Meldt til politiet etter dette

4 months ago 28


– Det er berre å tenke sjølv kva slags konsekvensar dette kunne ha fått. Gudskjelov er det sjeldan vi ser slike graverande tilfelle som dette, seier Geir Thomas Finstad, i Statens vegvesen.

Tysdag heldt Vegvesenet trafikkontroll i Kongsvinger-området.

Der vinka dei inn eit tyngre køyretøy som dei vart interessert i. Resultatet og feila var sjokkerande.

– Heldt på å falle av

På lasteplanet låg det ein to tonn tung kompressor – som langt ifrå var godt nok sikra.

– Den var på tur til å falle av. Den sto heilt på kanten og den var i rørsle. Den kunne ha falt av i neste rundkøyring. Dersom ein kompressor på to tonn dett av.....

Finstad er glad for at dei oppdaga lasta.

Det var likevel ikkje nok med det.

– Sjåføren hadde ikkje riktig førarkort for å køyre vogntog. I tillegg var det grove køyre- og kviletidsbrot, seier Finstad.

Han fortel at dei stoppa den norske sjåføren og køyretøyet på E16 i Kongsvinger og planen var at lasten skulle fraktast inn i Kongsvinger sentrum.

Kontrollresultat fra Stømner kontrollstasjon

Lasten var berre festa med nokre stropper og vippa.

Foto: Statens vegvesen

– Sat liv i fare

Kontrolløren tør ikkje tenke på kva som kunne ha skjedd om den to tonn tunge lasten hadde falt av midt i ei rundkøyring inne i Kongsvinger.

– Sjåføren er meldt til politiet for fleire forhold, og her har vedkommande sat andre liv i fare. Her var det ikkje sikra godt nok. Det er betre å sette litt ekstra på med stropper og kjettingar enn å vere akkurat på grensa, seier Finstad.

Geir Thomas Finstad

Geir Thomas Finstad frå Statens vegvesen fortel heldigvis at det er sjeldan dei ser så graverande tilfelle.

Foto: Frode Meskau / NRK

Da køyretøyet vart stoppa var kompressoren festa med berre nokre stropper og den vippa fram og tilbake på lasteplanet.

– Det er sjeldan vi ser så grove brot. Han hadde førarkort på vanleg tungbil, men ikkje på vogntog. Så eg blir litt oppgjeve også – han burde ha visst korleis han sikra lasten godt nok, seier Finstad.

I løpet av trafikkontrollen vart 29 tunge køyretøy og ein varebil teke ut til utvida kontroll. Det enda med fleire anmeldelser og bruksforbod.

– Vi ser alvorleg på dette.

Publisert 19.12.2024, kl. 22.00 Oppdatert 19.12.2024, kl. 22.10

Read Entire Article