Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_ee15e85df853fb0befaa1256eb5a29f6, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Nordmenn strøymer til Sverige skjærtorsdag - NorwayToday

Nordmenn strøymer til Sverige skjærtorsdag

23 hours ago 2


Mens skjærtorsdag er heilagdag i Noreg, er butikkane opne i Sverige. Det gjer at mange nordmenn reiser over grensa for å handle.

I tillegg har det blitt ein påsketradisjon for mange norske bilentusiastar å bruke dagen på fest og moro i Strömstad.

Mann med cowboyhatt, rutete skjorte, skinnvest og ølboks.

Robert Haraldsen har reist i mange timar for å feire påske i Sverige.

Foto: Martin Tangen Schmidt / NRK

Ein av dei som har kome langvegsfrå er Robert Haraldsen frå Ellingsøya utanfor Ålesund, som har køyrt i ti timar for å komme fram.

– Det er ein god tur, men det er verdt det.

– Kvifor gjer du dette?

– Det er bilar og samhald. Det er fint å komme hit og drikke med godt fellesskap, rett og slett. Det er berre trivsel her no.

Reduserte avgifter

Strömstad tek i mot mange nordmenn kvar påske, men i år er det venta at ekstra mange tar turen.

Onsdag halverte svenske styresmakter matmomsen og kutta i avgiftene på drivstoff.

Det førte til lange køar hos både Systembolaget, matbutikkane og ved bensinpumpene.

Også torsdag er det venta lage køar av nordmenn som skal fylle både skap, skuffer og drivstofftanken.

Men i Strömstad held Systembolaget stengt for å redusere risikoen for fyll og uro.

Roleg så langt

Politiet i Strömstad samarbeider med norsk politi for å få vite om lag kor mange som kjem på biltreffet.

I tillegg har dei fått forsterkningar frå andre politidistrikt i området.

Så langt har ting gått roleg føre seg, seier innsatsleiar Petter Widén til NRK, som seier dei har sett inn ulike tiltak for å unngå bråk.

– Vi har sperra av ein del vegar. I tillegg er Systembolaget stengt, som er førebyggande. Og så er det grensekontrollar ved Svinesund.

Svensk politimann ser i kamera. Flere biler står oppstilt i bakgrunnen.

Innsatsleiar Petter Widén i politiet i Strömstad.

Foto: Martin Tangen Schmidt / NRK

Det er uvisst kor lenge festen varer, men Widén trur mange i Strömstad synest det er moro når byen vaknar til liv.

– Eg trur folk som bur i Strömstad synest dette er gøy, og noko dei vil ha. Målet vårt er at folk skal ha det moro innanfor lovlege rammer.

Publisert 02.04.2026, kl. 13.32 Oppdatert 02.04.2026, kl. 13.55

Read Entire Article