«Iuiiiiuuuiiiiuuu ...»
No nærmar vi oss tida for smultringbakst, stearinlys og fyr i omnen.
Då er det ikkje berre lyden av bjøller og kyrkjeklokker som ljomar – men òg den skingrande ulinga frå brannalarmar og sirener.
Om vinteren er det nemleg dobbelt så mange brannar som elles i året.
– Eg er mest redd juledekorasjonar med stearinlys i, med tørr kvist og kongler og alt mogleg. Det er jo reine bålet i utgangspunktet, seier Hovda.
Foto: Forbrukerinspektørene/NRKMen korleis kan ein unngå brann? Kva gjer ein viss flammane slikkar først oppover dei juleraude gardinene?
Vi har snakka med brannvesenet, som gjev sine beste råd og tips på røykvarslardagen 1. desember.
Nedst i saka kan du teste kor mykje du kan om brannsikkerheit, men fyrst skal du få høyre om kvifor det er så viktig.
Du kan òg opne dei blå boksane for å sjå bilete og lese historier frå brannvesenet.
Tusenvis av brannar, og hundretusenvis utan varslar
I 2023 rykka brannvesenet ut til 6080 brannar og branntilløp berre i bustader landet rundt, viser tal frå DSB.
800 av desse var i desember. Det er nesten dobbelt så mykje som snittet for resten av året.
Statistikken syner at 40 prosent av hendingane frå november til februar.
1. desember er røykvarslardagen. Ein fungerande røykvarslar er noko av det viktigaste ein kan ha på plass om uhellet først er ute.
– Så mange som fem prosent har ikkje eller veit ikkje om dei har røykvarslar, seier Tor Erik Skaar i Brannvernforeininga.
Det gjeld altså omkring 300.000 personar i Noreg.
Tor Erik Skaar i Brannvernforeininga seier ein røykvarslar kostar omkring 100 kroner, og derfor er ei svært rimeleg livsforsikring.
Foto: Brannvernforeningen– Det er skremmande mange som ikkje blir passa på og får varsel om det byrjar å brenne på natta mens dei søv, seier Skaar.
Han fortel om ei undersøking av 152 dødsbrannar mellom 2015 og 2020.
Den viser at i ti tilfelle var det ikkje røykvarslar der, og over 20 prosent av tilfella vart ikkje røykvarslaren høyrd.
– Eg tenkjer det er så trist, og så unaudsynleg. Røykvarslar er den mest effektive livreddaren når det kjem til brann.
Grytelokk, brannteppe, pulverapparat ...
Ein som verkeleg brenn for jobben sin er Tor-Åsmund Hovda. Han er avdelingsleiar i førebyggjande i Nedre Romerike brann og redningsvesen.
Her er hans beste råd og tips til korleis du hindrar at huset står i lys lue:
Røykvarslar reddar liv
1. desember er røykvarslardagen. Då bør alle sjekke at røykvarslarane fungerer, og bytte batteri ved behov. Det bør du gjere så ofte som éin gong i månaden, ifølgje Brannvernforeininga.
Visste du at røykvarslarane vanlegvis bør bytast ut etter åtte til ti år?
Her bør dei plasserast: På det høgaste punktet i taket, minst ein halvmeter frå veggen.
Har du sjekka at røykvarslaren fungerer i dag?
Du må og ha mange nok røykvarslarar, og passe på at du høyrer dei. Viss det brenn på kjøkkenet når du ligg i senga, høyrer du den då? Du bør og ha ein varslar i alle rom du ladar ting i, og minst ein i kvar etasje.
– Eg ville heller hatt litt for mange, enn litt for få. Dei bør helst vere seriekopla òg, seier Hovda.
– Kjenner du til at folk har mista livet på grunn av manglande røykvarslar?
– Ja. Det skjer dessverre.
«Alt» med straum kan byrje å brenne
– Alt som har elektrisitet, har potensial for å gå varmt, seier Hovda.
Spesielt obs bør du vere på ting som står på lading. Du bør vere til stades når du ladar, tenkje over kvar du legg ting på lading, og ved jamne mellomrom sjekke at batteria ikkje har skadar.
Det har fleire gongar skjedd at batteri har eksplodert, eller at mobilar og nettbrett på lading smeltar og gir frå seg giftig røyk.
Og for deg som elskar elektriske tog, blinkande lys og anna julestæsj: pass på at ting du kjøper er CE-merka, og utan skader.
Visste du at ein god del brannar oppstår fordi nettet på huset blir overbelasta?
– Dersom ein har ein eldre bustad, kan ein overbelaste nettet når ein koplar på varmeomnar for eksempel, seier Hovda.
Tips: Kontakt eltilsynet for ein sjekk av anlegget.
Ver våken og til stades når du lagar mat
Det er godt med ein frosenpizza etter julebordet, men det er ikkje alltid så lurt.
Kjøkenet er nemleg rommet det oftast byrjar å brenne i.
Der har vi både mykje elektriske duppedingsar, varme steikomnar og koketoppar.
Tips: Reingjer kjøkkenvifta. Der samlar det seg feitt, som kan renne ned når det blir varmt.
Og for deg som skal bake smultringar til jul (eller andre som brukar mykje olje): byrjar det å brenne må du absolutt ikkje bruke vatn.
– Det blir nærmast ein eksplosjon av flammar, seier Hovda.
Tips: Bruk lokk eller brannteppe – ein smultbrann må kvelast.
Få feiaren på besøk
Den openberre aukinga i utrykkingar på vinteren, ligg i pipebrannar, fortel Hovda.
Tips: Har det gått seks år utan tilsyn frå brannvesenet, bør du ringje dei.
I denne 👇 saka kan du lese meir om korleis du unngår, oppdagar og reagerer ved pipebrann.
Ikkje sett oska i plastpose på terrassen
Fyrer ein med ved, må ein fjerne oska frå omnen i blant.
Denne brannen starta i oske som var sett ut på ein overbygd terrasse.
Foto: Nedre Romerike brann- og redningsvesen IKS– Det hender folk har det oppi ei plastbøtte eller ein pose, og sett det ved veggen utanfor – også tek det fyr, seier Hovda.
Tips: Ha oska i ei metallbøtte med lokk. La den stå, helst i et par døgn, på ein trygg plass før du kastar den.
Sidan brann også kan oppstå oppi bøtta, bør den setjast slik at den ikkje kan velte, og unna ting som kan ta fyr.
Ha brannøving heime
Viss røykvarslaren går, kva skal ein gjere? Kvar skal ein gå? Kven skal ein ringe til?
Hovda foreslår at ein rett og slett tek ei brannøving med familien.
Tips: Gå gjennom korleis ein kjem seg ut av bustaden, og kor ein skal samlast.
– Det verste scenarioet er at ein må gå inn igjen å leite etter nokon, seier Hovda.
Varsle, redde og sløkke
Kva sløkkeutstyr bør ein ha i huset?
Hovda svarer: Ein er pålagt å ha for eksempel eit sekskilos pulverapparat, eller andre sløkkeapparat med effekt på 21A. Det kan vere skum, vatn eller pulver. Så kan det vere fint å ha desse små sprayboksane med sløkkeskum, og brannteppe for eksempel.
Skal ein alltid forsøke å sløkke ein brann?
Hovda svarer: Ein skal vere forsiktig. Er ein til stades i det det oppstår ein brann i adventsstaken, kan du sløkke den. Vaknar du på natta av ein større brann, må du kome deg ut.
Kor fort spreiar ein brann seg?
Hovda svarer: Eit rom kan få overtenning på berre eit minutt. Då er det så varmt at alle ting tek fyr. Viss alle føresetnadene er til stades, med luft og brennbart materiale, er det forferdeleg fort gjort.
Kva informasjon skal ein gi når ein ringer brannvesenet på tlf. 110?
Hovda svarer: Hugseregelen er kven, kva, kor. Kven er du, kva har skjedd, og kor skjer det. Så er det viktig å ikkje legge på! Viss ein har kan ein òg gi informasjon om kvar i bygninga det brenn, årsaka, om ein har lukka eller opne vindauge og dører, kva verdiar som er der og om det kan vere personar eller dyr i fare.
Kor mykje kan du om brannsikkerheit? Test deg sjølv her!
Vil du lese meir om røykvarslardagen og korleis du sikrar heimen din mot brann? Sjekk ut røykvarslerdagen.no.
Publisert 01.12.2024, kl. 08.35