Mette-Marit takkar for «ærleg» respons i brev til Kultur-Noreg

2 hours ago 3


Det kongelege sekretariatet har sendt eit brev til fleire organisasjonar som har kronprinsesse Mette-Marit som sin kongelege beskyttar. Brevet er datert fredag 6. februar.

Brevet kjem etter at fleire av dei same organisasjonane skreiv eit ope brev til Slottet, med krav om meir informasjon før dei vurderer vidare samarbeid med dei kongelege.

I den siste brevvekslinga understrekar Slottet at rolla som kongeleg vernar «betyr svært mykje for kronprinsessa», og at ho vil komme tilbake med meir informasjon om Epstein-forbindelsen i 2011–2014 så snart ho er klar til det.

Det var ei nøktern framstilling

Vidare skriv kongehuset at dei gav ein «nøktern» framstilling av forholdet til Epstein i 2019, men at saka no kallar på ei meir omfattande forklaring:

«Kronprinsessa fortalde i 2019 om kontakten og møta med Epstein. Det var ei nøktern framstilling om forhold som låg eit stykke tilbake i tid. Ho ser i dag behovet for ei meir utfyllande framstilling og ønsker å bidra til dette så godt ho kan. Det klarer ho ikkje no».

Brevet fortset: «Kronprinsessa er i ein svært krevjande situasjon, med fleire utfordringar samtidig. Ho håpar på forståing for at ho treng tid til å samle seg.»

Til sist skriv Slottet at kronprinsessa ønsker å takke «for omtanke og for ærlegdom i det som har blitt uttrykt dei siste dagane».

Mette-Marit sende brev til beskyttarskap

Slottet karakteriserer sin eigen kommunikasjon om Jeffrey Epstein i 2019 som «nøktern», men lovar å komme tilbake med meir utfyllande informasjon i eit brev til Kultur-Noreg.

Foto: NRK

Ikkje planlagt samarbeid med kronprinsessa i 2026

Ved årsskiftet var kronprinsessa beskyttar for 21 organisasjonar.

Sidan har det vore organisasjonar som har brote samarbeidet, eller sett det på pause.

Måndag annonserte Rådet for psykisk helse at dei set kompaniskapen med kronprinsessa på vent «inntil vidare».

Det er ikkje planlagt aktivitetar eller samarbeid med kronprinsessa i 2026, seier generalsekretær Tove Gundersen til NRK.

Førre veke melde Sex og samfunn at dei bryt alt samarbeid med kronprinsessa.

– Det viktige for stiftinga har vore omsynet til pasientane våre, til alle overgrepsutsette og til alle som står på for å førebygge seksuelle overgrep, inkludert fleire av vinnarane av Skamløsprisen. Det er med omsyn til dei vi no ønsker å avslutte samarbeidet, skreiv organisasjonen i ein e-post til NRK.

Sjå fleire reaksjonar under.

  • Sølvi Lien

    Nils Ole Refvik / NRK

    Sølvi Lien, direktør for Førdefestivalen

    Vi følger med på situasjonen. Opplysningane om kontakten til kronprinsessa med seksualforbrytaren og finansmannen Jeffrey Epstein verkar alvorlege og bekymringsverdige. Det er viktig for dei vidare samarbeida våre at kongehuset gjer godt greie for saka.

  • Olav Øyehaug Opsvik

    Nynorsk kultursentrum

    Olav Øyehaug Opsvik, direktør for Nynorsk kultursentrum

    På den eine sida det jo viktig å markere at vi reagerer på det som har komme fram til nå, men samtidig trengst det meir informasjon. Så da kjentest det naturleg å gi eit klart signal om saka. Og så meiner vi at på dette tidspunktet er det naturleg å avgrense det til akkurat dette. At det er nødvendig å få gjort godt reie for saka.

  • Kjersti Horn

    Håkon Mosvold Larsen / NTB

    Kjersti Horn, teatersjef ved Det Norske Teatret

    Det er viktig for det vidare samarbeidet vårt at kronprinsessa og kongehuset gjer greie for heile saka og kontakten som har vore med Jeffrey Epstein.

  • Edmund Austigard

    Edmund Austigard

    Edmund Austigard, forlagsdirektør i Det Norske Samlaget

    Det er viktig for det vidare samarbeidet vårt at kronprinsessa og kongehuset gjer greie for heile saka og kontakten som har vore med Jeffrey Epstein. Inntil vi veit meir ligg saka etter vår meining hos kronprinsessa og kongehuset.

  • Cathrine Sordal

    Barnefilmfestivalen i Kristiansand

    Cathrine Sordal, Barnefilmfestivalen i Kristiansand

    Kristiansand Internasjonale Barnefilmfestival har følgt saka rundt kronprinsesse Mette-Marit nøye. Kronprinsessa har sjølv uttalt at ho har vist dårleg dømmekraft, noko vi – til liks med statsminister Jonas Gahr Støre – er heilt einige i.

  • Eirik Raude

    Bo mathisen

    Eirik Raude, festivalsjef ved Risør kammermusikkfest

    Vi følger saka tett. Vi skal arrangere festival om nokre månader, og kan derfor vente på ei lita stund til. Men tar det for lang tid, må vi kanskje ta kontakt med Slottet sjølv. Uansett kallar vi kanskje inn til styremøte snart for å diskutere saka.

Publisert 10.02.2026, kl. 11.33

Read Entire Article