Nettselskap sende 400 volt inn i 18 hus - naboane truar med rettssak

3 hours ago 3


Det er iskaldt på golvet og ingen lys å sjå i taket i huset på Engeset i Ørsta. Slik har det vore i over fem veker.

20. juli sende nettselskapet Linja AS ved ein feil 400 volt gjennom det elektriske anlegget i heile nabolaget. Framleis veit ikkje huseigarane når dei omfattande skadane blir reparerte, og kven som må ta rekninga.

– Det er fullstendig frustrerande. Vi kjem ingen veg. Vi blir møtt av ein vegg uansett, seier Monica Hovdenakk Engeset.

en person som ser på sko i et skostativ

Monica Hovdenakk Engeset har tjukke raggar på beina for på golvet er det iskaldt etter at det elektriske anlegget i huset blei øydelagt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Både kvitevarer og elektronikk i heile huset blei svidd. Engeset reknar med at det vil koste rundt 600.000 kroner å erstatte alt: taklampar, varmepumpe, ventilasjonsanlegg, platetopp, vifte og oppvaskmaskin.

Leiinga i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap opplyser til NRK at slike feil er svært sjeldne. Folk i bransjen har knapt høyrt noko liknande gjennom heile sin karriere.

En grønn dal med bygninger og fjell i bakgrunnen

Naboane i Engeset og i Nupen i Ørsta gjekk i svart då 400 volt blei sendt over straumnettet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Store skadar inne i huset

Ned gjennom dalen er det øydelagde kvitevarer i alle hus.

Forbrukarrådet sa nyleg til Møre-Nytt at naboane kan sende krava sine direkte til nettselskapet, for å få pengar til å kjøpe nytt. Men fleire har fått beskjed frå forsikringsselskapa sine om at dei truleg berre får dekt deler av utgiftene på grunn av aldersfrådrag.

Det har sett sinna i kok.

Huset til sambuarparet Monica Hovdenakk Engeset og Rudi Rekdal er 13 år gammalt og dei fryktar at dei endar opp med ei rekning på fleire hundre tusen.

– Det har vi ikkje moglegheit til å betale differansen på i det heile tatt. Det er store summar, seier Monica Hovdenakk Engeset.

Ho meiner nettselskapet Linja, som har skuld i feilen, burde tatt eit større ansvar.

– Dei er feige. Dei gøymer seg bak forsikringa, seier ho.

et kjøkken med hvitevarer i rustfritt stål

Berre på kjøkkenet blei både ventilatoren, platetoppen og oppvaskmaskina øydelagde.

Foto: Remi Sagen / NRK

Peiker på forsikringa

Atle Isaksen, konstituert administrerande direktør i Linja AS, seier han forstår frustrasjonen.

Selskapet vedgår at dei har gjort feil, men svarer at det er forsikringsselskapa som må på banen.

– Det er forsikringsbransjen som handterer skadesakene, som gjer taksten, og finn den erstatninga dei enkelte kundane skal ha, seier Isaksen.

– Men kvifor ryddar de ikkje berre opp?

– Det framstår ikkje som lett å rydde opp med å gå mellom, seier han og legg til at dei gjerne vil behandle alle kundar og saker likt.

en mann som står utenfor et hvitt bygg

Konstituert administrerande direktør i Linja AS, Atle Isaksen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Gjensidige er forsikringsselskapet til både Linja AS og nokre av naboane som er råka. Kommunikassjonssjef Bjarne Aani Rysstad seier til NRK at han skjønar frustrasjonen, men at dei generelt ikkje tek omsyn til kva som er årsaka til skaden og kven som har skulda.

– Ei forsikring skal dekkje det økonomiske tapet, verken meir eller mindre. Når gjenstandar ikkje er nye, skal erstatninga gjenspegle dette, og erstatninga vil bli lågare ut frå gitte aldersfrådrag.

Eit eldre par, kvinne og mann, som sitter på en sofa

Gry og Jon Arne Engseth skjønte ingenting då det plutseleg begynte å smelle frå huset.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kan gå mot rettssak

Dersom resultatet blir at dei 18 huseigarane må betale deler av utgiftene til nye ting, truar dei med rettssak.

Det eldre ekteparet Gry og Jon Arne Engeseth, som bur litt lenger ned i dalen, sat på verandaen då det small inne i huset.

– Vi høyrde smella rundt oss og tenkte, «kven er det som skyt no seint på kvelden?», seier Gry Engeseth (79).

Kort tid etter var det meste i huset svart. I ettertid har dei mista varmepumpe, el-ladar til bil, kjøleskap, lys, lampar, tørketrommel, steikeomn og skrivar. Lista blir lenger.

– Forbaska drit. Gjer dei feil går det greitt, men dei må jaggu ta ansvar, seier Engeseth.

Publisert 28.08.2025, kl. 20.23 Oppdatert 28.08.2025, kl. 20.55

Read Entire Article