Kor mykje torsk skal norske fiskarar få ta opp? Og skal ein få fiske i russisk økonomisk sone?
Det er noko av det som skal diskuterast når Noreg og Russland skal ha fiskeriforhandlingar om berre kort tid.
Vanlegvis er desse forhandlingane i oktober, men enn så lenge er det ikkje sett ein dato for desse forhandlingane.
Russland har i tida fram mot samtalane trua med å stenge norske fiskarar ute frå russisk økonomisk sone i Barentshavet.
Dette var tema i Helgemorgen laurdag.
Det ein allereie veit, er at det er foreslått å senke kvoten betrakteleg.
Kor mykje torsk skal opp av havet? Det er eit av spørsmåla før dei norsk-russiske fiskeriforhandlingane.
Foto: Gunnar Sætra / NRKSom NRK tidlegare i år har vist, tilrår forskarane at det ikkje blir fiska meir enn 269.440 tonn nordøstarktisk torsk i 2026.
Dette er 14 prosent lågare enn kvoterådet for 2025 og 21 prosent lågare enn fastsett kvote for 2025.
Tiltak for torsken
Geir Huse, forskingsdirektør i Havforskningsinstituttet, seier kvoteråda er basert på forskinga dei har gjort på bestanden i Barentshavet.
– Vår oppgåve er å forklare situasjonen. Den er til dels ganske kritisk, spesielt når det gjeld torsk.
Geir Huse er forskingsdirektør i Havforskningsinstituttet. Han meiner kuttet i kvoten er naudsynt for arten.
Foto: Havforskningsinstituttet / Erlend Astad Lorentzen / HavforskningsinstituttetÅ kutte kvoten med 21 prosent er eit historisk lågt nivå. Det trur Huse blir tøft for fiskarane, men det er naudsynt for arten, meiner han.
– Det må vi gjere sånn at bestanden også veks og gir grunnlag for betre kvotar i framtida. Vi skal fiske torsk om tre år, fire år og ti år, så det er viktig å tenke langsiktig her.
Huse seier at russiske forskarar ser noko av det same.
– Dei ser den same trenden og diskuterer tiltak.
Betre enn forskarane seier
Dramatisk.
Det er dommen frå Roger Hansen, leiar i Fiskarlaget Nord.
Det vil få dramatiske konsekvensar at fiskarane får ta opp mindre torsk enn før.
– Dette vil få svært store konsekvensar for kysten, både for flåten, landindustrien og kystsamfunna, seier han og legg til ein frustrasjon:
– Det er berre forskarane vi må forhalde oss til. Men meldingane eg får frå havet, og som eg også ser sjølv, er at det kanskje ikkje står så gale til med torskebestanden.
Roger Hansen, styreleiar i Fiskarlaget Nord, trur vil bli dramatisk.
Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRKFattig trøyst at torsken er dyr
Fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) seier det ikkje er tvil om at det er tøffe år vi er inne i når det gjeld fiskeri, og spesielt for torsken. Fiskarane har dei siste åra fått ta opp mindre og mindre av den høgt elska matfisken.
– For fiskarane sin del har det vore ein fattig trøyst at prisane på torsk er veldig gode no. Dei gode prisane har langt på veg kompensert for den låge kvoten, seier Næss.
Marianne Sivertsen Næss (Ap) er fiskeriminister, og seier det er viktig å høyre på forskarane når kvoten skal setjast.
Foto: NRKStatsråden peiker på at det har store konsekvensar for industrien på land at det er mindre fisk som skal tilarbeidast.
– Kor mykje lyttar du til fiskarane når kvoten skal setjast?
– Først og fremst må vi lytte til forskarane. Det er den beste kunnskapen vi har, svarar Næss og legg til:
– Så trur eg det er eit potensial er å lytte enda meir til fiskarane og sjå på korleis vi kan ha ein metodikk for å ta inn kunnskapen og dataa dei ser, både fysisk og det å dokumentere når dei er ute i felt.
Vil halde fast i samarbeidet
Trass i at Russland driv krigføring i Ukraina, er det altså framleis eit samarbeid mellom Noreg og Russland når det gjeld fiske i Barentshavet. Likevel knakar det i festane.
Russland truar med å stenge norske fiskarar ute frå russisk økonomisk sone.
– Kor viktig blir forhandlingane i år, sett i lys av den sikkerheitspolitiske situasjonen?
– Det å halde fram samarbeidet er noko vi ønsker. Vi er opptatt av å halde fram med dialogen og samtalen, og sjå på korleis vi kan følgje opp den felles forskinga, korleis vi sikrar kvoteråda og ikkje minst den aktiviteten vi har i Barentshavet, seier Næss.
Redaktør: Farleg for torsken
Ansvarleg redaktør i Fiskeribladet, Øystein Hage, trur det blir veldig spennande forhandlingar med naboen i aust i år.
– Russarane har jo vore veldig harde på at dei vil fiske i norsk økonomisk sone. Og det er vel kanskje der spesielt konflikten ligg. Konsekvensen, som dei har sagt, er at dei trekk seg i avtalen, seier Hage, som trur russarane står enda hardare på enn før.
Det kan få konsekvensar, det også.
Torsken står i fare, meiner ansvarleg redaktør i Fiskeribladet, Øystein Hage.
Foto: Lena Knutli– Da vi russarane fiske meir av torsken i sin eigen sone. Der er fisken mindre i storleik, og da vil du ta ut meir av fisken når den er yngre og i større volum, som igjen svekkjer bestanden. Det er ganske alvorleg om ein ikkje klarer å bli einig her, meiner Hage og legg til:
– Utan ein avtale, trur eg det kan bli farleg for torsken.
Endar ein opp utan ein avtale, kan landa setje sine eigne kvotar, og ein kan ende opp med å fiske meir enn totalkvoten. Det uroar Hage:
– Dette kan få stor tyding over lang, lang tid. Og som igjen vil kunne ramme det norske samfunnet veldig hardt, spesielt i nord.
Publisert 11.10.2025, kl. 12.32