk opphenting gjennom feltet med fleire forbikøyringar – men dei fekk TV-sjåarane sjå lite av.

Ifølgje spanjolen var det så mykje fokus på kjendisar og kjærastar, og at det gjekk på kostnad av «action» på banen.

– Det viste verken nokon av dei fire-fem forbikøyringane eg gjorde mot slutten, eller Fernando sin jakt på Lewis, dei gjekk glipp av mykje, sa Sainz.

  • Carlos Sainz, Jr. et al.

    KJÆRASTAR: Carlos Sainz i lag med kjærasten Rebecca Donaldson.

    Foto: CLIVE MASON / AFP / NTB
  • en person i hvit kjole

    MODELL: Lando Norris er i lag med portugisiske modellen Magui Corceiro.

    Foto: JAKUB PORZYCKI / Reuters / NTB
  • en mann og en kvinne som går

    I LAG: Charles Leclerc i lag med Alexandra Saint Mleux.

    Foto: CLIVE MASON / AFP / NTB

«Formelfruer»

Kjærasten til Sainz, modellen Rebecca Donaldson, Norris’ partnar, skodespelar og modell Magui Corceiro, og Charles Leclercs kjærast, influensaren Alexandra Saint Mleux, har alle mange fylgjarar på nettet.

BBCs Formel 1-korrespondent Andrew Benson meiner dette er ein «evig debatt» i sporten:

– Nokon ser på for å fylgje bilkøyringa, andre er interessert på grunn av glamour, drama og politikk, seier Benson til BBC.

en gruppe kvinner som har på seg hodetelefoner

MERKSEMD: Den portugisiske modellen Magui Corceiro får mykje merksemd når ho ser kjærasten køyre.

Foto: ANNA SZILAGYI / Reuters / NTB

Skjønar irritasjonen

– Det Sainz har rett i er at det var ein del forbikøyringar i Singapore som ikkje blei vist på sendinga, men det han ikkje har rett i var at det var på grunn av kjærastane, seier Viaplay-kommentator Atle Gulbransen.

Han held fram:

– Når ein begynte å undersøke dette her, var det faktisk ikkje mange sekund dei hadde vist kjærastar på denne sendinga.

Formel 1-kommentatoren er ikkje heilt einig i kritikken av TV-produksjonen.

– Så det er faktisk ikkje rett, men eg skjønar irritasjonen når det er mange gode forbikøyringar som ikkje blir vist på TV. Det blir jo feil.

  • en gruppe mennesker som står utenfor

    Den franske symjaren Leon Marchand og skodespelar Matthew McConaughey var til stades under USA Grand Prix.

    Foto: JIM WATSON / AFP / NTB
  • et par menn med hatter

    Countryartist Warren Zeiders og Shaboozey.

    Foto: RUDY CAREZZEVOLI / AFP / NTB
  • et par menn som snakker i telefonen

    Podkast-vert Joe Rogan snakkar med Matthew McConaughey.

    Foto: JIM WATSON / AFP / NTB
  • Glen Powell iført solbriller og holder opp hånden

    Skodespelar Glen Powell.

    Foto: Evelyn Hockstein / Reuters / NTB
  • en gruppe mennesker som spiser pølser

    Tony Parker, tidlegare basketballspelar i lag med Leon Marchand.

    Foto: JIM WATSON / AFP / NTB
  • en kvinne iført hatt og solbriller

    Friidrettsstjerne Tara Davis-Woodhall.

    Foto: CLIVE MASON / AFP / NTB

Han meiner likevel at det er viktig at TV-produksjonen prioriterer bilete frå løpet.

– Det er veldig viktig at dei som er produsentar gjer ein god jobb med å fange opp den spenninga som er på banen, og det var det nokre eksempel på, spesielt i Singapore, at dei ikkje klarte, seier Gulbrandsen.

Viktig jobb

– Det er ein person som har ein ekstremt viktig jobb med å få fram på TV kva som er spennande, seier Gulbrandsen.

Han held fram.

– Vi ser jo litt av teamsjefane, publikum og sånt, men det må aldri gå utover det sportslege når det er spenning på banen.

Har beklaga

Carlos Sainz har beklaga etter at han gjekk hardt ut etter løpet i Singapore. Han meinte det han sa blei tatt ut av proporsjonar, men meiner framleis at TV-produksjonen burde vore betre.

– Me fokuserer på å gje fansen den best moglege dekninga av løpet og kompromitterer aldri hovudfokuset: racinga på banen, sa ein talsperson for Formel 1 til BBC.

– Teamet vårt gjer ein fantastisk jobb med å dekkje ein svært kompleks situasjon med fleire bilar på forskjellige stadar på banen, og gjev også god kontekst med bilete frå tribunar, prominente gjestar og stadene me konkurrere på, legg dei til.

– Me strevar alltid etter framifrå kvalitet og forbetring i det me leverer.

Og det er tydeleg at Sainz blei høyrt. I søndagens løp blei det ikkje vist eit einaste bilete av kjendisar eller kjærastar undervegs i løpet.

Max Verstappen vann USA Grand Prix, søndag. Sainz krasja og kunne ikkje fullføre til mål.

Her sparker hun motspilleren

Publisert 19.10.2025, kl. 23.02 Oppdatert 19.10.2025, kl. 23.05

Read Entire Article