– Eg har ingenting imot fotball eller at folk ser fotball i fellesskap, så lenge eg får ha nattesøvnen min i fred.
Christer Skog står på balkongen sin og ser rett mot VM-teltet på Jørpeland i Ryfylke.
Det står berre om lag 20 meter frå huset hans.
I juni og juli blir teltet fylt med fotballgale ryfylkingar, VM-kampar på storskjerm og ølservering.
– Eg er uroa for støy og bråk, seier 72-åringen.
Rune Harestad er arrangøren bak VM-teltet, og dagleg leiar i ERA konserter & underholdning.
Han har heilt andre forventningar.
– Stemninga under Noreg sine kampar kjem til å vera heilt i taket. Me satsar på mange gode minne.
Les kva han svarer om VM-bråk heilt nede i artikkelen.
Rune Harestad gler seg til å samla bygdefolket på Jørpeland til VM-kampar i Jørpelandsvågen.
Foto: Magnus Stokka / NRKPolitiet ventar fleire støyklager
Det blir hundrevis av små og store VM-arrangement landet rundt.
Politiet ventar mest bråk og støy i byane og dei større tettstadane, der det er flest folk og størst arrangement.
– Me ventar at det vil vera ein auke i klager på støy, seier politiinspektør Kathrine Sæland Rotseth i Sør-Vest politidistrikt.
Politiet legg planar for auka ressursbruk under VM, men ventar ikkje ein klagestorm på VM-telta.
– Eg trur folk vil ha toleranse for litt støy under VM, seier politiinspektøren.
Politiinspektør Kathrine Sæland Rotseth i Sør-Vest politidistrikt.
Foto: Magnus Stokka / NRKSæland Rotseth har følgjande råd til dei som opplever at VM-bråket blir i meste laget:
- Først av alt; prøv å ordna opp i bråket sjølv.
- Ta kontakt med den det gjeld, eller der støyen kjem frå, og be på ein fin måte om det går an å dempa seg.
- Dersom bråket varer over lenger tid, ta kontakt med politiet.
Politiet seier dei vil følgja tett med på folkelivet under VM, særleg i byane.
Det er ikkje nødvendigvis slik at dei kan prioritera å dempa VM-festar som går over styr.
– Første prioritet for politiet er ro og orden, og liv og helse. Så vil det bli gjort ei vurdering om me skal gå ut på støy, seier Sæland Rotseth.
Det blir rigga for VM-telt på Jørpeland og mange andre plassar i landet. På Jørpeland blir det storskjerm, benker og ølservering ved båthamna i vågen.
Foto: Magnus Stokka / NRKVanskeleg med ro klokka 23
Huseierne er ein landsomfattande forbrukarorganisasjon for alle som eig ein plass å bu. Dei har nesten 300.000 medlemmer.
Huseierne har erfaring med at det ofte blir klager frå større arrangementet i byar og tettstadar der mange menneske samlast.
Også dei førebur seg på støyklager i samband med VM-festar.
– At VM føregår på natta, og om sommaren, gjer at forholda rundt det kanskje blir meir sjenerande for folk, seier advokat Espen Kheradmandi i Huseierne.
Erfaringane frå festivalar eller større musikkarrangement, er at arrangøren gjerne må innlosjera naboar som bur tett på andre plassar.
Eller at dei sørger for at desibelnivået blir halde på eit akseptabelt nivå.
– Og så må dei gjerne avslutta klokka 23 på kvelden. Det blir spanande å sjå korleis dei skal få til dette under fotball-VM når kampane også blir spelte midt på natta, seier advokaten.
Advokat Espen Kheradmandi i Huseierne seier det er fullt lov å melda frå dersom VM-bråket blir for massivt.
Foto: Moment Studio / Moment Studio/HuseierneNattero gjeld også under VM
Det er nabolova og lokale politivedtekter som regulerer ro og orden her til lands.
Nabolova § 2 seier at «ingen må ha, gjera eller setja i verk noko som urimeleg eller uturvande er til skade eller ulempe på granneeigedom».
Lova er ikkje særleg spesifikk når det gjeld støynivå.
Politivedtektene fastset ordensreglar for den enkelte kommune.
Mange kommunar har reglar om at det skal vera nattero mellom klokka 23 og 06.
– Det er ikkje gjort unntak for desse vedtektene under fotball-VM, slik det er gjort med skjenkereglane, påpeikar advokat Kheradmandi.
– Når har folk rett til å klaga på VM-støy?
– Omgrepa i lovverket er litt dynamiske, så det kan vera at det er litt meir lempelege krav når det er fotball VM og Noreg ikkje har vore med på nesten 30 år. Men er det mykje støy, er det heilt innføre å seia frå.
Politiet: – Tolegrensa ganske høg
Advokaten viser også til ein dom frå Bergen tingrett i 2013 der ein nabo var plaga med konsertstøy i Bergen.
Der slo både tingretten og lagmannsretten fast at tolegrensa for konsertar i bynære strøk må vera «relativt høg».
– Ja, det stemmer at tolegrensa for støy er ganske høg. Men i utgangspunktet skal det vera ro mellom 23 på kvelden til klokka 6 neste morgon, seier politiinspektør Sæland Rotseth.
– Men kva om eg ikkje får sova på grunn av VM-bråk?
– Det går jo an å ta på seg øyreproppar, i alle fall under Noreg sine kampar når me ventar mest bråk. Og så er det greitt å vera litt meir tolerant akkurat i VM-perioden.
Mange nordmenn skal oppleva Haaland og co. på ulike VM-arrangement rundt om i landet.
Foto: Vegard Grøtt / BildbyrånEit alternativ er å setja kursen mot hytta eller andre rolege plassar.
Problemet til Christer Skog, naboen til VM-teltet på Jørpeland, er at hytta er 160 mil vekke – i Vesterålen i Nordland.
– Det blir litt langt å rømme til hytta kvar gong Noreg spelar VM-kamp. Men hadde den vore nærmare, skal du ikkje sjå vekk frå at eg hadde gjort det.
VM-telt-arrangør Harestad meiner dei som bur i tettbygde strøk under VM, bør tola litt bråk.
– Det blir mindre støy med fotball på storskjerm enn konsertar. Og det er først og fremst under Noreg sine kampar det blir mange folk, så eg trur ikkje dei har så mykje å uroa seg for når det gjeld nattero og søvn.
Publisert 28.05.2026, kl. 09.24

















English (US)