For andre dagen på rad har det brote ut massive demonstrasjonar mot amerikanske immigrasjonsmyndigheiter (ICE) i Los Angeles.
Dei krev stans i massedeportasjonar og pågripingar av innvandrarar.
Politiet svarer med tåregass og sjokkgranatar, skriv CNN. Fire personar er arresterte, ifølge kanalen.
Natt til søndag norsk tid har Donald Trump signert ein presidentordre for å sette inn 2000 soldatar frå nasjonalgarden i byen.
Det opplyser Det kvite hus:
– Dei skal handtere lovløysa som har fått ulme. Vår øvstkommanderande vil sørge for at USAs lover blir fullt og heilt handheva, skriv pressetalsperson Karoline Leavitt i ei fråsegn.
Californias demokratiske guvernør, Gavin Newsom, er sterkt kritisk til avgjerda.
– Den føderale regjeringa er i ferd med å ta over Californias nasjonalgarde og utplassere 2000 soldatar. Dette tiltaket er bevisst provoserande og vil berre eskalere spenningane, skriv han på X.
Uroa skjer i kjølvatnet av president Donald Trumps lovnader om massedeportasjonar av innvandrarar.
Dei siste dagane har ICE-betjentar arrestert rundt 40 personar i Los Angeles, ifølge nyheitsbyrået AP.
Å avgrense innvandring er blant Trumps viktigaste politiske saker.
I ei melding på Truth Social skreiv presidenten tidlegare natt til søndag at den føderale regjeringa vil «steppe inn og løyse problemet» dersom lokale myndigheiter «ikkje klarer å gjere jobben sin».
Interessert i utanriks? Høyr podkasten til redaksjonen:
Publisert 08.06.2025, kl. 03.50 Oppdatert 08.06.2025, kl. 05.53