Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_bb71bbd7fc383357367fc37c60211dcc, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
No er tala her: Slik gjekk det med Equinor i 2025 - NorwayToday

No er tala her: Slik gjekk det med Equinor i 2025

12 hours ago 4


Equinor sitt overskot for fjerde kvartal i 2025 var på 6,2 milliardar amerikanske dollar eller over 59 milliardar norske kroner.

Det kjem fram i tala som vart lagt fram onsdag morgon.

Anders Opedal, konsernsjef Equinor

Konsernsjef i Equinor, Anders Opedal.

Foto: Erik Waage / NRK

– Med nye felt i drift og sterk drift leverer vi rekordhøy produksjon og konkurransedyktig avkastning i 2025, sier konsernsjef Anders Opedal til Equinor sin eigen nettstad.

Samanlikning med 2024

Dei nye tala viser ein nedgang i forhold til i fjor. I same periode var tala då på 7,9 milliardar amerikanske dollar.

I 2024 tente Equinor Equinor 335,2 milliardar kroner, litt mindre enn i 2023.

Likevel har grafen aldri vore så høg som i 2022, då Equinor leverte eit resultat på rundt 800 milliardar.

Grafen under viser resultata frå Equinor dei siste åra, oppgitt i dollar.

Venta nedgang

Fleire analytikarar, som Equinor henta inn viste til at dei forventa ein nedgang i fjerde kvartal samanlikna med same periode i 2024.

I Stavanger venta også sjeføkonom for Sparebank1 Sør-Noreg, Kyrre M. Knudsen at resultatet blei noko lågare.

– Men det er framleis ei påminning om at dei tener veldig mykje pengar, og at mykje av dette er med på å støtte og styrke norsk økonomi, seier Knudsen til NRK.

Kyrre M. Knudsen

Kyrre M. Knudsen er sjeføkonom i Sparebank1 Sør. Noreg trur på førehand at resultata vil bli lågare.

Foto: Ole Andreas Bø

Knudsen er spent på aktivitetsplanen til Equinor framover og om ein skal halde stabil aktivitet, eller om den blir mindre framover.

– Eg trur at Equinor siktar mot å halde aktiviteten stabil. Men samstundes ser vi òg at det er ein del store prosjekt som no går mot slutten, noko som kan tale for at det blir noko lågare aktivitet i nokre av segmenta innanfor den norske oljebransjen, seier sjeføkonomen.

Publisert 04.02.2026, kl. 06.48 Oppdatert 04.02.2026, kl. 06.55

Read Entire Article