Det skjer etter ei rekke kontroversielle påstandar frå rapartisten dei siste dagane.
– Gitt det han la ut, er kontoen hans no klassifisert som NSFW (Not safe for work). Du vil ikkje sjå det igjen, skriv Elon Musk på X.
Kontoen ser no ut til å vere deaktivert.
Han skreiv «I'm logging out», før han skal ha deaktivert kontoen sin og takka Elon Musk for at han fekk lov til å rante.
West, som også kallar seg Ye, har lagt ut ei rekke antisemittiske påstandar som til dømes «Jeg er nazist», at han «elskar Hitler».
Han har også lagt ut ei t-skjorte med svastikasymbol for sal.
Det har kome sterke krav frå blant anna gruppa Campaign Agaist Antisemittism om å stenge Kanye West ute.
Han blei sist utestengd i 2022.
Publisert 10.02.2025, kl. 10.41 Oppdatert 10.02.2025, kl. 10.57