Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_6a9c1f862817dc3b9ab8405ddb9069ef, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
No kjem sommaren tilbake – kan bli oppimot 28 grader - NorwayToday

No kjem sommaren tilbake – kan bli oppimot 28 grader

7 hours ago 3


Varm luft er på veg inn over Sør-Noreg, og torsdag kan fleire stader få høgsommardag.

Det vil seie temperaturar over 25 grader.

Varmen ser ut til halde seg over sørlege delar av Noreg til og med fredag, ifølge meteorologane.

Temperaturstigninga vil også gje moglegheiter for kraftig torevêr.

Folk nyter badeværet på Møllestranden i Bergen

No kjem finvêret til Sør-Noreg, men det blir kortvarig.

Foto: Nina Kausland / NRK

Sommardagar i sikte

Sør-Noreg får eit kraftig pust av sommarvarme denne veka. Onsdag og torsdag blir prega av sol og høge temperaturar.

Vestlandet får ein brå temperaturauke, og det er særleg ytre strøk som kan få dei høgaste temperaturane.

– Vi ser at det kan bli opp mot 27–28 grader lokalt torsdag, seier meteorolog ved Meteorologisk institutt, Geir Ottar Fagerlid.

– Det er varm luft som kjem inn sør frå kontinentet, og det gir oss ein høgsommardag med god margin.

en side i en bok

Meteorolog, Geir Ottar Fagerlid,

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Mens Vestlandet får eit kortvarig møte med varme, ser Austlandet ut til å fleire dagar med stabilt og varmt vêr.

– Austafjells blir vêrvinnarar dei neste ti dagane, seier Fagerlid.

Sørlandet får òg fint vêr, men kan få slengar av nedbør frå Vestlandet. Likevel blir det stort sett varmt og tørt.

en gruppe mennesker som hopper opp i luften ved en båt

Det blir gode moglegheiter for elegante svev på Sørenga i Oslo framover.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Lokale regnbyer og torevêr

Varmen på Vestlandet er dessverre for vestlendingane ikkje langvarig. Frå seint torsdag ettermiddag og kveld kan vêret endre seg brått.

– Då trekkjer det inn regnbyer med fare for torevêr frå sør. Det er potensial for ganske kraftig torevêr, forklarar Fagerlid.

Han forklarar at det er overgangen frå varm kontinentalluft til kjøligare maritim luft som utløysar byene.

– Det kan vere uttrykk for lyn, tore og styrtregn. Slike byer kan vere svært lokale, der nokre stadar kan sleppe unna, medan andre får det ganske hardt.

NRK har tidlegare fortalt om at sommaren er høgsesong for lyn og torevêr, der hetebølgjer og varmluft gir perfekt forhold for slikt uvêr.

LYN: Meteorologane har jamt og trutt sendt ut farevarsel for lyn i heile juli.

Foto: Privat

Frå fredag av blir temperaturane lågare, og slik vil det halde seg utover helga.

– Då blir det tørrare, men små kjølig. Vi snakkar om 15–20 grader som makstemperatur og nokon glimt av sol, men ingen varme slik som vi får no på torsdag, seier Fagerlid.

Tendensar til haustvêr i nord

Lenger nord i landet blir situasjonen ein heilt annan. i Nord-Noreg ser det ut til å bli ei våt og vindfull helg.

– Fredag blir spesielt dårleg, med mykje nedbør og vind særleg i Nordland og Troms og Finnmark.

Laurdag og søndag held det fram med bygevêr, og temperaturane kan falle heilt ned mot 10 grader.

– Der liknar det meir på haust enn sommar, seier Fagerlid.

  • Hans Cosson-Eide, redaksjonsleder for klima og teknologi.

    Det store bildet: Tidligere vår og lengre sommer

    Klimaendringene skjer raskere i Norge enn resten av verden.

    Det har allerede ført til at våren starter tidligere enn før, og at sommeren varer lengre.

    Høres det idyllisk ut? Dessverre er det ikke gode nyheter.

    Sveip for å lese mer.

  •  Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

    Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

    Så mye tidligere

    I Oslo og flere andre steder i landet, starter våren nå ti dager tidligere enn den gjorde for 30 år siden, ifølge Meteorologisk institutt.

    I Kristiansand kommer våren hele 21 dager tidligere enn før.

    I tillegg sier meteorologene at sommeren har blitt lengre, og de varmeste sommerdagene har blitt varmere.

  • Kartet viser hvilke områder i en periode i april 2025 der temperaturavvik skyldes klimaendringene ifølge indeksen.

    Norge blir varmere

    Denne våren har temperaturene i Sør-Norge vært over normalen.

    Ifølge Climate Shift Index er det stor sannsynlighet for at de unormale temperaturene skyldes menneskeskapte klimaendringer.

  • Ikke bare deilige sommerdager

    Hetebølger fører til heterelaterte dødsfall flere steder i verden. FNs klimapanel sier utfordringene vil øke i takt med den globale oppvarmingen.

    Klimaendringene fører også til at andre typer ekstremvær blir kraftigere enn tidligere. I Norge har det for eksempel blitt mer styrtregn de siste årene, ifølge Meteorologisk institutt.

    Når det ikke regner, er tørke og økt skogbrannfare blant konsekvensene et endret klima kan føre til. Et mer uforutsigbart klima kan bli utfordrende for jordbruket vårt.

Publisert 12.08.2025, kl. 13.32

Read Entire Article