Niemann med tirade mot TV 2: – Spyr ut løgner

7 hours ago 4


Den evigaktuelle sjakkspelaren Hans Niemann hadde mykje på hjartet da han logga på si eiga direktesending frå chess.coms Titled Tuesday-turneringar denne veka.

Spesielt mykje hadde han å melde om ei sak TV 2 publiserte tidlegare i april, etter at han trekte seg frå Freestyle Chess-turneringa i Paris.

TV 2 skreiv da at Niemann trekte seg like etter at han hadde fått beskjed om at arrangøren hadde investert i nytt sikkerheitsutstyr for å avsløre juks.

– TV 2-artikkelen som impliserer at det at eg trekte meg hadde noko som helst å gjere med auka anti-juks-tiltak, er verdilause, ærekrenkande og det er så langt frå sanninga, seier Niemann.

– Spekulasjonane er skuffande

en mann som sitter på en stol

Foto: Julien Pretot / Reuters / NTB

I samband med at Niemann trekte seg frå turneringa, blei det kommunisert at grunnen var «personlege årsaker». I direktesendinga tysdag gjentok Niemann at det var personlege årsaker som låg bak, og at han ikkje kom til å seie noko meir.

– Det var noko, som blei sitert i artikkelen, om at eg skal ha fått ei melding og at eg trekte meg etter det. Det er berre heilt openbert usant. Eg såg nokre intervju og nokre spekulasjonar, men eg kan seie at eg synest alle desse spekulasjonane er skuffande, i tillegg til å openbert vere usanne, seier Niemann i direktesendinga.

– Eg har ingenting å bevise. På eit tidspunkt treng eg ikkje bevise noko. Eg er ein av dei beste spelarane i verda. Det er eit slags uomtvisteleg faktum.

Det er ikkje første gongen Niemann vekker oppsikt i eigne direktesendingar:

– TV 2-artikkelen og alt dette andre er berre «fake news», men du forventar berre at media er fullstendig korrupte og spyr ut løgner. Sjølvsagt ikkje i den grad, men sånn er livet.

TV 2s sportsredaktør, Vegard Jansen Hagen, svarer slik på skuldingane:

– Gjennom kjeldearbeid erfarte vi denne nyheita før ho blei offisiell, og vi fekk også tilgang til korrespondansen mellom arrangør og Niemann.

– Her kjem det fram at han reint kronologisk, brått og uventa, vel å trekke seg etter å ha fått beskjed om at det vil bli sett i verk omfattande anti-juks-tiltak. Desse nye tiltaka har arrangøren også bekrefta til VG, forklarer han.

Les heile svaret her:

Ikkje første tirade

Det er ikkje første gong Niemann går til angrep mot norske medium. Under sjakk-VM i romjula hadde han denne tiraden mot NRK:

Og dagen etter var han ikkje noko mildare etter at han hadde spelt remis mot Magnus Carlsen:

– Alle innser at statsmedia er korrupte. I USA er media korrupt, i Noreg er media korrupt, all «mainstream media» er korrupt. Eg ser no at eg har mange norske fans, fordi dei hatar NRK. Eg er så glad, sa Niemann.

Bekreftar: Skal ta løgndetektortest

Sidan juksesaka braut ut i 2022, har Niemann jamleg vore i vinden av ulike årsaker. Det var først i september 2024 at han og Magnus Carlsen møttest igjen til eit parti sjakk.

Dette er sjakkjuks-saken

I eit nyleg stunt spelte han mot Daniil Dubov der taparen måtte ta løgndetektortest. Det enda med å bli Niemann.

Først var det spekulasjonar om han kom til å nekte å gjennomføre taparpremien, men det er på trappene, kunne han bekrefte i livesendinga tysdag.

– Når det gjeld løgndetektortesten, så vil det bli gjort veldig snart. Eg har full intensjon om å ta han og sjølvsagt publisere resultata, seier Niemann i sendinga på YouTube og Twitch.

Der bekrefta også Niemann at han planlegg å spele kvalifiseringa til Freestyle Chess-turneringa i Las Vegas i sommar.

Fikk fem kampers karantene for dette 00:41

Publisert 04.05.2025, kl. 09.51

Read Entire Article