Muntlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til statsministeren. Besvart: 28.01.2026 av statsminister Jonas Gahr Støre

1 week ago 5


Vi lever i ei stad meir utrygg verd, og trygg helseberedskap er heilt avgjerande for å møta truslar om krise og krig. Når alarmen går, må sårbare pasientar kunne beskyttast, og helsepersonell må ha ein plass å gå. Verdas helseorganisasjon melder om at det har vore nærmare 2 000 angrep på helsetenestene i Ukraina i løpet av krigen. I Noreg vert inga nye sjukehus bygde med tilfluktsrom. Det gjeld bl.a. Ahus, Nye Aker sykehus, Rikshospitalet og sjukehusa i Ålesund, Kalnes, Drammen, Stavanger, Kirkenes, Narvik og Hammerfest. Det same gjeld nye sjukehus som er under planlegging, f.eks. Mjøssykehuset og Nye Oslo universitetssykehus. Ved Stortinget si behandling av totalberedskapsmeldinga i fjor vår vart det vedteke å gjeninnføra plikta til å etablera tilfluktsrom. No ventar sjukehus i Noreg på at regjeringa skal fremja ei ny forskrift og avklara kva krav som skal stillast til eit tilfluktsrom, og korleis dette skal finansierast. Planlegginga av nye sjukehus skjer no for fullt. Difor er det heilt avgjerande at dette vert avklart snarast. Mitt spørsmål innleiingsvis er: Synest statsministeren at det er ansvarleg å byggja nye sjukehus i Noreg utan tilfluktsrom i den tryggleikspolitiske situasjonen vi står i?

Datert: 28.01.2026
Besvart: 28.01.2026 av statsminister Jonas Gahr Støre

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Vi lever i ei stad meir utrygg verd, og trygg helseberedskap er heilt avgjerande for å møta truslar om krise og krig. Når alarmen går, må sårbare pasientar kunne beskyttast, og helsepersonell må ha ein plass å gå. Verdas helseorganisasjon melder om at det har vore nærmare 2 000 angrep på helsetenestene i Ukraina i løpet av krigen. I Noreg vert inga nye sjukehus bygde med tilfluktsrom. Det gjeld bl.a. Ahus, Nye Aker sykehus, Rikshospitalet og sjukehusa i Ålesund, Kalnes, Drammen, Stavanger, Kirkenes, Narvik og Hammerfest. Det same gjeld nye sjukehus som er under planlegging, f.eks. Mjøssykehuset og Nye Oslo universitetssykehus.

Ved Stortinget si behandling av totalberedskapsmeldinga i fjor vår vart det vedteke å gjeninnføra plikta til å etablera tilfluktsrom. No ventar sjukehus i Noreg på at regjeringa skal fremja ei ny forskrift og avklara kva krav som skal stillast til eit tilfluktsrom, og korleis dette skal finansierast. Planlegginga av nye sjukehus skjer no for fullt. Difor er det heilt avgjerande at dette vert avklart snarast. Mitt spørsmål innleiingsvis er:

Synest statsministeren at det er ansvarleg å byggja nye sjukehus i Noreg utan tilfluktsrom i den tryggleikspolitiske situasjonen vi står i?

Les hele debatten

Read Entire Article