Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_dcbe08dfce27267392856b543d3f562a, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Nobel-medaljar på avvegar - NorwayToday

Nobel-medaljar på avvegar

2 weeks ago 5


María Corina Machado har skapt sterke reaksjonar etter at ho torsdag gav fredsprismedaljen sin til USA sin president Donald Trump.

– María overrekte meg Nobels fredspris for arbeidet eg har gjort. Ein så fantastisk gest av gjensidig respekt. Takk, María, skriv Trump på Truth Social.

Sjølv om Machado si handling vekker oppsikt, er ho ikkje den første nobelprisvinnaren som har gitt bort medaljen sin.

I denne saka kan du lese om:

I 2023 var NRK med å sjå korleis Nobelsfredspris-medaljen blir til.

Foto: Lars Os

Auksjonerte bort Nobel-medaljen

For fem år sidan mottok journalistane Dmitrij Muratov og Maria Ressa Nobels fredspris for sitt arbeid med ytringsfridom.

Dmitrij Muratov var redaktør for den russiske avisa Novaja Gazeta.

Avisa skulle vere ei motvekt til regjeringskontrollerte medium i Russland.

Novaja Gazeta-redaktør Dmitrij Muratov med nobelmedalje og nobeldiplom.

Dmitrij Muratov auksjonerte bort Nobel-medaljen han mottok i 2021.

Foto: AFP

Ved hjelp av Mikhail Gorbatsjov sine prispengar frå då han fekk Nobels fredspris i 1990, blei avisa ein realitet.

Novaja Gazeta og Muratov tok eit utradisjonelt val då det blei klart at han skulle auksjonere bort Nobel-medaljen sin.

Auksjonen gav ei inntening på 100 millionar dollar, skriv Nobels Fredssenter.

Pengane frå salet gjekk til å hjelpa flyktningar i Ukraina. Han øyremerka pengane til såra og sjuke flykningsborn.

Det er også fleire Nobel-vinnarar som har gitt vekk pengane som følger med utmerkinga.

Nokon av dei er:

  • Barack Obama gav pengane til ti velgjerande organisasjonar
  • Marie Curie brukte store delar av pengane til vidare forsking
  • Albert Einstein gav pengane til si første kone Mileva Marić og deira born som del av ein skilsmisseavtale

Mann i dress som viser frem Nobel fredsprisen

USA sin tidlegare president Barack Obama mottok Nobels fredspris i 2009.

Foto: John McConnico / AP / NTB

Nobel-medaljane som blei borte

Det er også medaljar som har forsvunne frå eigaren sin.

I 1926 mottok den franske politikaren Aristide Briand Nobels fredspris saman med tyskaren Gustav Stresemann.

Dei fekk prisen for sitt arbeid med å forsone Frankrike og Tyskland etter første verdskrig.

Aristide Briand sit i ein stol med dress

Aristide Briand sin Nobel-medalje blei stolen frå eit fransk museum.

Foto: NTB arkiv / NTB

I 2008 blei Briand sin medalje selt til eit fransk museum.

Nokon år seinare blei medaljen stolen.

Medaljen har aldri komme til rette.

  • Kvinne som holder et diplom framfor seg

    ODD ANDERSEN / AFP / NTB

    Shirin Ebadi

    Shirin Ebadi mottok Nobels fredspris i 2004. I 2009 blei medaljen og diplomet stolen. Ho skulda på iranske myndigheiter – noko dei nekta for. Etter internasjonalt press blei medaljen returnert. 

  •  Cornelius Poppe / NTB Scanpix

    Cornelius Poppe / NTB scanpix

    Kailash Satyarthi

    Menneskerettsforkjempar Kailash Satyarthi fekk Nobels fredspris i 2014 saman med Malala Yousafzai. I 2017 blei medaljen stolen, men det viste seg å vere ein kopi. Originalen står trygt på eit museum.

  •  Jon Eeg, SCANPIX/POOL

    Jon Eeg

    Leger Uten Grenser

    I 1999 gjekk fredsprisen til Leger Uten Grenser. Medaljen var sporlaus forsvunnen etter festen etter banketten, men kom til rette neste morgon – full av bitemerke av folk som ville teste gullet.

Ettertrakta samleobjekt

Nobel-medaljane er populære blant samlarar.

– Den ligg høgst på skalaen for dei som samlar slike berømte medaljar, seier styreleiar Ole Bjørn Fausa i Det Norske Myntverket.

Medaljane til nobelprisvinnarane er verd meir enn OL-gullmedaljen, ifølgje Fausa.

Det Norske Myntverket har i over 100 år produsert medaljane til Nobels fredspris.

Fredsprismedaljen blir produsert i Noreg og er i 18 karat gull.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Nobel-medalje til Joseph Goebbels

Forfattar Knut Hamsun vekte også merksemd då han i 1943 gav sin Nobel-medalje til Nazi-Tyskland sin propagandaminister Joseph Goebbels.

Hamsun mottok Nobelprisen i litteratur i 1920 for «Markens grøde».

Etter å ha følt seg såret av Hitler under sitt møte med ham i 1943, ble Hamsun mottatt på Fornebu av rikskommissær Josef Terboven som han foraktet .

I 1943 blei Knut Hamsun tatt i mot av Josef Terboven på Fornebu flyplass etter eit besøk hos Adolf Hitler.

Foto: SCANPIX

Nordmannen støtta nazistane aktivt – noko som blei tydeleg då han overrekte Goebbels Nobel-medaljen sin.

Etter krigen forsvann medaljen, og til den dag i dag veit ingen kor utmerkinga er.

I 2020 byrja jakta på den bortkomne prisen.

– Prisen tilhøyrer folket på Cuba

Også Ernest Miller Hemingway gav frå seg sin Nobelpris i litteratur.

Den amerikanske forfattaren fekk prisen i 1954 for «Den gamle mannen og havet».

Den verdskjente forfattaren utfordra lesarane til å måtte lese mellom linjene.

Mann som skriver på en skrivemaskin

Hemingway var kjent for å skrive om setningane sine igjen og igjen før han syntest dei sat perfekt.

Foto: NTB

Forfattaren budde 20 år på Cuba for å skrive og drive med havfiske.

Hemingway donerte medaljen og diplomet til det kubanske folk, og gav ansvaret til den katolske kyrkja i El Combre.

– Denne prisen tilhøyrer folket på Cuba fordi verka mine blei til på Cuba, i landsbyen min Cojímar der eg er borgar, skal Hemingway ha sagt, skriv ABC News.

Interessert i det som skjer i verda? Høyr Urix sin nyaste podkast-episode:

Publisert 16.01.2026, kl. 20.19

Read Entire Article