Mor og døtrer skal ha blitt valdtatt av Arne Bye: – Godt vi har kvarandre

4 months ago 23


– Eg trur vi er nærare enn dei fleste mødrer og døtrer, sa ei av kvinnene til NRK. Ho var den siste av dei tre som vitna i saka.

Arne Bye er tiltalt for å ha valdtatt ho, søstera hennar og mora hennar under gynekologiske undersøkingar.

– Jo fleire som har gått gjennom det desto verre, men det er godt at vi har kvarandre.

Bye erkjenner å ha valdtatt ei av dei tre kvinnene og å ha misbrukt stillinga si for å oppnå seksuell omgang med to av dei.

Ei av kvinnene nektar han for å ha valdtatt og å ha misbrukt stillinga si overfor.

– Fortalde det til dei først

Før retten tok juleferie var dei tre kvinnene blant dei som fortalde kva dei hadde opplevd på legekontoret.

I retten fortalde mora at ho lenge heldt det ho opplevde på legekontoret for seg sjølv. Da døtrene begynte å fortelje endra det seg.

Eg tenkte at kanskje eg skal begynne å fortelje litt eg òg. Så eg fortalde det til dei først.

Ho fortalde at tida etter saka blei kjent har vore tung, men at det har vore fint å kunne støtte seg på døtrene.

Dei er kjempegode. Vi kan vere litt oppe og nede kvar vår gong også støtter vi kvarandre.

Samstundes er det tungt at døtrene er ein del av tiltalen mot Bye, fortalde ho.

At ho yngste er ein del av saka synest eg er veldig sårt.

Eg kjenner litt skuld for det.

Bilde tatt på undersøkelsesrommet på Frosta legekontor.

Biletet er henta frå ein av videoane som har blitt vist for retten i løpet av rettssaka.

Foto: Bildet hentet fra ett av Arne Bye sine kameraer / Frigitt av politiet

– Dukkar opp i hovudet heile tida

Ei av døtrene fortalde i retten at ho synest noko av det verste med saka var at ho blei filma på legekontoret.

Ho har i ettertid sett videoen frå undersøkinga der Bye er tiltalt for å ha valdtatt henne.

Eg synest synd på meg sjølv. Videoen er fæl. Og veldig pornografisk.

Filminga fortalde ho har sette spor i henne.

Eg tenker på det overalt. Når eg er på offentlege toalett, når eg er på hotell. Er det nokon som filmar meg?

Etter å ha vitna i retten fortalde kvinna at ho trur ho lenge vil vere prega av videoen.

Den dukkar opp i hovudet heile tida. Det trur eg den alltid kjem til å gjere i ny og ne.

Bye erkjenner å ha misbrukt stillinga si overfor kvinna og sa sjølv at det han gjer på videoen ikkje var medisinsk adekvat.

Etter at retten fekk sjå videobeviset blei Bye spurd kva som skilde undersøkinga på videoen frå undersøkingar der han har erkjent å ha valdtatt pasientane.

– Eg ser ikkje noko grunn på noverande tidspunkt til å kommentere noko meir, svarte Bye.

Døren inn til rettssal 5 står åpen og vi kan skimte noen folk i bakgrunnen, men de er ute av fokus. Til høyre i bildet ser vi et skilt som viser hvilken rettssal det er

Rettssaka mot Arne Bye fortsett tysdag etter at retten har hatt juleferie.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

– Arne Bye er ingen dommar

Etter å ha vitna i retten og vore til stades da videoen blei vist, fortalde kvinna at ho ikkje forstår kvifor Bye berre erkjenner å ha valdtatt ei av dei tre.

Eg skjønner ikkje kva som er tankegangen hans etter å ha sett heile min video.

Kvinna Bye erkjenner å ha valdtatt seier det var ei lettelse, men at det ikkje treng å bety så mykje at han ikkje erkjenner å ha valdtatt dei to andre.

– Det er opp til retten å avgjere dette. Arne Bye er ingen dommar, sa ho.

– Eg meiner folk berre skal slappe av og tenke at det ikkje er opp til han kva som blir utfallet i denne saka.

Var gravid da ho skal ha blitt valdtatt

Ei anna av dei fornærma kvinnene var gravid under undersøkinga der Bye er tiltalt for å ha valdtatt henne.

Ein er jo kanskje på sitt mest sårbare når ein er gravid, sa kvinna i retten.

Bye nektar for å ha valdtatt kvinna og for å ha misbrukt stillinga si overfor henne.

Kvinna fortalde retten at ho i tida før rettssaka starta har kjent mykje på sinne.

– Eg blir sint for at han sit og forsvarar det han har gjort, sa ho i retten.

Har erkjent å ha valdtatt 19 kvinner

Etter at retten har hatt juleferie, fortsett rettssaka mot Arne Bye i Trøndelag tingrett tysdag.

Før rettssaka starta erkjente Bye tre tilfelle av valdtekt og 40 tilfelle av misbruk av stilling.

Etter at fleire kvinner har vitna og videobevis har blitt vist for retten, har det kome fleire erkjenningar frå Bye.

Da retten tok juleferie hadde Bye erkjent å ha valdtatt 19 kvinner og 43 tilfelle av misbruk av stilling.

Så langt har 71 av dei 94 fornærma kvinnene vitna i retten.

Rettsforhandlingane skal etter planen vere ferdige 18. februar.

Hei!

Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven vi burde snakke med?

Da vil vi veldig gjerne høyre frå deg!

All informasjon blir behandla konfidensielt.

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Journalistar i NRK Trøndelag

Send oss ein e-post

Publisert 07.01.2025, kl. 05.50

Read Entire Article