– Vi hadde ei kjempefin samtale og avtalte at vi skulle møtast i helga, fortel Emil Andersen.
Fredagen i september 2024 var mora, Aud Andersen Sandodden, som vanleg i godt humør da ho kom innom sonen sin jobb.
– Ho hadde nettopp vore hos frisøren og var kjempefornøgd. Ho var livsglad som vanleg.
– Ho gav meg ein kjempeklem før ho drog og sa at «vi snakkast i morgon».
Tre kvarter seinare tikka eit nyheitsvarsel inn på telefonen til Andersen. Det hadde vore ei trafikkulykke mellom ei kvinne på ein sparkesykkel og ein bil i Stjørdal.
– Eg skjønte ikkje alvoret av det når eg berre las pushen.
Kort tid seinare ringde mora si ektemann.
– Også seier han at mamma er daud. Og da ... Da er det så uverkeleg at du trur ikkje det du høyrer.
– Ein går liksom i eit stadig håp om at det ikkje er verkeleg, seier Andersen.
Foto: Henning Levold / NRKLang behandlingstid
Torsdag startar saka i Trøndelag tingrett der ein mann i 50-åra er tiltalt for aktlaust drap og for å ha køyrd mens han var påverka av amfetamin.
Mannen erkjenner ikkje straffskuld.
Totalt tok det nesten 420 dagar frå Sandodden mista livet til saka var ferdig etterforska og det blei tatt ut ein tiltale.
Det er over dobbelt så lang tid som politi og påtalemakta brukar på tilsvarande saker.
– Det har vore brutalt, fortel Andersen.
«Morhubro» blei mora kalla av både sonen og ungane på skulen, fortel Andersen.
Foto: Roger Myren / NRK– Kjent for å ta vare på dei som trengte det mest
– Mamma har vore alt for meg. Ho har alltid støtta oss uansett kva vi har stått i, fortel Andersen.
Han beskriv mora som svært omsorgsfull og som ei som sette andre framfor seg sjølv, enten det var familien eller barna på skulen der ho jobba.
– Da det var gravferd opna kyrkja klokka ti. Kvart over ti var ho tjåka full.
– Det stod ein stad mellom 80 og 120 personar utanfor kyrkja.
Aud Andersen Sandodden betydde mykje for svært mange, fortel sonen.
Foto: PrivatPå skulen der mora jobba, hadde dei minnestund der barna fekk teikne teikningar til Sandodden sin familie.
Når NRK er på besøk viser Andersen fram ein tjukk perm der alle teikningane er samla:
– Det er fint på ein måte. Å sjå kor mykje ho betydde for mange.
– Og på same måte er det vondt.
Andersen fortel at mora var svært flink med barna ho arbeidde med.
– Ho var kjent for å ta vare på dei som trengte det mest.
«Du var der når jeg trengte det mest», har et av barna skrevet.
Foto: Roger Myren / NRKMeiner etterforskinga har tatt for lang tid
– Som vanleg borgar har ein jo tiltru til at systemet tar seg av alt, seier Andersen.
– Også viser det seg at det kanskje ikkje er så enkelt.
Nesten eit og eit halvt år har gått sidan mora døydde i ulykka i Stjørdal.
For Andersen har ventetida vore tung.
– Det har berre vore tungt og det kjem som ein ekstra belasting oppå det heile.
Ulykka fann stad 27. september 2024.
Først 19. november i fjor, 418 dagar sidan Sandodden mista livet, blei det tatt ut ein tiltale mot mannen
I snitt brukte politiet i 2024 105 dagar før voldslovbrot blei etterforska og påtaleavgjort.
Saka der Sandodden mista livet er ein del av «andre voldslovbrudd» i statistikken.
– Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har purra og etterspurd og gjort det eg kan for at saka skal ha framdrift.
Han fortel at det aldri har kome noko klart svar frå politiet om kvifor ting har tatt tid.
– Det har berre kome ei enkel beklaging på at det har tatt lang tid.
Nektar straffskuld
Ein mann i 50-åra er tiltalt for aktlaust drap etter ulykka.
Ifølge tiltalen skal han ikkje ha vore merksam nok i trafikken og skal ikkje ha avpassa farta etter forhalda da han køyrde på Sandodden som kryssa ein fotgjengarovergang på sparkesykkel.
Han er også tiltalt for å ha køyrd mens han var påverka av amfetamin.
Mange tente lys ved rundkøyringa der Sandodden mista livet.
Foto: Privat– Min klient meiner dette var ei uføresett hending som mellom anna skuldast at fornærma køyrde på ein elsparkesykkel i høg hastigheit over fotgjengarfeltet.
Det fortel mannen sin forsvarar, Ole Petter Drevland.
Drevland fortel at den tiltalte mannen har hatt det tungt og er sterkt prega av ulykka.
– Det har vore veldig belastande. Han har sjølvsagt stor medkjensle med familien og den situasjonen dei er sett i.
– Også er det sjølvsagt belastande å gå å vente på at denne straffesaka skal bli avgjort.
Forsvarer Ole Petter Drevland fortel at det også har vore belastande for den tiltalte mannen at det har tatt lang tid før saka skal for retten.
Foto: Rune Hansen / NRKPolitiet peiker på ressursmangel
– Det er forståeleg at dei etterlatne opplever det sånn, seier Ellen Mari Burheim.
Ho har vore etterforskingsleiar i saka og forstår at Andersen reagerer på at det har tatt lang tid.
– Vi er einige. Vi skulle gjerne ha vore i mål med saka tidlegare.
Burheim fortel at det varier frå sak til sak kva som er normal lengde på ei etterforsking, men at det i denne saka burde ha tatt kortare tid.
– Kva er grunnen til at dette har tatt så lang tid?
– Det er dessverre sånn at bemanninga har vore dårleg, både for etterforskarar og for påtalemakta dei siste åra.
– Da blir det dessverre sånn at det blir harde prioriteringar, kor dei akutte hendingane der det er fare for liv og helse er nøydd til å gå framfor, og ting som kan vente må vente.
Ellen Mari Burheim peiker på ressursmangel som årsaka til at etterforskinga har tatt lang tid.
Foto: Morten Waagø / NRK– Så det er eit ressursspørsmål?
– Ja, dessverre. Dessverre er det det.
Burheim fortel at politiet ofte får kritikk for ikkje å kommunisere informasjon om etterforskinga til pårørande.
– Så det er definitivt noko som vi bør vere betre på.
Klaga til Riksadvokaten
I november blei det tatt ut ein tiltale der mannen i 50-åra blei tiltalt for å ha køyrd i rusa tilstand.
Andersen klaga saman med bistandsadvokaten sin på dette.
– Saka har vore behandla hos Riksadvokaten som meiner det var grunnlag for å ta ut ein tiltale for aktlaust drap, fortel statsadvokat Eli Nessimo.
Ho har tatt ut den nye tiltalen og skal aktorere saka.
– Eg har full forståing for at det blir ei ekstra påkjenning for dei som er råka, fortel Nessimo.
– Både det at det tar lang tid og at det blir fleire rundar fram og tilbake.
Statsadvokat Eli Nessimo forstår at det er belastande at det har tatt tid før saka skal for retten.
Foto: Bjarte M. JohannesenSamstundes peiker ho på at det ikkje alltid er rett fram med juridiske vurderingar.
– Tiltalen som foreligg no gjeld aktløyse der følga blei at den fornærma døydde.
Dette krev at ein kan bevise høgare grad av aktløyse enn tilfelle var med den første tiltalen, fortel Nessimo.
Skal vitne på mora sin bursdag
To dagar er sett av i Trøndelag tingrett til saka.
Fredag skal Andersen sjølv vitne. Det er same dag som mora ville ha fylt 62 år.
– Av alle dagar så hamnar den siste rettsdagen på mamma sin bursdag, seier Andersen.
– Så det blir ... Ja, det blir vondt.
Fredag ville Sandodden ha blitt 62 år gamal. Da skal sonen vitne i Trøndelag tingrett.
Andersen fortel at han ikkje har tenkt over kva han håper utfallet av rettssaka blir. Først og fremst blir det godt å bli ferdig, fortel han.
– Da har ein i alle fall tatt eit skritt vidare.
– Kvart steg er betre enn at ein står stille.
Hei!
Takk for at du las heilt hit!
Har du innspel eller kommentarar til denne saka?
Eller har du tips til andre ting du synest eg burde skrive om?
Send meg gjerne ein e-post!
Publisert 12.03.2026, kl. 05.30


















English (US)