– Eg synest det er positivt. Det gir oss eit handlingsrom som er litt annleis enn før, seier Johanne Sofie Strand.
Måndag går ho inn i eit nytt skuleår som lærar ved Rosenborg ungdomsskule i Trondheim.
Da kan ho gripe fysisk inn dersom elevar forstyrrar undervisninga.
– Så ein kan ta eleven ut av klassen og handtere situasjonen utanfor klasserommet, i staden for at ein tidlegare måtta ta dei andre elevane ut av klasserommet.
– Vi har større handlingsrom no til å beskytte undervisningssituasjonen.
Lærarar på Rosenborg ungdomsskule fekk i forkant av skuleåret kurs om vald og truslar i skulen. Der blei mellom anna lovendringane eit tema.
Foto: Henning Levold / NRK– Beskyttar retten til undervisning
Endringane i opplæringsloven tredde i kraft frå 1. august.
– Det er på tide at loven beskyttar retten til undervisning for det store fellesskapet i klasserommet, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i ei pressemelding.
Ho meiner det er avgjerande at lærarane har moglegheit til å hindre at nokre få elevar øydelegg undervisninga for resten av klassen.
– Å gripe inn fysisk er likevel siste utveg, seier Nordtun.
– Ingen lærar ønsker å kome i slike situasjonar. Samstundes skal både tilsette og elevar vite at å gripe inn fysisk er eit lovleg verkemiddel i gitte situasjonar.
For eitt år sidan blei det også opna for at lærar kan gripe inn dersom det er fare for helse eller eigedom.
– Betre balanse mellom vaksne og barn
Rektor ved Rosenborg skule, Siv Marie Forsmark, er glad for lovendringa. Ho fortel at det ofte oppstår situasjonar der det kan vere nyttig å gripe inn fysisk.
– Det oppstår med jamne mellomrom.
Loven slår fast at lærarar kan gripe inn fysisk når «andre tiltak ikkje er tilstrekkelege».
Foto: Henning Levold / NRK– Eg tenker det er fint at vi har fått ein litt betre balanse mellom vaksne og barn i skulen og at læraren får litt draghjelp for å ha autoritet i eige klasserom.
Forsmark er glad lærarane no har fleire måtar å løyse krevjande situasjonar på.
– Førebygging er det viktigaste vi gjer, men no har vi eit lovverk som gjer at vi kan handtere situasjonar som oppstår.
– Men om det er fysiske inngrep som er måten å løyse situasjonen på er ikkje sikkert, seier rektoren.
Elevorganisasjonen: – Sterkt imot
– Vi er sterkt imot at lærarar skal kunne bruke makt mot elevar, seier Carina Romundstad.
Ho er fylkesleiar for Elevorganisasjonen i Trøndelag.
Romundstad seier ein heller burde satse på å førebygge at slike situasjonar oppstår.
– Det burde bli gjort andre tiltak, som for eksempel skulehelsetenester, miljøterapeutar og psykologar for å få stoppa problemet før det blir eit så stort at ein må bruke makt.
– Vi meiner at det skal vere siste utveg, seier leiar Carina Romundsad om at lærarar kan gripe fysisk inn.
Foto: Henning Levold / NRKHo seier det finst situasjonar der lærarar skal kunne bruke makt mot elevar, men at terskelen mot det må vere veldig høg.
– Dersom ein elev slår ein annan elev så må det gå an å ta han i arma og dra han unna, men vi meiner det ofte går an å snakke seg ut av det.
– Spesielt ved verbale forstyrringar frå elevar så skal det ikkje vere makt som er utvegen.
– Ein tap-tap-situasjon
Ole-Gunnar Kjærstad fortel at han har blanda følelsar om endringane i loven.
– Vi veit at ved å bruke tvangsmiddel, så er det i realiteten ein tap-tap-situasjon for alle involverte, seier læraren.
Ole Gunnar Kjærstad seier situasjonanen der det kan vere aktuelt å gripe fysisk inn oppstår svært sjeldan.
Foto: Henning Levold / NRKKjærstad trur ikkje kvardagen kjem til å endre seg mykje med lovendringa. Han seier situasjonar der læraren vil måtte gripe fysisk inn skjer sjeldan.
– Det er snakk om ytst sjeldne situasjonar som oppstår der den førebygginga vi gjer ikkje er tilstrekkeleg.
Samstundes er Kjærstad glad for at regelverket blir tydelegare.
– Dersom det oppstår situasjonar der ein er veldig trua så veit ein at ein har eit tydelegare regelverk i ryggen som du kan lene deg på.
Publisert 18.08.2025, kl. 05.07