«Nissene på låven» var ein stor suksess på TVNorge på 2000-talet med Esben Eckbo i spissen. Julekalenderen var ein parodi på ulike realitykonsept, og det blei laga opptil fleire sesongar.
Men nå er tida inne for å byte kanal og kalenderkonseptet blir å sjå på NRK med nye fjes.
Innspelinga er allereie i gang og nysgjerrige TV-sjåarar kan sjå den nye julekalenderen allereie 1. desember 2025.
– Det er jo ein liten draum at vi nå lagar ein julekalender med to av våre aller beste karakterkomikarar, Kevin og Herman, i eit så gøy konsept! Og med Mikkel Niva i rolla som programleiar så er laget toppa, seier redaksjonssjef for humor, Christina Rezk Resar.
Inspirert av «Forræder» og «Spillet»
Også den nye kalenderen hentar inspirasjon frå populære realitykonsept som «Forræder» og «Spillet».
Som vanleg skal 24 menneske leve og konkurrere som nissar, men nytt for i år er at konkurransen blir sabotert av skjulte rampenissar.
Kvar kveld blir ein mistenkt nisse sendt heim. På julaftan blir det avgjort om det er ein rampenisse eller ein ekte nisse som stikk av med sekken på ein million kroner.
Programleiar for serien er Mikkel Niva, mens Flesvig og Vågenes skal spele roller som nissane.
Kalenderen blir produsert av produksjonsselskapet Seefood TV for NRK.
– Den nye sesongen kjem sjølvsagt til å by på mykje av det same som tidlegare sesongar, men med ein helt ny «cast» og ein ny rampenisse-vri på konkurransen. Så håpar vi at formatet også kjem til å kjennest friskt og nytt ut for sjåarane, seier Aleksander Herresthal, produsent i Seefood TV.
Espen Eckbo spelte fleire roller i Nissene på låven. Her som Asbjørn saman med Tom, spelt av Eivind Sander. Produksjonsselskapet Seefood står også bak den nye kalenderen.
Foto: TVNorgePublikumssuksess sett på vent
Den nye sesongen av «Nissene på låven» blir vist i staden for «24-stjerners julekalender» i år.
Sistnemnde, med Markus Neby som programleiar, har gjort suksess på NRK dei siste tre åra.
– Dette er ei naturleg veksling av ulike format, ikkje ulikt slik vi har gjort med barnekalendrane gjennom mange år, seier NRKs TV sjef Jan Egil Ådland.
Så frykt ikkje – «24-stjernes julekalender» kjem tilbake igjen i 2026.
– Vi ligg ikkje på latsida, og ser fram til å jobbe mot og vise fram kalenderen i 2026, seier Gitte Calmeyer, som er prosjektredaktør for «24-stjerners julekalender».
Gitte Calmeyer, prosjektredaktør for «24-stjerners julekalender».
Foto: NRKHo nyttar vidare høvet til å skryte av produksjonsselskapet «Magga & Anders», som har utvikla og produsert denne kalenderen for NRK.
«24-stjerners julekalender» har vore ein publikumssuksess. Fjorårssesongen hadde eit snittal på 985.000 sjåarar, og var den mest sette programserien på NRK i desember.
– Vi har langsiktige planar for suksessformatet «24-stjerners julekalender», sjølv om det blir ein pause i 2025, avsluttar Jan Egil Ådland.
24 stjernes julekalender 2024. Deltakarane i ein av dei første konkurransane.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRKPublisert 18.02.2025, kl. 13.14