Sei at glidelåsen på ei ganske ny vinterjakke ryk.
I skibakken eller sporet flagrar jakka bak deg som ei superheltkappe.
Kva gjer du?
Kva gjer du med øydelagd glidelås?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
– Mange hindringar
Det er fleire problem for folk som vil reparere, fortel Yngvill Ofstad i Bergans. I fleire år har dei reist rundt i Noreg med ei systue på hjul:
- Folk veit ikkje om det kan reparerast, særleg turplagg, skalplagg og dunjakker.
- Dei veit ikkje kor dei skal reparere.
- Ikkje kva det kostar.
- Eller kor lang tid det tek.
Yngvill Ofstad er berekraftsansvarleg i Bergans.
Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK– Så det er veldig mange hindringar i vegen, og det er frykteleg enkelt å trykke på nokre knappar på nettet og kjøpe nytt.
– Men reparasjonar går vel utover salet dykkar?
– Nei, det trur eg absolutt ikkje. Me ser vel heller det motsette, at kundar som reparerer er mykje meir lojale kundar.
Kappe i bakken funkar betre i utdrikkingslag enn for vanlege folk.
Foto: Stine Melbø / Tusten FotoSlik byter du glidelås på 1,2,3
Journalisten her trudde det ville bli ein lang og krevjande sak og fikse ei jakke som blafra som «Batman» i skibakken.
Ein times køyring unna er ein glidelåsekspert, det same kan systuer i Oslo – ein times flytur unna.
Men ein tur innom det lokale Friluftsrådet fiksa jakka på ti minutt.
Mattis Mikkelsen i Friluftsrådet i Molde.
Foto: Webjørn S Espeland / NRKMattis Mikkelsen jobbar med berekraftig friluftsliv, og fortel at det i 95 prosent av tilfella er glidaren som har gått i stykkar. Her er hans oppskrift på å bytte den:
- Sjekk at resten av glidelåsen er heil, og bestill ny glidar på nettet. Det står gjerne storleik bakpå den øydelagde glidaren. (søk t.d. glider til glidelås, eller zipper)
Bakpå denne øydelagde glidaren står det YKK 5 Cn, der talet indikerer storleik.
Foto: Webjørn S Espeland / NRK- Bruk ei tang og fjern stopparen øvst på glidelåsen og den gamle glidaren.
- Fest på den nye stopparen og glidaren. (Om du slit er det berre å søke opp på nettet.)
På nettet er både glidarar til sals og instruksjonsvideoar.
Foto: Webjørn S Espeland / NRKPris: 10–100 kroner. Tid: 5–10 minutt. Resultat: Nesten som ei ny jakke.
Mikkelsen trur det også kan vere ein fordel å auke levetida no som allversjakker og liknande no blir dårlegare på grunn av nye miljøkrav.
– Det betyr jo at det er ein god grunn til å ta vare på gammal skallbekledning.
Enorme avtrykk
- Klede og tekstil står for 8–10 prosent av klimagassutsleppa.
- 25 prosent av alle kjemikaliar i verda går til tekstil, og 20–35 prosent av all mikroplast i havet kjem frå klede.
- Enorme mengder vatn har blitt forureina frå produksjonen.
Men:
- Berre 2,4 prosent av det me brukar i Noreg, blir gjenbrukt. ♻️
- Kvar nordmann lagar nær 400 kg avfall i året – opp 50 prosent frå 90-talet. 🚮
- For mange er det billegare å kjøpe nytt enn å reparere. 💰
Heile ni av ti nordmenn meiner at moms på reparasjon bør minke eller fjernast.
Sverige reduserte momsen på reparasjon av syklar, klede og sko i 2017 – men i Noreg lar hjelpa vente på seg.
Knapp fiksa jakke
Hos Bergans ved Oslo rådhus har dei ei systue der folk kan reparere.
Kjartan Knapp Haraldsen gjer nettopp det med ei rift han har fått i dunjakka.
– Sonen min fekk ei enda større rift, og me sende inn jakka. Det funka veldig godt, så tenkte eg at det er like greitt å stikke innom her sidan eg jobbar i sentrum.
Dermed set reparatør Valentina Turka i gang.
Valentina Turka er ein av ikkje altfor mange klesreparatørar i Noreg.
Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRKFem minutt seinare har reparatør Valentina Turku fiksa rifta. Prisen blei 50 kroner.
– Det er ingenting! Eg sparte nokre tusen, så me kunne ikkje vore meir nøgd, seier Haraldsen.
Haraldsen er nøgd etter fem minutt og femti kroner.
Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRKPris = barriere
Forbrukarrådet er tydelege på at Noreg bør følge Sverige når det gjeld moms:
– Momsen må bort, eventuelt bli redusert kraftig på alle typar reparasjonar. Pris er den viktigaste barriera for å reparere, om det er mobiltelefonar, vaskemaskinar eller syklar, seier Elin Volder Rutle i Forbrukarrådet.
Elin Volder Rutle er fagsjef for berekraft i Forbrukarrådet.
Foto: Forbrukderrådet– Kvifor er det ikkje gjort, trur du?
– Godt spørsmål. Det verkar å vere aukande politisk støtte, alle partia på Stortinget har positive formuleringar knytt til å minke momsen på reparasjonar. Nokon må nok verkeleg eige og kjempe den saka.
Difor tok NRK kontakt med miljø og klimaministeren, men først ein ekspert på feltet.
Heller kupongar
SSB-forskar Brita Bye leia ekspertgruppa som regjeringa oppretta for å sjå på sirkulær økonomi.
Dei kom i fjor med ein litt overraskande konklusjon.
– I staden for mindre moms foreslo me eit meir målretta tiltak med reparasjonskupongar på småelektronikk og tekstilar.
Bye seier dette kan få ned prisen på reparasjon med inntil t.d. 50 prosent, mot dei maks. 20 prosent momsfjerning ville gitt. Dette er ei ordning dei skal ha i Austerrike og Tyskland.
Brita Bye overrekker miljøminister Andreas Bjelland Eriksen rapporten om sirkulær økonomi i mai 2025. – Forbruket av varer og tenester må ned for å minke trykket på jordas ressursar, var mandatet vårt, seier Bye.
Foto: Siv Fjørtoft / Klima- og miljødepartementet– Sverige reduserte momsen i 2017. Kva erfaringar har de hausta av dette?
– Me fann ingen analysar av effektane i Sverige, sjølv om me gjorde grundige forsøk på å finne noko. Men studiar viser positive effektar av desse kupongane i Austerrike og Tyskland.
– 9 av 10 nordmenn er for lågare moms på reparasjonar?
– Dei tenker nok at det utgjer ha større effekt enn dei maks 20 prosentane det vil bety på prisen. Så me foreslår altså mykje større subsidiar til små reparasjonar.
Vag minister
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen seier at regjeringa vil gjere det enklare og billegare for folk å velje brukt eller å reparere.
Ni månader etter han blei overrekt sirkulær-rapporten vil han likevel ikkje seie noko om når folk kan forvente seg at det skjer noko frå regjeringa på dette feltet.
– Me er i gang med å jobbe for konkrete tiltak som skal legge til rette for dette, og korleis me kan følge opp forslaga på tiltak og dei mange høyringssvara, seier Bjelland Eriksen.
Publisert 09.02.2026, kl. 13.26


















English (US)