– Den rike delen av verda må ta eit større ansvar for å utdanne sjukepleiarar for å dekke landa sine eigne behov. Det gjeld ikkje minst Noreg, som er eit av verdas rikaste land.
Det seier forhandlingssjef i det svenske sjukepleiarforbundet – Vårdförbundet, Mathias Åstrøm.
Ferske tal frå Nav viser at Noreg manglar 3100 sjukepleiarar og at dette kan mangedoble innan 10 år. Av vel 100.000 sjukepleiarar i Noreg, kjem om lag 13.000 frå utlandet.
57 prosent kjem frå Europa, 28 prosent frå Asia og 12 prosent frå Afrika.
Må utsetje operasjonar
Sverige manglar sjølv mange sjukepleiarar, og Åstrøm likar ikkje at vi lokkar svenske sjukepleiarar til Noreg. Det jobbar for tida 1500 svenske sjukepleiarar i Noreg, ifølgje Vårdförbundet.
– Mangel på pleiarar fører til stengde avdelingar, utsette operasjonar og lengre ventelister for å få hjelp, seier han.
Noreg, som er eit av verdas rikaste land, må kunne vere sjølvforsynt med sjukepleiarar, meiner forhandlingssjef i det svenske Sjukepleiarforbundet, Mathias Åstrøm.
Foto: ULFHUETT / ULFHUETTÅstrøm meiner det er spesielt ille at Noreg hentar sjukepleiarar frå land som India, som sjølv har stor mangel på pleiarar.
– Det blir uetisk når ein medvite ikkje utdannar nok eigne sjukepleiar og systematisk hentar pleiarar frå utlandet.
Også det norske sjukepleieforbundet er kritisk til den store importen av utanlandske sjukepleiarar.
– Det blir feil og uetisk at vi rekrutterer inn sjukepleiarar frå land som i sterk grad treng dei sjølv, seier Bård Eirik Ruud, i Norsk sjukepleiarforbund.
.
Noreg må utdanne langt fleire sjukepleiarar, meiner Bård Eirik Ruud i Norsk sjukepleiarforbund. Han likar ikkje at vi hentar sjukepleiarar frå land som treng dei sjølv.
Foto: Jon Fredrik Braadland-KonstaliKjem frå 17 ulike land
Mellom 50 og 60 ulike vikarbyrå rekrutterer utanlandsk helsepersonell til Noreg.
Eit av dei er Focus Care i Trondheim.
Sidan starten i 2010 har selskapet rekruttert 1000 sjukepleiarar til landet vårt.
Dei har kome frå Estland, Frankrike, Hellas, Belarus, Italia, Latvia, Noreg, Polen, Portugal, Romania, Slovakia, Spania, Sverige, Tsjekkia, Tyskland og Ukraina.
Det nye er at dei også hentar sjukepleiarar frå India. Så langt har dei henta 17 sjukepleiarar frå India.
Meiner framstillinga blir for enkel
Dagleg leiar Monica Solhaug Hansen i Focus Care forstår at det kan bli reagert på at ein hentar sjukepleiarar frå utlandet.
Samtidig meiner ho kritikken bygger på ei forenkla framstilling. Når det gjeld rekrutteringa frå India skriv ho mellom anna følgjande i ein e-post til NRK:
«India er i dag verdas femte største økonomi, med høg utdanningsstandard innan helse, og myndigheitene der har ein medviten strategi om å utdanne sjukepleiarar både til eige behov og til internasjonal arbeidsmobilitet».
Her ser du heile svaret til Focus Care:
I verdstoppen på sjukepleiardekning
Tal frå SSB viser derimot at Inda har berre 1,96 sjukepleiar per 1000 innbyggjarar. Det tilsvarande talet i Noreg er 17,9 per 1000 innbyggjarar. Likevel vil Noreg ha fleire.
Tala viser sjukepleiarar per 1000 innbyggarar:
Sveits: 18
Noreg: 17,9
Sverige: 10,9
Danmark: 10,1
Litauen: 7,52
Romania: 6,7
Spania: 6,28
Italia: 6,22
India: 1,96
Brukar 3 milliardar på innleige
Spesielt i Utkant-Noreg slit dei med å rekruttere nok sjukepleiarar til å innfri dei høge norske krava til sjukepleiardekning.
Den vesle kommunen Bremanger i Vestland med vel 3000 innbyggarar har dei to siste åra brukt 45.000 millionar kroner på å leige inn utanlandske pleiarar.
Ein av dei er ukrainske Illia Zelenskyi som er hyra inn via vikarbyrå.
Han trivst godt som vikar, men meiner det blir feil å betale dobbelt for han, utan å auke løna til faste tilsette.
I 2023 brukte Noreg 3 milliardar kroner på å leige inn utanlandske sjukepleiarar.
Illia Zelenskyi frå Ukraina jobbar som sjukepleiar i Bremanger kommune. Han er rekruttert via eit vikarbyrå.
Foto: Bård Siem / NRKKan ikkje tillate seg å ha dårleg samvit
Helse og sosialsjef i kommunen, Randi Ytrehus, fortel at stillingar blir ståande ledige dersom dei ikkje leiger inn frå utlandet.
– Vi må dessverre rekruttere via vikarbyrå. Det er ikkje noko ønska situasjon og det blir om lag dobbelt så dyrt, seier ho.
– Men er det rett å hente ut viktig helsepersonell frå utlandet når dei trengst så sårt der dei kjem ifrå?
– Det er eit veldig viktig spørsmål. Men eg kan ikkje tillate meg å ha dårleg samvit fordi vi har våre krav til oss. Vi skal yte forsvarlege tenester til innbyggarane våre i Bremangar.
Helse og sosialsjef i Bremanger kommune, Randi Ytrehus, fortel at ho kan ikkje tillate seg å ha dårleg samvit for at ho hentar sjukepleiarar frå utlandet.
Foto: Bård Siem / NRKStøre og Solberg avviser kritikk
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) meiner det er uheldig at vi må hente mange sjukepleiarar frå utlandet.
Han påpeikar at vi må utdanne fleire og jobbe for å unngå at dei forlèt yrket. Samtidig avviser han at det er uetisk å hente inn sjukepleiarar frå til dømes Sverige.
– Nei, det meiner eg er ein dryg påstand. Dette er ein del av den opne arbeidsmarknaden i Norden, seier han.
Statsminister Jonas Gahr Støre og Høgre-leiar Erna Solberg avviser at det er uetisk å hente utanlandske sjukepleiarar til Noreg.
Foto: Ole Martin Wold / NRKHøgre-leiar Erna Solberg avviser at det er uetisk å leige inn utanlandske sjukepleiarar.
– Alle som jobbar har ein fri rett til å søkje jobb der dei vil. Vi må slutte å tru at kvart enkelt land kan eige sjukepleiarar og helsepersonell, seier ho.
Publisert 16.09.2025, kl. 15.41 Oppdatert 16.09.2025, kl. 15.56