Nordstoga: – Eg blei fanga inni eit slags erotisk nett

1 week ago 15


Odd Nordstoga sat heime på Lambertseter i fjor og skreiv så kinna blei varme og raude. Da tenkjer du kanskje at han skreiv ein låt eller to, folkemusikaren, med gitaren i fanget.

Men nei da, han skreiv på noko heilt anna.

Han var nervøs og usikker, men villa utfordre seg sjølv. Først sa han kontant nei, såg på det som ein spøk, utenkeleg, men så var det noko som pirra han.

Kunne han klare å måle fram ei fantasi? Ei oppleving som han hadde hugsa resten av livet om han hadde opplevd det som 17-åring?

– Eg blei fanga inni eit slags erotisk nett som eg ikkje kom ut av, fortel Odd Nordstoga no.

Orda kjem frå den folkekjære strupen medan me sit i Botanisk Hage i Oslo. Sola skin, det er tida for å vera våryr og Odd debuterer som skjønnlitterær erotikaforfattar.

Kva i alle dagar? Sveitt sex og utamt begjær stod ikkje øvst på assosiasjonslista for Odd Nordstoga.

Kva har skjedd med visesongaren?

Farleg terreng

Det byrja med ei melding: «Kan me pirra skrivelysta di?»

Meldinga kom frå Samlaget, forlaget til nobelprisvinnaren Jon Fosse. Dei skulle gi ut ei samling erotiske tekstar og fantasiar frå eit knippe skribentar.

Farleg terreng, tenkte Odd. Intimgrensene hans ligg langt framme, og han omtalar seg sjølv som ganske sjenert medan han ser bort for å unngå blikkontakt.

Samtidig føler han at han er ein slik person som ikkje har hatt noko særleg ungdomsopprør.

– Eg har alltid vore snill og grei og gjort ganske mykje som mor og far har sagt.

Odd innbiller seg at folk ser på han som traust og trygg.

– Så tenkte eg at eg skulle gjera éin ting som verkeleg braut med det, fortel han.

Ei slags blanding av midtlivskrise og tenåringsopprør der, altså.

– Men eg synest det var veldig vanskeleg å få det til å faktisk bli erotisk. Eg veit ikkje om eg har fått det igjennom, innrømmer han.

For som det blir peika på i forordet av lege og forfattar Ellen Støkken Dahl, er det ikkje lett å skrive godt om sex. Hinna mellom kleint og kåt, er tynn.

Foto: Ruben Grøndahl Utaker / NRK

Tunge og puppar

Odd har skrive om ei bonderomantisk hyrdingstund i myra. Det startar med at gut møter jente. Ho forsvinn, men guten oppdagar nokon andre.

Det tek ikkje lang tid før klesplagg byrjar å falla.

«Ho strekker ryggen, kryssar armane bak over hovudet, og i ein sveip forsvinn heile skjorta opp. To kvite bryst deisar ut. Trym svelgjer. Jenta lener seg attende, og brysta flyt mjuke utover bringa.»

Det er hovudpersonen Trym som observerer tre jenter som kler av seg ved eit vatn.

«No står dei der alle tre i ingenting, men aldri har Trym sett meir.»

Så tar det litt av.

«Han kjenner heile den nakne kroppen sin inne i kleda, korleis han skil lag med dei og blir si eiga form, sitt eige sveitte dyr som vil ut.»

Etter ei stund med kikking, dukkar den fyrste jenta opp og kastar seg over han.

«Tunga hennar lagar ein våt veg heilt frå bukselinningen, over den nakne magen, oppover bringa, langs halsen og opp til øyret. Puppane kjem etter, stryk mjukt over huda og legg seg varmt mot bringa. No er det hud mot hud, kropp mot kropp.»

– Det var vanskeleg å laga metaforar, seier Odd.

Men han er jo ikkje ein anerkjend skjønnlitterær forfattar. Også dei slit med å skrive godt om eksplisitt sex.

Foto: Ruben Grøndahl Utaker / NRK

– Det var sjuke greier

Monica Goksøyr er 1 av 12 forfattarar som bidrar i den nye boka. Ho vann Tarjei Vesaas' debutantpris for novellesamlinga «Slemme jenter» i 2023. Fyrst var ho motvillig til å bli med på prosjektet.

– Eit vanskeleg område å handtera, og ukjent. Eg er lite bevandra i den erotiske litteraturen. Risikabelt, tenkte eg òg, sier ho.

Men etter mykje grubling, og ein sambuar som oppmoda ho til å prøva seg, bestemte Monica seg for å sjå på det som ei utfordring.

– Eg tok oppgåva veldig seriøst. Eg tenkte eg faktisk skulle prøva å meistre denne litteraturen. Erotikken kan også vera kunst og stort og eksistensielt og universelt.

Men ho hugsar ein episode da ho var på julefesten til forlaget. Da var det nokon som sa til ho at nokon andre hadde skrive ein ironisk tekst.

– Da vart eg sånn «oi, shit». Har alle andre skrive noko ironisk, og eg er den einaste som har teke det på alvor?

Ho har skrive om eit dominerande forhold mellom ein kontorarbeidar og ein fotograf ute på Nesodden.

Foto: Ruben Grøndahl Utaker / NRK

Kvinna er lei av sambuaren som berre gamar. Ho fantaserar om eit seksuelt forhold med fotografen som instruerer ho om å likna på ei barndomsforelsking. I bakgrunnen skurrar eit mørkt traume.

Under skrivinga las Monica mellom anna den franske forfattaren Marguerite Duras for å henta inspirasjon.

– Det var sjuke greier. Altså, det var så grovt og vulgært. Heile akta er berre ein mann som sparkar ei dame som ligg på grusen utanfor huset, og han pissar på ho og ... Det var berre vondt å lesa.

Grovt og vulgært blir det også tidvis i hennar eigen tekst. Som til dømes mot slutten, da dei to ligg i graset:

«Alt ho er, er si eiga svulmande fitte. Fitta som ikkje kan romme alt, som renn over av seg sjølv, piplar ut som væske, som sikl frå ein munn, til munnen hans omsider kyssar dei verkande leppene.»

– I utgangspunktet har eg alltid ei frykt for å skrive noko kjedeleg.

Foto: Ruben Grøndahl Utaker / NRK

Betre enn Pornhub?

I dagens samfunn blir det ropt høgt om at Gen Z har mindre sex og ser for mykje på porno.

Påverkar det evna til å fantasera?

– Eg trur ikkje det er så mykje subtilitet på Pornhub, påpeikar Odd.

Monica peikar på underhaldningskulturen me har no, med konstant visuell stimuli, som ein utfordring for hjernen. Ho opplever at når ein aldri har det rommet til å dagdrøyma, så blir ein dårlegare til å fantasera.

Da kan kanskje litteraturen vera ei slags motgift.

Sjølv om dei erotiske tekstane er eksplisitte, må ein jo bruka sitt eige hovud og eigen fantasi for å visualisera handlinga.

– Eg er veldig glad for at eg hadde ein barndom utan smartphone. Det vart mykje dagdrøyming og fantasering og dagbokskriving av det, seier Monica.

Foto: Ruben Grøndahl Utaker / NRK

No gjenstår boklanseringa på verdas offisielle onanidag, 7. mai. Dei skal begge lesa høgt. Det kan jo fort bli, ja ...

– Det er ei mini-kjensle av at du hamnar i eit slags uføre, som at du har gjort noko og må gå av som statsråd, forklarar Odd.

Dei vil helst ikkje at familiemedlemmer skal lesa eller høyra tekstane, men innser likefullt at den kampen kan vera tapt.

Men dei kjem ikkje akkurat til å gi boka i julegåve.

Read Entire Article