Mellom 70–80 sau innestengt i brennande fjøs i Lom

15 hours ago 3


Det brenn i eit fjøs like utanfor sentrum i Fossbergom i Lom.
Ifølge politiet skal det vere mellom 70–80 sauer i fjøset.

Mannskap frå både Lom og Skjåk brannvesen er på staden, fortel Bjørn Bøye, brannsjef i Lom og Skjåk brannvesen.

– Vi begynner å få kontroll på brannen. Sikringa, så det ikkje spreier seg til hus begynner å virke, seier innsatsleiar Kai Josten til NRK.

Statens vegvesen melder at Fylkesveg 55, Sognefjellsvegen er stengt grunna brann.

Ein nabo som NRK har snakka med kan sjå røyken frå huset sitt.

Han ønskjer ikkje å stå fram med namn.

– Det ser ut som det brenn ned. Det er trist. No er det lamming òg, så om det er sauar og lam der inni så er det ei dyretragedie, seier mannen.

en vei med trær og et gjerde

Foto: Privat

Publisert 07.05.2025, kl. 15.29 Oppdatert 07.05.2025, kl. 15.49

Read Entire Article