Folk ser drivstoffprisane auke kvar einaste dag. Aleinemødrer går i butikken med klump i halsen fordi summen på kassalappen veks og veks. Matkøane er rekordlange. Samtidig er det nokre få på toppen som stikk ifrå, og det gjer dei i racerfart. I fjor auka formuane til dollarmilliardærane tre gonger fortare enn dei gjorde i snitt i femårsperioden før. Det er ei brutal verd for mange og ei fantastisk verd for dei få – ikkje berre i verda, men også i Noreg. Dei fremste ekspertane i verda i Oxfam har sett på Noreg med lykt og lupe og funne at Noregs ti rikaste personar eig meir enn det halvparten av befolkninga gjer. Dei aller rikaste i Noreg sit altså på ein sjokkerande stor andel av rikdomen i Noreg. I fjor steig formuane til norske milliardærar med 57 pst. – heile 276 mrd. kr – mens den fattige halvparten av befolkninga i Noreg sit på berre 3,5 pst. av den samla formuen. Vi har altså no eit Noreg der det for dei aller rikaste ikkje lenger held med eitt privatfly, men ein må ha to, slik vi har kunna lese om Rema-Reitan det siste året. Dette skjer samtidig som aleinemødrer får vondt i magen av å gå i butikken, fordi summen på kassalappen frå Rema-Reitan blir for stor. Slik hadde det ikkje trunge å vere. Barnefamiliar hadde ikkje trunge å bekymre seg for framtida viss vi hadde omfordelt betre. Dei aller fattigaste hadde ikkje trunge å stå i matkø viss vi hadde omfordelt litt meir av rikdomen, frå dei som har i overflod. Det er ingen naturlov at forskjellane skal auke. Det er ein villa politikk, der dei på toppen betaler minst skatt, og dei som har minst, betaler rekninga – fordi det er manglande politisk vilje til å omfordele meir. Difor vil eg spørje: Er finansministeren og Arbeidarpartiet komfortable med den utviklinga vi har sett, der dei ti rikaste personane i Noreg eig meir enn det halvparten av befolkninga gjer? Og trur finansministeren forskjellane i Noreg kjem til å auke eller minke i løpet av denne stortingsperioden?

Spørsmål
Marthe Hammer (SV): Folk ser drivstoffprisane auke kvar einaste dag. Aleinemødrer går i butikken med klump i halsen fordi summen på kassalappen veks og veks. Matkøane er rekordlange. Samtidig er det nokre få på toppen som stikk ifrå, og det gjer dei i racerfart. I fjor auka formuane til dollarmilliardærane tre gonger fortare enn dei gjorde i snitt i femårsperioden før. Det er ei brutal verd for mange og ei fantastisk verd for dei få – ikkje berre i verda, men også i Noreg.
Dei fremste ekspertane i verda i Oxfam har sett på Noreg med lykt og lupe og funne at Noregs ti rikaste personar eig meir enn det halvparten av befolkninga gjer. Dei aller rikaste i Noreg sit altså på ein sjokkerande stor andel av rikdomen i Noreg. I fjor steig formuane til norske milliardærar med 57 pst. – heile 276 mrd. kr – mens den fattige halvparten av befolkninga i Noreg sit på berre 3,5 pst. av den samla formuen. Vi har altså no eit Noreg der det for dei aller rikaste ikkje lenger held med eitt privatfly, men ein må ha to, slik vi har kunna lese om Rema-Reitan det siste året. Dette skjer samtidig som aleinemødrer får vondt i magen av å gå i butikken, fordi summen på kassalappen frå Rema-Reitan blir for stor.
Slik hadde det ikkje trunge å vere. Barnefamiliar hadde ikkje trunge å bekymre seg for framtida viss vi hadde omfordelt betre. Dei aller fattigaste hadde ikkje trunge å stå i matkø viss vi hadde omfordelt litt meir av rikdomen, frå dei som har i overflod. Det er ingen naturlov at forskjellane skal auke. Det er ein villa politikk, der dei på toppen betaler minst skatt, og dei som har minst, betaler rekninga – fordi det er manglande politisk vilje til å omfordele meir.
Difor vil eg spørje: Er finansministeren og Arbeidarpartiet komfortable med den utviklinga vi har sett, der dei ti rikaste personane i Noreg eig meir enn det halvparten av befolkninga gjer? Og trur finansministeren forskjellane i Noreg kjem til å auke eller minke i løpet av denne stortingsperioden?













English (US)