No kan du førehands­stemme

4 hours ago 4


– Eg synest det er veldig gøy. Eg plar alltid vere med på førehandsstemming og stemminga, seier Marit Engseth.

Ho er ei av fleire som er i sving for å sette opp eit valavlukke på Lagunen Storsenter i Bergen fredag føremiddag.

Marit Engseth har grått hår, brillene på hovudet, har svart genser, og tatovering på underarmen. Ho står ved eit valavlukke som skal opnast for førehandsstemming.

Marit Engseth er ein av nestleiarane på vallokalet på Lagunen Storsenter under Stortingsvalet 2025.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Etter kvart kjem valurner og stemmesetlar frå ulike parti på plass.

– Det er kjempeviktig at folk ønsker å stemme, det er viktig for demokratiet, seier Engseth.

  • en person som skyver en vogn full av esker

    Det er ein del som skal på plass for at bergensarane skal kunne førehandsstemme.

    Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
  • en person som holder en boks

    Sjølve valavlukket er på pakka opp og plassert på Lagunen Storsenter i Bergen.

    Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
  • Personale gjer klare stemmebåsane til førehandsrøysting

    Så kjem hyller til stemmesetlar per parti.

    Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
  • Hyller for stemmesedler

    Partinamna kjem på plass.

    Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
  • Hyller for stemmesedler

    Og så alle stemmesetlane.

    Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
  • en kvinne som holder en valgurne

    Og valurnene.

    Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Det har allereie vore mogleg å tidlegstemme frå 1. juli, men frå 11. august til 5. september kan du førehandsstemme ved Storting- og sametingsvalet 2025.

Dette kan du gjere i vallokale over heile landet, uavhengig av kva kommune du er folkeregistrert i, så lenge du har med legitimasjon.

Og det kjem truleg også mange til å gjere.

Det har ikkje alltid vore mogleg å førehandsstemme. Les korleis det utvikla seg gjennom historia her:

Mange går tidleg til urnene

Tal frå Valdirektoratet viser at ved Kommunestyrevalet i 2023 førehandsstemte 49,1 prosent, og ved Stortingsvalet 2021 førehandsstemte 57,9 prosent.

– Me forventar kanskje litt mindre førehandsstemming denne gongen enn ved førre Stortingsval, for då var det covid og folk var redde for smitte, seier Elisabeth Ivarsflaten.

Professor Elisabeth Ivarsflaten smiler til kamera. Ho har på seg briller med blå innfatning, blå genser, og blå jakke utanpå.

Elisabeth Ivarsflaten er professor i statsvitskap ved institutt for politikk og forvaltning ved Universitetet i Bergen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Ho seier at ho trur mange kjem til å førehandsstemme også i år:

– Fordi me legg godt til rette for førehandsstemming, ordninga blir meir kjent. Mange synest det er praktisk og greitt, og det er faktisk også nokre som treng å førehandsstemme.

Om du ikkje tidlegstemmer eller førehandsstemmer, må du stemme på sjølve valdagen, 8. september 2025. Det må du også gjere i kommunen du er folkeregistrert i.

Ivarsflaten understrekar at det er viktig å vere obs på opningstidene til stemmelokala.

– Dei som ikkje bur heime på si folkeregistrerte adresse, ofte unge som har flytta for å studere, dei får faktisk ikkje lov å stemme på valdagen dersom dei ikkje er i heimkommunen sin, men dei får lov til å førehandsstemme.

– Dei må berre hugse at førehandsstemmelokala stenger tre dagar før valdagen, så du må få inn den førehandsstemma i tide.

Vel ut godt tilgjengelege stader

Det er valstyra i kvar enkelt kommune som bestemmer kvar og kva tid det skal vere mogleg å førehandsstemme.

Difor varierer det også frå kommune til kommune om det er mogleg å stemme på eit bibliotek, eit sjukehus, på utdanningsinstitusjonar, eller på kjøpesenter.

Lagunen er eitt av 18 lokale i Bergen der det blir opna for førehandsstemming.

Og det er stor variasjon i lokala i Noregs nest største by.

Øivind Hauge Støle har kort skjegg, kort hår, og har på seg kvit skjorte. Han smiler.

Øivind Hauge Støle er seksjonssjef ved Bystyrets kontor i Bergen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– I byen, blant anna på Torgallmenningen, på hovudbiblioteket og på kjøpesenter som her på Lagunen, seier Øivind Hauge Støle, som er seksjonssjef i Bystyrets kontor.

Og stadene er ikkje tilfeldig valt ut.

– Hovudpoenget er tilgjengelegheit. Me skal vere der folk er, på gode kollektivknutepunkt, der det er god parkering, gode opningstider, og det skal vere universelt utforma.

Skal du stemme ved Stortingsvalet 2025?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Mange stemmer på kjøpesenter

På Lagunen storsenter har det vore mogleg å førehandsstemme mange val tilbake. I 2021 stemte 15 553 personar her, og i 2023 var talet 10 483.

Senterleiar Tone Havneraas ved Lagunen er glad for at kjøpesenteret kan bidra til demokratiet.

Tone Havneraas har blondt langt hår, har på seg ein svart blazer og kvit t-skjorte. Ho smiler til kamera.

Senterleiar Tone Havneraas ved Lagunen Storsenter.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Me er begeistra for dette. Me har hatt telefonar frå publikum som er klare for å stemme. Det er veldig fint for oss om ein kan klare å kombinere førehandsstemming med ein handletur i Lagunen, eller kanskje eit kinobesøk eller trening, seier Havneraas.

Og førehandsstemme, det verkar det også som at kundane på Lagunen kjem til å gjere:

  • en kvinne som smiler til kameraet

    Kari Nygard Tvilde / NRK

    Rikke Otneim (23), student

    – Planen er å førehandsstemme. Då det var val i Bergen sist, var det ekstreme køar på valdagen.

    – Kva tenker du om å gå glipp av valkamp-innspurten?

    – Eg trur mange bestemmer seg på førehand. Ein kan føle det kjem litt løfter som ikkje blir haldt. Å gjere min eigen research er det beste, å lese brosjyrane til partia og ta NRKs valomat. Då blir eg ikkje like mykje påverka av alt snakket.

  • en ung mann som smiler til kameraet. Han har caps bak fram

    Kari Nygard Tvilde / NRK

    Joakim Ulstein (24), student

    – Det blir nok førehandsstemming, ja. Greit å berre få det ut av verda. Eg skal stemme det same som eg har stemt dei siste åra.

    – Det er ikkje dumt å gå glipp av dei siste valløfta, då?

    – Det er mykje tomme ord. Det meste har blitt sagt, og det meste som blir sagt, blir ikkje overholdt. Så det er berre å få det gjort.

  • en eldre kvinne i frakk, smiler til kamera

    Kari Nygard Tvilde / NRK

    Anne Langhelle (78), pensjonist

    – Det er eit veldig godt tiltak å kunne førehandsstemme. Eg førehandsstemmer kvart år, alltid. I år har eg stemt i Oslo, for eg var på ferie då.

    – Du har rett og slett tidlegstemt?

    – Ja, dei opna 1. juli. Eg varierer litt mellom to parti.

    – Men då får du ikkje vore med på valkampen?

    – Det spelar inga rolle. Eg veit jo kva partia står for. Det blir ikkje så mykje nytt no dei siste vekene.

  • en ung kvinne som smiler til kameraet

    Kari Nygard Tvilde / NRK

    Mathilde Haug (24), student

    – Det blir førehandsstemming for å ha det gjort. Det er lettast, det er så mykje folk på valdagen. Eg har ikkje bestemt meg for kven eg skal stemme på enno.

    – Kva tenker du om å gå glipp av valkampen opp mot valdagen?

    – Eg er ikkje veldig politisk engasjert, så eg søker på nett og ser hjartesakene og går ut i frå det. Eg tek valomatane til alle nettsider som finst.

  • en kvinne som smiler til kameraet

    Kari Nygard Tvilde / NRK

    Åslaug Melvær

    – Eg skal førehandsstemme, garantert, tilfelle eg blir sjuk på valdagen. Eg har bestemt meg for kva eg skal stemme, så det er godt å berre få det gjort. Det blir her på Lagunen storsenter, då eg bur i nærleiken.

    – Var valet lett i år?

    – Veldig lett. Eg skal stemme Konservativt, då eg synest dei har mange bra saker som eg også står for.

Publisert 11.08.2025, kl. 05.52

Read Entire Article