MMA-utøvaren vurderte å byte namn: – Folk ler av meg

3 months ago 20


– Folk spør om eg er seriøs når eg seier namnet mitt. Folk ler når eg går gjennom sikkerheitskontrollen på flyplassen eller skal inn på utestader.

Det seier den 21 år gamle MMA-utøvaren Taylor Swift til The Sun. Det var den britiske tabloidavisa som først omtalte nyheita om det noko spesielle namnelikskapen.

MMA-utøvaren deler nemleg namn med den amerikanske superstjerna Taylor Swift. Artisten har blant anna 282 millionar følgarar på Instagram og 14 «Grammys» å vise til.

Taylor Swift

VISER STYRKE: Taylor Swift, her under «The Eras Tour» er meir kjent for å synge enn å slåst, men har vist seg som ei modig kvinne på andre område.

Foto: CHANDAN KHANNA / AFP

– Namnet vil hjelpe

Til samanlikning har lettvektaren Swift i skrivande stund nærare 5 900 følgarar på Instagram, og ingen «Grammys».

Men han har vunne tre av dei fire første kampane sine i MMA etter at han starta med idretten for 14 månader sidan.

Det å gå kampar fører også med seg latter for MMA-utøvaren:

– Sjølv på vektkontrollen ler folk, men det verste er når konferansieren les opp namnet mitt i buret før kamp.

Da han blei fødd var artisten Swift berre ein tenåring, og ikkje eit kjent namn for folk flest. Det endra seg derimot gjennom oppveksten til idrettsutøvaren.

Etter kvart blei namnelikskapen så irriterande at han vurderte å byte namn, ifølge The Sun, men nå har han kome på andre tankar.

– Namnet vil hjelpe. Ein stor del av sporten handlar om sosiale medium og sal. Det er vanskeleg å bli proff, så alt hjelper, seier han.

Taylor Swift

FAITAR: Taylor Swift i aksjon i buret, med litt færre publikummarar enn namnesøster si.

Foto: flynn_guard_photography

Ikkje fan av Taylor Swift

– Enten så må han berre eige det, og prøve å få Taylor Swift (artisten), til å bli hans største fan. Eller så må han skifte namn så fort som mogleg, før fleire får vite kven han er.

Det seier tidlegare MMA-profil Emil Meek og legg til:

– Om han ikkje liker Taylor Swift (artisten), så hadde eg kanskje gjort det. Om du blir kjent, så veit du at det vil følge med deg resten av livet.

Emil Meek

KAN SLÅST: Emil Meek er Noregs mest meritterte MMA-utøvarar, og har kampar i prestisjefylte «UFC».

Foto: Tom Szczerbowski / Reuters

Skulle engelskmannen ha høyrt på Meeks råd, burde han da byte namn. 21-åringen er nemleg ingen «Swiftie».

– Eg trur ikkje eg kan nemne tre av songane hennar eingong, seier han.

Meek forstår godt at det har blitt litt humor på kostnad av Taylor Swift i MMA-miljøet.

– Uansett kva sport han hadde drive med, så hadde det vore mykje kødding med det. Det er sånn det er.

NRK utfordret tennisstjernene: Hvem er den ekte vikingen? 02:08

Publisert 31.01.2025, kl. 11.40

Read Entire Article